Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Birger Forsmo

[#9207] Sjetlandsgjengen: Hvor finnes manskapsoversikten?

Recommended Posts

Gjest Birger Forsmo

Hei. Jeg forsøker å hjelpe min svigersønn til å finne mannskapslisten over de som var med i filmen om samme. En av dem var Håkon, men han vet ikke hva hans etternavn var. Det eneste han vet er at han spilte seg selv i filmen. Det gjelder bestefaren hans. Kan noen hjelpe meg med å finne denne kilden? mvh. Birger

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Frithjof Sælen gav i 1947 ut boken 'Shetlands-Larsen'. Der er det oversikt over skutene som ble brukt av Shetlandsgjengen, og det er oversikter over en god del av sjøfolkene, men boken, som er på godt over 400 sider, har ikke register, slik at det ikke er raskt gjort å skaffe seg en oversikt.Ellers vil formodentlig både Nordsjømuseet og Forsvarsmuseet kunne ha gode muligheter til å besvare spørsmålet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Birger Forsmo

Takk Yngve for svaret. Har disse egne søkesider? Jeg går utfra at boken kan lånes på Biblioteket!? mvh. Birger

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Jeg ser jeg var litt kjapp da jeg skrev navnet på Nordsjøfartmuseet. Nettadressen er:LenkeDe kan nåes per epost: nordsjfm@online.no

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Birger Forsmo

Takk igjen, Yngve.. Jeg får forsøke å kontakte dem. mvh. Birger

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ragnhild Brænd

Ifølge The Internet Movie Database (http://us.imdb.com/Credits?0142838), er det ingen av de som spilte seg selv som het Håkon. Derimot er det en Haakon Særsten som spiller en hjemmefrontsmann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Turøy

Ifølge denne listen som eg fann under lenken Lenke var Håkon Særstein Bjørge også med i Shetlandsgjengen. Dersom han var med i filmen så spillte han sannsynligvis seg selv.Listen nedenfor viser de av Shetlandsgjengen som fikk krigskorset etter krigen. For øvrig er Leif Andreas Larsen den høyst dekorerte marineoffiser som deltok på den allierte side.Dersom det er noe spesielt du er interessert i, så har jeg boka om Sjetlands-Larsen og kan slå opp. Men som Yngve Nedrebø skriver så er boka på over 400 sider.Bjørge, Håkon Særsten, 20, utskr ledn dekksmann, 46Bjørnøy, Palmer Olavson, 18, utskr dekksmann, 43Blystad, Per , 11, utskr kvartermester, 42 (PM)Eidsheim, Ingvald Olsen, 09, utskr løytnant, 46Grotle, Baard Olav, 17, utskr kvartermester, 42Hansen, Realf Joakim, 15, utskr ledn dekksmann, 46Ingebrigtsen, Martinius , 15, utskr ledn dekksmann, 46Johannesen, Ingolf Johan, 19, utskr dekksmann, 46Klaussen, Gunnar , 18, utskr dekksmann, 46Larsen, Leif Andreas, 06, utskr kvartermester, 42, 43 2 svOvesen, Harald , 16, utskr dekksmann, 46Sundt, Rolf Carsten Paal, 20, utskr ledn dekksmann, 46

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Birger Forsmo

Hei og hjerteig takk til både Ragnhild og Tore.Det var nnemlig Håkon (Haakon) Særstein jeg var ute etter. Jeg har nemlig nå i kveld fått bekreftet dette fra min svigersønn's mor, som gjenkjente navnet:Hjertelig takk skal dere alle ha for engasjementet. Jeg prøver nemlig å hjelpe han med å finne ut litt mer om slekta hans. mvh. Birger

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Som du kanskje vet var Håkon Særstein fra Bømlo, det står om slekta hans i Bømlo Bygdbok I. Den har jeg om du er interessert i mer. mvh Kjellaug Robberstad Petit

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Birger Forsmo

Hei Kjellaug. Hjertelig takk skal du ha. Jeg holder nemlig på med å forsøke å finne noe eksakte data om han og hans familie, men det er ikke lett uten å få fatt i kirkebøker.Det ville vært kjempeflott om du kunne gi meg noe mer 'kjøtt på beina' til denne 'Bømlingen'!Min svigersønn klarer ikke å huske noe og har vel kanskje ikke fått så mye opplysninger fra sin far før han døde.Men min datter og han ville mer enn gjerne finne ut noe mer om sin familie, hvis jeg kunne hjelpe dem.Jeg regner meg jo som amatør 'udi faget' og de er blanke på området, så da blir det som 'en blind leder en blind' og da vet vi hvordan det kan gå; de kan begge falle i grøfta!Så derfor, enda en gang, hjertelig takk om du kan hjelpe meg! Mvh. Birger

