Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Aase R Sæther

[#8333] Nåla Audun i canadisk høystakk

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Sidan det no ynglar av gode idear i forumet, vil eg høyre om det er nokon som har noko å tilføre i følgjande vanskelege sak:Anna Petrine Knutsdtr Skrøppa, f. i Breim (Gloppen) i 1874, utdanna seg til lærar og er å finne i Tana ved folketellinga 1900. Der er også Johannes Reiersen, folkeskolelærer frå Skjervøy, og i 1906 vart det ekteskap mellom dei. Sonen Audun er fødd i 1907.Ekteskapet var nok ingen suksess, for i 1910 finn eg Anna Reiersen (Skræppe), kirkesangers hustru, med sonen Audun (3 år) i listene over amerikafararar. Anna oppgir då bustad Breim, og påberopar seg at ho skal besøke derboende familie i USA, 'kun på besøg'.Den derboende familien kan vere broren Mathias, som hadde gard nær Ortonville, Mn, eller ein annan bror i Minneapolis. (Desse brørne hadde forresten ikkje etterkomarar). Uansett vart det absolutt ikkje noko kortvarig besøk - Anna og Audun vart verande der borte. Ho reiste i august, og unngår dermed 1910-censusen.Heime i Noreg gifte Johannes Reiersen seg på nytt, og fekk familie. Det fyrste ekteskapet var eit 'ikkje-tema', men det eksisterer eit notat der Johannes fortel at siste kjende kontakt med Anna var ca 1912, då ho var busett i Erickson, Manitoba, Canada, og brukte etternamnet Knutsen. Han skriv vidare at Audun er død tidleg.I Anna sin familie var det heller ikkje så stor kontakt over havet. Det vert meint at ho gifte seg att, at ho dreiv ein farm åleine i lang tid, og at ho hadde fleire born, men ingen ting er sikkert.Det som derimot er sikkert er at det i 1931 kom eit brev frå Canada om at Anna var avgått ved døden. Brevet var på engelsk, og sendt av Audun, som då avgjort ikkje var død like vel. Ingen kunne engelsk i familien, og kontakten vart ikkje halden. Det er heller ingen som er heilt sikre på kva etternamn han skreiv under med, men det var namnet Audun som var brukt, ikkje noka anglifisering av noko slag.Umuleg? Ja, sikkert, men eg tek med takk mot idear av alle slag. Eg er klar over at Anna Knutsen(son) er eit vanskeleg namn, og at ho i tillegg kan ha gifta seg til eit nytt, men Audun --

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Nina M.Nordby

Antakelig fikk hun en ny sønn som hun også ga navnet Audun, det kan være så enkelt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

Hei! Hvor reiste hun fra? Og hvilken dato? Det tar tid å finne det og.... (du har jo allerede funnet det? :o)'Laila

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Ho står i emigrantprotokollen frå Bergen 26.08.1910, reiser med Canadian Pacific og skal til Chicago Ill, 'kun på besøg'. At Audun verkeleg døydde og vart oppkalla på nytt der borte er sjølvsagt ein tanke - og i så fall har eg ikkje ein gong eit fødselsår å forholde meg til.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

Trukkerujefantadua!!!! Tror det hvertfall! I en index, British Colombia Death Index: Knutson, Anna Petrina, 58 years old, death-date 26. mars 1931 sted Pouce Coupe. Reg#1931-09-465504 BCA# B13143 GSU#1952654 (ikke spør meg hva de nr. betyr!!, men du kan sikkert ha glede av dem her: http://www.vs.gov.bc.ca/death/certificate.htmlIngen reg. som Audun K.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

Hvis andre er int. i denne basen: British Colombia vital recordsLaila

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Bjerke

Vet du når på året Audun er født? Du har sikkert sett ham, men det er altså bare en person i SSD som heter Audun og er født i 1907, Audun Moe (født 24.6).Navnet Audun kan være vanskelig nok på engelsk. Det merket vi da vår sønn Audun skulle introduseres for amerikanske slektninger. Fortsatt aner de nok ikke hvordan de skal bokstavere navnet de (nesten) lærte å uttale.Rune

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Laila, du er utruleg! Dette er nok dama, ja. Og eit death certificate vil vel gje svar på etterkomarar óg?Audun kan godt ha brukt Reiersen-namnet etter faren. Eg har fødselsdatoen hans ein stad, men finn han ikkje att akkurat no.Takkar for hjelpa så langt!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hans Myhre

Hei Aase, et death certificate vil gi hvor død, hvem som er informant (kanskje slektning, det vil av og til fremgå) og hvor vedkommede er gravlagt. Da kan man ta kontakt med the Funeral Home (begravelsesbyrået) og gravplassen for å få mer opplysninger. Siden du nå har gode opplysninger, bestill papiret fra BC-arkivet. Hans Myhre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Berre ein situasjonsrapport: Litt nærare søking i basar for British Columbia førte til at eg fann følgjande dødsinnførsle 12.6.1932, også i Pouce Coupe: ANDUN Knutsen, 25 y.o. - dvs f.ca. 1907. Dette liknar mistenkeleg på min mann..

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

Det blir spennende å høre når du får dødsattestene, Aase! Laila

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Ei tilbakemelding her óg: Eg fekk brått eit svar på etterlysninga som eg hadde lagt inn på Rootsweb. Ein hyggeleg canadiar tilbaud seg for ein mindre sum å undersøkje i Pouce Coupe, som han ikkje budde så langt unna. Og i dag ligg resultatet føre: Det ER (96 % sikkert) våre folk, og han har fotografert gravstaden der dei ligg og mykje anna interessant. Det triste er at Audun døydde utan etterkomarar (drukna forresten i ei elv då han berga ei badande kvinne) - men derimot framgår det av papira at han hadde ei halvsyster! Så då står eg der, med ei endå mindre nål i ein endå større høystakk: Eg leitar etter Margaret Knutson, fødd etter 1912 i Canada!!Håpet er at min gode kontakt skal kunne finne andre lokale kjelder der borte, som kanskje om ikkje anna kan gje meg ein meir eksakt førselsdato på Margaret. Framhald følgjer - kanskje!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.