Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Ingrid Gillesøy

[#8624] Anna B. frå Landro på Sotra ?

Recommended Posts

Gjest Ingrid Gillesøy

Kan nokon hjelpe meg å finne ut kven denne Anna B. var? Ho var gift med Nils Bastesen Haugland Stien, f. på Askøy / Herdla 12.2.1881. På gravsteinen er fødselsdato til Anna B. oppgjeve til 25.10.1885. Ho skulle visst nok være frå Landro, evt. med farsnamn Olsdtr. eller Nilsdtr. Men eg finn ingen i 1900-teljinga som passar.Eg har funne to med namn Anna Bertina f. 1885 og 1886, men dei er frå Aase og Kobbeltvedt, (etternamn Nielsdtr. og Pedersdtr). Eg kan heller ikkje finne paret gift på Askøy eller i Bergen.Kvar vart dei vigde, og kva gard kom ho eigentleg frå??

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Stien låg i Meland/Hamre på den tida.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ingrid Gillesøy

Ja, det høyrde nok til under Meland då, men her ligg diverre ikkje noko liste for vigde i Meland her på DA. Dessutan reknar eg med dei vart vigde etter 1900. Eldste sonen vart fødd i 1905.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg vil tru at dei anten er vigde i Fjell, Herdla eller Meland. Sjølv om du ikkje finn nokon Anne B. på Landro i 1900, er ho då 15 år gamal og sikkert i teneste ein annan stad. For å vere sikker, må du gå inn i kyrkjeboka for - eg vil tru Fjell - og sjå om du finn henne kring den oppgjevne dato. Det er nok lettaste starten, evt. å leite etter vigsla, men det kan nok ta litt lengre tid. Eg vil tru du kan få kyrkjebøkene på film eller filmkort. Eller vone på at nokon som les dette, forbarmar seg over deg og ser etter dersom dei har tilgang til bøkene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Bjerke

Den jeg kjenner som vet mest om slektene fra Landro i Fjell er Tore Turøy. Han har tydeligvis ikke lest dette debattinnlegget, ellers ville han sikkert ha svart. Jeg har e-postadressen hans, som du kan få hvis du mailer meg på rubje2@online.no.Rune

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Turøy

Hei.Det er rett at eg held på med å med å forska på Landro, og både Bjørn og Rune har hjelpt meg. Takk for det.Den einaste kandidaten som eg kan finna på Landro i det aktuelle året, er Anna Bothilde Martinusdatter. Eg har ikkje fødselsdatoen tilgjengeleg no, men ho var født i 1885. I teljinga i 1900 finn du henne i teneste hos Kristian Andersen Landro.Foreldra til Anna Bothilde heitte Martinus Monsen Landro (1849-1918) og Rakel Karina Martinusdatter (1862-1916). Mora, Rakel, var født på Nordre Haugland på Askøy (dengong Herdla). Nordre Haugland er ikkje langt frå Stien, så det taler for at det er den rette. Men vi må sjekka vigselen for å vere sikker. Eg skal sjå om dei var vigsla i Fjell, men de får vente til over helga.Ein annan ting som tyder på at det er den rette, er at farfaren til Anna B., Mons Andersen Landro også var født på Stien (eller Åsebø).Eg skal koma attende dersom eg finn meir handfaste prov.Tore T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ingrid Gillesøy

Takk til deg, Tore. Det er nok mogeleg at dette kan være rett Anna. Det einaste eg reagerar på, er namna i denne familien - Eg meinar; Dei kjem ofte att i neste generasjon. Anna og Nils fekk 15 born. Den einaste av dei, der namnet kan relaterast til denne Martinus-familien, er eldste sonen, Bernt Martin. Det kan truleg være etter bestefedrane, då Baste og Martinus.(Det kan vel likevel dukke opp fleire namnelikheiter ved vidare gransking ?)Eg håpar du kan finne ei vigsle, eller ein dåp, som kan stadfeste denne Anna. -Uansett; Takk for innspelet!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Anna Bothilde, datter av fisker Martinus Monsen Landro og kone Rakel Karine Martinusdatter, var født i Fjell sokn 25. oktober 1885, hjemmedøpt 4.november 1885, og med stadfestelse av dåpen i kirken 24. januar 1886.Dette stadfester gravsteinens fødselsdato, og innleggene ovenfor.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ingrid Gillesøy

Hjarteleg takk for det, Yngve! Då er jo saken klar. Ha ei god helg! Mvh Ingrid

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Turøy

Hei igjen.Innlegget til Yngve stadfestar nok at det var ho Anna Bothilde som flytta til Stien.Du skriv i e-posten som du sendte meg at etterkomarane til Anna fortalde om slekt på Landro som kalla seg for Veiberg til etternamn. Det stemmer nok også. Ein yngre bror til Anna kalla seg (av ein eller annan grunn) for Anton Veiberg.Eg har ein del data både bakover og framover på slekta til Anna B. Eg trur eg kan fylgja slekta til Anna B attende til 1500-talet på Landro, men eg treng litt tid til å systematisera opplysningane. Eg sender deg noko på e-post om ikkje så lenge.Eg held på med å lage ei bygdebok om Landro. Så dersom nokon som les dette sit inne med opplysningar om Landro, sit eg stor pris på om dei tar kontakt. E-post: tturoey@c2i.netTore T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.