Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Terje Hatvik

[#8515] Kvar er Gudmund Aasgard, f. 1831 i Lindås, i 1865?

Recommended Posts

Gjest Terje Hatvik

Hei! Er det nokon som kan fortelja meg kvar eg kan finna Gudmund Ivarson Aasgard/Aasgaard i FT for 1865? Eg kan diverre ikkje finna han-.Gudmund var son av gardbrukar Ivar Aasgard i Myking sokn i Lindås, og var fødd der i 1831. Han døydde i Ytre Arna sokn i Haus (no Bergen) den 22. mai 1877. Gudmund var farfar til mi mormor.Gudmund Ivarson budde etter det eg veit ei tid på garden Sælen i Fana (no Fyllingsdalen) ikr. 1865, var så jakteskipper m/eiga Hardangerjakt og handelsmann.I 1868 løyser han handelsbrev i Rognaldsvågen i Kinn (no Florø), og våren 1875 vert han handelsmann i fabrikkstaden Ytre Arna.Han var gift med Ingeborg Larsdtr. Eide frå Ostereidet i Hosanger, f. 1848, d. 1917. Paret fekk to gutar: Ivar Olai f. 7. sept 1873, handelsmann etter faren i Y.Arna; og Gustav Nicolai, f. 1. jan 1875, tannlækjar i Bergen.Ein eldre bror av Gudmund Aasgard, Berge Ivarson; vart bonde på Sælen. Eg har høyrt at Gudmund òg hadde eit gardsbruk der ei tid, men at han ikkje likte å vera bonde, selde difor garden og vart handelsmann i staden.Eg kan - trass mange forsøk - ikkje finna han i FT for 1865, men kanskje andre har gjort det ?I så fall er eg takksam for informasjon.Mvh., Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Retting til ovanståande:'Handelsmand' Gudmund I. Aasgaard/Aasgard døyr i Ytre Arna den 26. mai 1877, - ikkje den 22. som eg skreiv. Kona hans, Ingeborg L. Aasgaard, f. Eide, døyr den 03. august 1917.Far til Gudmund Ivarson Aasgaard skal ha vore ein 3.menning av presten Nicolai Wergeland, far til mellom anna diktaren Henrik; - Gudmund og Henrik var mao. 4.menningar. Men bortsett frå at både Wergeland og Aasgaard kom frå Hosanger og Lindaas i dagens Lindås kan eg diverre ikkje stadfesta denne opplysninga.Mvh., Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

I Frode Ulvund sin eminente database 'Innsette i fengselet i Bergen 1850 - 1875' fann eg faktisk Gudmund I. Aasgard, han vart 'bura inn' den 09. august 1859:1328/l.nr 103/Gaardmand/Gudmund Iversen/Aasgaard/-Fane P./inn 09.8/1859I databasen står det ikkje noko om kva årsaka var. Eg finn ikkje Gudmund Ivarson att i oversynet over tukthusfangar og/eller dei som var 'i slaveriet', som det står. Tyder dét at fengslinga 09. august 1859 kan skuldast eit mindre alvorleg bròt på straffelova (som til dømes fyll, slagsmål og/eller ordensforstyrring), eller tek eg heilt feil her?Difor, er det mogleg å finna ut kva bròtsverk Gudmund I. Aasgaard vart fengsla for? og -ikkje minst- kva den utmålte straffa vart i mnd. og år?På førehand takk!Mvh., Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Eg tillet meg å løfta denne tråden fram igjen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.