Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Terje Hatvik

[#8703] Oversyn o. norske soldatar i World War I (1914-18?

Recommended Posts

Gjest Terje Hatvik

Er det nokon lærde menn- eller kvinner der ute som veit om det ein eller annan stad finst systematiserte oversyn/publiserte oversiktar over nordmenn som deltok som soldatar og/eller befal i den Første (1.) verdskrigen - altså World War I, 28. juli 1914 - 11. november 1918) ??Ja, eg veit at Noreg var nøytralt, men eg veit òg at det var nordmenn som deltok som frivillege i til dømes dei amerikanske styrkane, både i land- og sjøstridskreftene; eller Hær og Marine, som det òg heiter. At Noreg offisielt var nøytralt hindra ikkje utvandra nordmenn i å melde seg til teneste i sitt nye heimland.Eg veit mellom anna om ein kar frå Os som vart flygar i det amerikanske flyvåpenet i Frankrike, på vestfronten,i 1917/18; truleg ein av dei aller første nordmennene som var krigsflygar - utanom flygarhelten frå Bergen då; (Jens)Tryggve Gran.Difor, finst det oppgåver/statistikk eller liknande over stridande frå 1. verdskrigen der oversyn over norske deltakarar er inkorporerte? Eg tenkjer ikkje berre på USA, men òg på tilsvarande oversyn frå Canada, Storbritannia, Belgia, Frankrike og frå Tyskland (keisarriket Tyskland) og tilsvarande.Eg er ikkje interessert i 2. verdskrigen i denne samanhengen. Den har eg lese side opp- og side ned om, men kort og godt nordmenn som deltok som stridande i verdskrigen frå 1914 til 1918.Mvh., Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Boka 'Nordfjordingernes Historie i Amerika' har eit kapittel om Soldater av Nordfjordætt - men det er som tittelen seier, berre nordfjordingar, og dei færraste av dei er fødde i Noreg, så det er vel neppe av interesse for deg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.