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Her er noe av det som jeg finner i boka, har ikke tid til mer nå, men jeg håper at dette kan hjelpe. Ta heller kontakt dersom det er noe mer jeg kan hjelpe med, som du ser kommer noen fra Fitjar, de har jeg ikke bygdebøker om. Dersom det gjelder fosterbarna til Håkon og Elisabeth, så har jeg vel og om dem i disse bygdebøkene. Mvh Kjellaug Robberstad PetitUtdrag av Bømlo Bygdebok I:108 Håkon Severin Jakobsen Særstein, f. 1888. G. m. Elisabet Thomasdtr. Kvittingen, Bruvik, f. 1887. Barnlause. Håkon og Elisabet fostra opp Ole Pedersen, f. 1918, g. Gåsland, Mathilde Pedersen, f. 1922, g. Urangsvåg og Sigrid og Thora Olsdtr. Nordtun. Håkon var i Amerika i ungdommen. Etter han kom heim att, dreiv han ei tid med telefonarbeid. Seinare var han med og dreiv rutebåten «Røværsfjord» og var medeigar i rutebåten «Finnås» som gjekk i rute Bergen -Bremnes til krigen kom. Håkon har vore postopnar ved Urangsvåg postopneri sidan krigen. Håkon kjøpte eigedommen i 1928. Frå 1943 til 1945 var den kverrsett av det tyske sikkerhets politi S.D. Håkon selde i 1949 og flytte til Stølo.Hans far og mor: 21 Jakob Håkonson Særstein, f. 1856, d. 1929. G. m. Serine Pedersdtr. Innvær, f. 1858, d. 1930. Born: a. Brynhild, f. 1885, g. m. lærar Jens A. Kysnes, b. i Spind. b. Håkon Severin, f. 1887, d. 1888. c. Håkon Severin, f. 1888, g. Urangsvåg. d. Sissela Pernille, f. 1892, g. Stølo. e. Peder Martin, f. 1894. Han var sjømann. Reiste til Amerika i 1914, men vart sjuk på vegen og døydde straks han kom iland. f. Marta, f. 1896, g. Stølo. g. Lars Johan, f. 1898, g. Stølo. h. Anna Henrikke, f og d. 1901. Jakob kjøpte bruket på auksjonen etter broren i 1882 og var brukar til han selde i 1920. I 1919 vart bnr. 4 utskilt. Jakob arbeidde mykje i steinberget med å ta ut gatestein, attåt gardsdrifta og fiske.Farfar og farmor: 19 Håkon Jakobson Særstein, f. 1826, d. 1904. G. m. Sissela ØrJansdtr. Rymbareid, Fitjar, f. ikr. 1821. Syskinborn. Born: a. Lars, f. 1847, d. 1863. b. Ørjan, f. 1848, g. Stølo. c. Marta, f. og d. 1850. d. Jakob, f. og d. 1852. e. Marta, f. 1853, g. Meling. f. Jakob, f. 1856, g. Stølo. g. Sissela Helene, f. 1859, g. Meling. h. Larine, f. 1863, g.i Bergen. Håkon kjøpte bruket i 1846 og var brukar til han selde i 1877. Håkon var ein lettliva kar som det går mange hermer etter. Han var mykje nytta som kjømeister i brudlaup og gravøl. Han var presten sin medhjelpar. Han var murar. I 1865 fostra Håkon 2 kyr, 28 smaler. Sådde 3/4 t. havre, I t. poteter.Oldeforeldre: 18 Jakob Larsson Stølo, f. 1785, d. 1861. G. m. Marta Håkonsdtr. Rymbareid, Fitjar, d. 75 år gl. i 1863. Born: a. Helga, f. 1813, g. Urong. b. Lars, f. og d. 1816. c. Marta, f. 1818, d. 1821. d. Lars, f. 1822, d. 1841. e. Håkon, f. 1826, g. Stølo. Jakob kjøpte bruket av farbroren i 1810, men vart ikkje brukar før i 1816. Han selde i 1846.Foreldra til Serine Pedersdtr. : 60 Peder Hansson nora Arland, Austevoll, f. 1829, d. 1910. G. m. Brynhild Andersdtr. Tormodsætre, f. 1832, d. 1907. Born: a. Serine, f. 1858, g. Stølo. b. Anders, f. 1860, g. Innvær. e. Hans, f. 1863, g. Hiskjo. d. Brynhild, f. 1866, ug. b. i Bergen. e. Jon, f. 1868, d. 1872. f. Johanne, f. 1873, g. Stølo. Peder kjøpte bruket i 1858, og var brukar til han selde i 1888. I 1865 fostra Peder 7 kyr, 13 smaler. Sådde 3 1/2 t. havre, 