Gå til innhold
Arkivverket

[#9160] Kristiansand, emigrantprotokoll/-liste


Gjest Nina Møller Nordby
 Del

Recommended Posts

Gjest Nina Møller Nordby

Jeg leter etter en person som skal ha dratt fra Kr.sand i 1893, men han finnes ikke i protokollen. Er det slik at det var mulig å komme med dersom man ikke var registrert i protkollen? Vedkommende jeg leter etter var norsk, men bosatt i Sverige. Er det også slik å forstå at ikke alle som står registrert i protokollen nødvendigvis reiste over?Så til skipslistene for Kristiansand. Finnes de på statsarkivet, og finnes det en ferdig database hos utvandrersenteret? Hvorfor er det isåfall ikke mulig å samordne alt dette og lage en stor database ut av det hele? Eller er det allerede delvis gjort? Det hadde vært kjekt kun med en søkeside uavhengig av hvor de dro ifra.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Det er mogleg å vera registret utan at ein reiste; ein kan ha ombestemt seg etter registrering. I prinsippet skal alle som reiste vera registrerte, men det kan sikkert vera nokon som slapp unna.Det finst ikkje noko anna enn emigrantlistene frå politiet ved Statsakrivet i Kristiansand. Om det i tillegg finst lister for rederia, viet ikkje eg, og det er i tilfelle avhengig av kva rederie ein snakkar om. Så vidt eg veit har ikkje utvandrarsenteret noko materiale me ikkje har. Så snart alt materialet er ferdig vil me koma til å laga fellessøk i emigrantmaterialet, på same måten me no har for folketeljingar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Så vidt eg veit skal alle som reiste fyrste gong, vere registrert i ein eller annan protokoll, men det er ikkje sikkert at det var protokollen for utreisehamna. Dei skulle vel i røynda melde seg på næraste emigrasjonskontor. T.d. reiste mange av dei som er registrert i Trondheim, ut frå Oslo. Og eg veit at fleire som drog frå Kristiansand var registrert både i t.d. Bergen, Stavanger eller Arendal - utan å vere det i Kristiansand. Men eg har òg funne bergensarar som ikkje er registrert i Bergen, men i utreisehamna Kristiansand. Korleis det var med dei som budde i Sverike i høve til å reise frå norske hamnar, veit eg ikkje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Så vidt eg har forstått måtte dei visa for seg registreringsbevis frå politiet før dei kom ombord i båten. Og då trong det nok ikkje vera frå same byne, sjøl om det som oftast var det. Men dette er sjølsagt ikkje lett, særleg når folk tok båten til England for der å gå ombord i emigrantbåten.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest per helge seglsten

Fra en utålmodig sjel: Når er emigrantmaterialet ferdig? Jeg forstår det slik at det som mangler for Oslo bare er avhengig av at en travel mann skal få tid til å konvertere materialet. Men man venter kanskje på enda mer?Per Helge

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Slik eg har forstått det har denne mannen, i Oslo, no fått klar melding om at emigrantane skal ha høgste prioritet. Meir kan ikkje eg seia.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Eg veit det ikkje, men eg ville ikkje tru at eit bevis får Sverige ville bli godkjent. Men dette er ei kjensle.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nina Møller Nordby

Kan det være mulig at han var mannskap og unngikk protokollen, eller for den sakens skyld blindpassasjer? En siste mulighet kan være at lista ikke er 100% korrekt avskrevet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Han kan ha vore mannskap, og i prinsippet blindpassasjer. I tillegg kan namnet hans blitt feilstava av politiet, og sjølvsagt også av den som skreiv av. Kanskje du skulle fortelja kven du leiter etter? Det er mange her som er glupe å leita.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nina Møller Nordby

Sorry at jeg ikke har nevnt navnet hans, har gjort det under brukerforum. Navnet er Martinus Møller, 38 år, norsk, men bodde i Sverige da han emigrerte i 1893. Disse opplysningene er sakset fra Ellis Island databasen. Jeg misstenker bl.a. at det er et avvik i alderen på 10 år og at han egentlig er 48.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Då dampskipet 'Norge' gjekk sin siste dramtiske tur over dammen i 1904, kom det om bord to danskar i Kristiansand. Eg kan ikkje minnest at eg såg dei i protokollen i Kristiansand då eg skreiv den av for nokre år sidan. Dessutan kom det om bord mange folk frå Bergen og Stavanger. Dei er innførde i desse byane. Eg vil difor tru at om denne Møller kom frå t.d. Gøteborg til Kristiansand for å dra vidare til USA, så er han innført i Gøteborg og ikkje Kristiansand. Gøteborg var jo ein av dei store emigrasjonsbyane i Skandinavia.Dessutan trur eg dei som dro må ha fått eit eller anna registreringsbevis som dei seinare har teke vare på. For dei som kom heimatt og dro over på nytt, skulle i regelen ikkje førast i protokollen på nytt (sjølv om nokre av dei vart det). Det seier meg at dei må ha hatt eit dokument som sa at dei skulle sleppe registrering.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nina Møller Nordby

Takk Bjørn, dette ga meg litt vinkling på 'problemet'. Om han ble ført i Göteborg vil han da finnes på emigrantskivan? Alternativt har han mulignes vært over en gang før.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.