Gå til innhold
Arkivverket

[#8439] Karl Erdmann Eliassen ?


Gjest Helga Kallevik
 Del

Recommended Posts

Gjest Helga Kallevik

Eg prøver å hjelpe Elsie i USA med å finne opplysningar om slekta si. Ho er interessert i informasjon om Karl Erdmann Eliassen fødd i Haugesund rundt 1916. Foreldra var Karl Johan Eliassen f. 1865 og Ingeborg(?). Dette var andre ekteskapet til Karl Johan som var bestefaren til Elsie. Han var først gift med Johanne f.1866 d.1911. Johanne var bestemora til Elsie. Familien budde i Haugesund til tidleg i 1920 åra, deretter flytta dei til Stavanger der Karl Johan jobba på Rosenberg verft. Etter krigen døydde Karl Johan, og dei høyrde ein gong frå sonen Karl Erdmann. Han var då gift og hadde dattera Kate. Ho trur dei budde i Horten. Foreldra til Elsie emigrete frå Haugesund til USA på 1920 talet då ho var lita. Er det nokon som kan hjelpa henne med informasjon om denne Karl Ermann Eliassen ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Karl Johan Eliassen var fødd i Bergen i 1865 (far til Karl Erdmann). Foreldra til Karl Johan var Elias Hellesen Erdmann fødd i Mosterhamn rundt 1830.Elsie Eliassen Roof etterlyser informasjon om etterkommere i denne slekta. Ho var sjølv fødd i Haugesund i 1921 og emigrerte til USA i 1923.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Helga Kallevik

Karl Johan Eliassen som Elsie etterlyser var oldebarnet til Helle Juel Erdmann (1758-1832) som kom til Mosterhamn, Bømlo som overtollbetjent. Han hadde ma. sonen Helle Juel(jr)f.1797, som igjen hadde sonen Elias Hellesen f.1830. Elias var gift med Kathrine Hansdatter Dalsøren frå Sogn (Sunnfjord). Dei busette seg til slutt i Bergen, og her vart Karl Johan Elissen født i 1865. Karl Johan flytte seinare til Haugesund, og det er hans etterkommere Elsie no ynskjer informasjon om. Kjenner nokon til denne familien ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Peder Svein Grønås

Håpar du framleis er innom denne sida av og til, for eg kjenner faktisk eindel til denne familien. Eg har m.a. eit brev som eg i si tid (tidleg 80-tal)fekk frå Hanna Eliassen, kona til Karl Erdmann Eliassen, fødd 25. mai 1916. Så dersom Elsie framleis er interessert, be ho ta kontakt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Takk for sist foresten, var det ikkje deg og familien eg traff i London ein gong på 90-talet??? Eg var der på ferie saman med Winnie.Denne etterlysinga her hadde eg heilt gløymt, får sporadisk spørsmål frå folk i USA som etterlyser slekt i Norge (pga. at eg sjølv har etterlysingar liggjande ute på slektsider der borte). Eg har ikkje hatt kontakt med denne Elise på 2 år, så eg veit ikkje om eg finn att adressa hennar, men skal i alle høve sjå etter.mvh Helga Kallevik Mosterhamn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...
Gjest Vibeke Hansen

Hei! Da vil jeg tro at min tippoldemor Kristine Eliasdtr. F:1853 er Karl Johan Elissen født i 1865 storesøster. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.