4 t. poteter.Foreldra til Jakob Larsson Stølo: Bruk nr. 2. Gamal skyld: '/, laup smør, 1/4 hud.Det er før nemnt at på skiftet etter Anna Endresdtr. i 1768 vart garden delt i 2 like bruk. 17 Lars Jakobson Stølo, f. 1765, d. 1802. G. m. 1. Marta Karlsdtr. Urong, f. 1759, d. 1800. Born: a. Jakob, f. 1785, g. Stølo. b. Anna, f. 1786, g. Meling. c. Karl, f. 1789, g. Steinsvåg. d. Ola, f. 1791, d. 1810. e. Marta, f. 1796, d. 1807. Lars vart oppattg. m. Anna Hansdtr. Gåsland, f. 1773. Born: f. Larine, f. 1802. G. m. Rasmus J. Lodden. Anna Hansdtr. er ikkje nemnd meir. Flytte truleg bort. Lars kom bort på ein fælsleg måte. Han var på Erevikneset og reiv lyng. Etter segna kom han i strid med Sjovat Kruneneset som velte ein stein på han medan Lars stod under eit bratt berg. Berget vart sidan kalla Larsaskorane. Det vart rettsak, og Sjovat, kona og sonen Sæbjørn var mistenkte, men vart frikjende. Lars vart obdusert, og på skiftet etter han, la futen fram rekning på obduksjonforretningen på 16 rdl., men ekkja og formyndarane sette seg imot at den vart teke med i skiftet. Dei meinte at det var ikkje dei som hadde kravt obduksjon. I skiftet etter Marta i 1801 åtte buet ei lita røykstove. Resten av husa åtte buet saman med grannen. I buet etter Lars er nemnt 3 kister, den eine vart sett noko høgare i takst enn dei andre. Lars stod seg etter måten bra. I 1779 løyste han ut systera sin part og vart eigar av heile bruket. Han var brukar til han døydde. I 1803 løyste broren bruket som før er nemnt, og var brukar til 1816.Foreldra til Lars Jakobsson Stølo: 8 Jakob Larsson Rubbestad, f. 1728, d. 1803. G. m. 1. Anna Marie Endresdtr. Stølo, f. 1729, d. 1768. Born: a. Alis, f. 1756, g. Gilje. b. Endre, f. 1759, d. for 1768. c. Endre, f. 1761, d. før 1768. d. Lars, f. 1765, g. Stølo. Jakob gifte seg oppatt m. Anna Knutsdtr. Meling, ekkja etter Peder L. Meling. Ho døydde i 1800. Born: e. Peder, f. 1769, g. Stølo. f. Anna, f. 1771, d. før 1801. I skiftet etter Anna Endresdtr. i 1768 er nemnt 7 kyr, 1 kvige, 1 kalv, 5 sauer, 9 verer, 1 geit og 1 føl, 1 kvern med alt tilhøyrande, 12 famnar makrellnot, 3 torskegarn. (Kverna stod truleg i Perabekken.) Jakob var ein drivande mann, og stod seg godt. Jakob bygsla etter verfaren i 1753. På auksjonen over Holsnøyklostergodset i 1758 kjøpte han garden og fekk kongeskøyte. Kjøpesummen var 33, rdl. 72 skill. I skiftet etter Anna Endresdtr. i 1768 vart halve garden utlagt på dei 2 borna, Lars og Alis, men Jakob var brukar til 1779 då sonen Lars tok over denne helvta,som seinare fekk bnr. 2. Den andre bygsla han til sonen Peder i 1788. Den fekk seinare bnr. 1. På Jakob sitt bruk stod ei røykstove og eit lite eldhus. Resten av husa, stabbur, sengjabu, flor og løe brukte han saman med Lars.Foreldra til Anna Marie Endresdtr Stølo : 7 Endre Haldorson Gåsland, d. 1752. G. m. Marita Enevoldsdtr., d. 60 år gl. i 1763. Born: a. Karl, g. Urong. b. Anna Marie, f. 1729, g. Stølo. c. Ingvald, f. 1731, g. nora Sele. d. Haldor, f. 1736, g. Urong. e. Anna, f. 1738. Etter segna skulle Marita vera av russisk ætt. Her i bygda vart ho kalla «Russa-Marto». Ho vart kjend med Endre på den måten at ho var kokke hjå tsaren av Russland som var i sendeferd til Kjøbenhavn samstundes som Endre var i militærteneste der. So bar det til at ho skulle ha barn med dåverande prins Carl av Danmark, og for