Gå til innhold
Arkivverket

[#8420] Asbjørn Stenehjem, Sogndal.


Gjest Terje Hagen
 Del

Recommended Posts

Gjest Terje Hagen

Var det to forskjellige Asbjørn på garden Stenehjem omkring 1750 og utover? I så tilfelle, kven av dei hadde ei dotter med namnet Kari og fødd 1753? Etter SF-arkivet si kyrkjeboki så finn me ein Asbjørn Nilss. og ein Asbjørn Steens.Det har seg slik at eg prøver å finne foreldri til Kari Asbjørnsd. Stenehjem, fødd 1753, av foreldra Asbjørn Steens og Ingrid Johannesd Stenehjem, dette er etter kyrkjeboki. Og som vart gift 1778 med Peter Espenson Stenehjem, (1743-1812) også skifte 12b-565b. I ett skifte etter Asbjørn Nilss Stenehjem er det nemnd ei Kari på samme alder, 24 år.I skifte 8b-478b etter Asbjørn Nilss. Finn me ei Kari dotter 24 år og som kan høve med den Kari som eg har og ei enke Ingeborg.SF-fylkesarkiv. Finn me under fødde:Lars Asbjørnson fødd 1747 foreldre Asbjørn Steens og Guri Olsd. Nes Kari Asbjørnsdtr. Fødd 1753 foreldre Asbjørn Steens og Ingrid Johannesd Stenehjem Nils Asbjørnson fødd 1755 foreldre Asbjørn Nilss og Ingrid Johannesd Stenehjem Johannes Asbjørns fødd 1758 foreldre Asbjørn Nilss og Ingrid Johannesd Stenehjem Ole Asbjørnson fødd 1761 foreldre Asbjørn Nilss og Ingrid Johannesd Stenehjem Anders Asbjørns fødd 1766 foreldre Asbjørn og Ingrid StenehjemUnder ekteskap:Asbjørn Nilss Stenehjem gift 1740 med Berta Andersd. Stenehjem Asbjørn Nilss. Stenehjem gift 1752 med Ingrid Johannesd Baten Asbjørn Steens Nes gift 1740 med Guri Olsd. FlatlandI skiftet for 1777 etter Asbjørn Nilss Stenehjem er desse personane nemnde:1. Ingeborg Johannesd enka 2. Johannes Asbjørnson 17 år son 3. Kari Asbjørnsd 24 år dotter, ikkje nemnd i kyrkjeboki for fødde. 4. Ole Asbjørnson 15 år son 5. Nils Asbjørnson 22 år sonI skiftet for 1752 etter Berta (Brithe) Andersd Stenehjem er desse personane nemnde:1. Asbjørn Nilss enkemannen 2. Anders Asbjørns 8 år Son 3. Mari Asbjørnsd. 4 år Dotter 4. Brithe Asbjørnsd. 10 år DotterEg kan ikkje finne skifte etter Ingrid Johannesd Baten, men det ser ut som ho er med i FT-1801, Stenehjem.Etter alt dette, er det kanskje feilsitat frå SF-arkivet då dei har skrevet at Kari er dotter av Asbjørn Steens Stenehjem, eller hadde desse to Asbjørn-ane kvar si dotte med namnet Kari og fødde på same tida?Mvh Terje Hagen, Årdalstangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Solfrid Vestaberg Ormøy

Uten at jeg kan svare deg på ovennevnte så lurer jeg på for egen del om følgende personer er i samme slekt: Ola Johannesen f. 1784 Elvehjem, Sogndal gift med Barbra Oladatter f. Schel, Slidre. De fikk 5 barn som jeg vet om: Anna, Johannes, Ola (Stenehjem min forfader), Jakop og Berta.Kjenner du noe til denne slekten?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hagen

No på sparket kan eg ikkje sjå nokon forbindelse mellom disse folki og Stenehjem. Eg ser i SF-arkivet at dette kan være Ole Johannesson, son av Johannes Ingebrigtson og Gjertrud Iversdtr. Elvagjeng, gift 1818 Barbra Olsdtr. Schel.Ole og Barbra fekk Gjertrud i 1817 mens dei budde på Elvagjeng. Elles fekk dei desse ungane mens dei budde på Vikheim, Anna i 1819, Johannes i 1823, Ole i 1826, Jacob i 1829, Bertha i 1833. Dette skulle bli seks barn.Elles så kjenner eg ikkje til denne slekti.Mvh Terje Hagen, Årdalstangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Ingrid Johannesdotter frå Baten i Hafslo fekk i ekteskapet med Asbjørn Nilsson Stenehjem fem born, og det kan ikkje herska mykje tvil om at Kari Asbjørnsdotter, f. 1753, var dotter hennar, oppkalla etter mori på Hafslo! FamilySearch har same feilen, so denne gongen er det nok presten som har 'bomma'!Og, som du sikkert òg har oppdaga, døypte Kari eldste dotter si opp etter mori, Ingrid.Dei tre borni som vert nemnde i skiftet etter Britha Andersdotter Stenehjem i 1752, døydde alle barnlause før far deira og er soleis ikkje nemnde i skifet hans!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hagen

Tusen takk for opplysningene Lars, eg føler at eg er i trygge hender!Denne Kari har vore eit problem ei stund, teke ho fram og lagt ho til side fleire gonger, til no i det siste. Problemet har vore faren, så eg er ikkje komen så langt at eg har sett på mori. Eg viste ikkje at mori kom i frå Baten, før eg såg dette skiftet. Det var no namnet til faren som lurte meg litt og då fekk eg problemer med farsida henna Kari, det var ingenting som stemte.Tilbake til syskini til ho Kari, kan det tenkast at denne barneflokke kunne ha vore seks av dei? Eg ser to Anders Asbjørnson Stenehjem, død 1764 og 1766?Mvh. Terje Hagen Årdalstangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.