Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#9175] Hans Haagensen/Anna Larsdtr i Christiania

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Anna Larsdotter, fødd i Luster i Sogn 3.11.1824, flytte i ung alder til Christiania og tente på Sagene då ho 29.10.1865 gifte seg med Hans Haagensen, fødd i Gamle Aker 18.12.1832. Foreldri hans var Haagen Hanssen og Anna Antoniusdotter som den vinteren hadde tilhald hjå kjøpmann Henriksen på Smedeløkken.Hans Haagensen var teglbrennar, og han og Anna busette seg i Bentsegata 6 i Christiania (jamfør 1875 teljingi). Dei fekk to søner:* Haakon August Hansen, fødd i Christiania kring 1860* Albert Hansen, fødd i Gamle Aker 15.8.1863.Ser me på 1900-teljingi for Christiania, finn eg berre eitt alternativ for sonen Albert Hansen, ein bryggeriarbeidar, fødd i Christiania 1863, med kona Mathilde Hansen, fødd i Christiania 1864 og tre born, Amanda (1888), Anna (1892) og Alfred (1899), alle fødde i Christiania. Dei budde då i Karlstadgate 10.Kanskje er det for mykje å venta at nokon kjenner til denne huslyden frå 'Tigerstaden', men det er lov å freista! Kanskje ein eller annan kan hjelpa med å finna vigsli til Albert og Mathilde for å stadfesta sambandet mellom første og andre generasjon?Med hjarteleg takk for hjelpi!Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg tillet meg å henta fram att denne meldingi frå tre månader attende med von om at nye lesarar kan hjelpa meg?? Kanskje du, Laila, kan bidra med noko??Hjarteleg takk!Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

Hei Lars! Lurer meg på jeg, hvor var Haakon August hen i 1865? Han er jo helt til stede i 1875. Pussig Laila

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

Hei Lars! Jeg fant ingen i Karlstadgata 10 som kunne være Albert i 1901. Men, jeg rakk ikke adr.-bøkene, så jeg tar ham med meg neste gang og 8-)Laila

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.