at dette ikkje skulle koma ut, vart det kunngjort for eit norsk regiment av marinesoldatar, som då var i Kjøbenhavn, at den som ville gifta seg med jenta skulle straks verta fri tenesta og få reisa heim. Endre steig då fram og sa seg viljug. Dei vart sende oppover med eit orlogsfarty som skulle til Bergen, og vart sette iland i Øklandsvågen. Marta hadde ei stor kiste med seg med grovsmidd beslag og lås. Denne kista har vore i ætta si eige til straks før siste verdskrigen, og var kalla «Russakisto». Det som særpregar denne segna er at mest alle som høyrer til denne ætta veit at dei er av «russaslekta» og kan fortelja segna mykje likt, medan andre utanom ætta blandar den saman med andre segner, og veit seg ikkje å vera av denne ætta. Eit er visst: Endre var «mariner» i den tida dette skulle ha hendt. I kyrkjeboka står ikkje at dei er vigde her i bygda, og Karl er heller ikkje døpt i Gåslandskyrkja. Det var skifte etter Endre i 1752. Medelen var ikkje stor, berre 5 rdl. I buet var 7 kyr og kviger, 2 kalvar og 4 sauer. Av «jernfang» var ei bakstehelle, 1 øks, 1 navar, 2 spajarn og nokre ljåar. Av «træfang» 2 færingsbåtar, 1 fiskesnøre utan stein, 4 strokkar, «adskillige melkekiørler af bøtter, koller, Stamper, Kiærner m.v.» 1 mjølkeskåp, 1 børe «i Kaaven», 1 kiste utan lås, 4 sildegarn, 2 tønner havrekorn som var sådd om våren. Mannen sine gangklær var 1 svart og 1 kvit vadmålstrøye, 1 grå og 1 svart vadmålsbrok. Ekkja melde frå at då eldste sonen, Karl, gifte seg, hadde han fått 2 kyr i heimanfylgje, og mannen hadde «paa sit yderste» vilja at dei 3 andre borna istaden for arv skulle og få 2 kyr kvar, «og da Enken meere end gierne bifaldt saadan hendes Mands forlangende skiønt hun des aarsage liidet eller intet kand tilkomme at det overskydende naar gielden og de øvrige afkortninger er fradraget, 'begierede hun og hendes lougverge at bem.te 3 Børn maatte nyde, og som af Retten tilstodes -». Dette tyder på at tilhøvet i heimen og samlivet mellom dei hadde vore godt, og at ho har vore eit «godmenneske». Som før nemnt brukte Endre garden saman med løremannen Endre Jonson frå 1737 til 1742 då Endre Haldorson bygsla andre helvta. Endre var brukar til han døydde. I 1743 fekk han, og mange fleire, stødnad av «den Kongel. Naadegave» 4 mark i pengar.Foreldra til Jakob Larsson Rubbestad : 62 Lars Jakobson, d. 68 år gl. i 1756. G. m. Alis Bottolvsdtr. Rubbestad, f. ikr. 1702. Born: a. Jakob, f. 1728. g. Stølo. b. Endre, f. 1731, d. 1755. c. Marta, f. 1738, g. Rubbestad. Lars bygsla helvta av verfaren sitt bruk, og den parten av bruk C som låg øyde, nemleg 9 mrk. smør 1/12 hud eller 1/12 part av garden i 1726. I 1729 bygsla han resten av Bottolv sitt bruk, og bruket hans var då 1/3 part av garden. Han var brukar til han døydde. I skiftet etter Jakob i 1756 var nettoeiga 77 rdl.Foreldra til Alis Bottolvsdtr Rubbestad : 61 Bottolv Andersson var 47 år i 1701. Han kunne då svara skattane «dog Fatttig» som det står i manntalet. Han døydde i den sotta som gjekk over bygdene i 1732. G. m. Marta Gunnarsdtr. Økland, d. 56 år gl. i 1721. Born: a. Endre, f. 1698, d. før 1721. b. Alis, f. ikr. 1702, g. Rubbestad. c. Brita, g. Ådnanes. Bottolv var komen til Rubbestad i 1681, og brukte truleg 1/4 av garden til 1726 då han let versonen få bygsla helvta. Dei var brukarar saman til 1729 då Bottolv sa andre helvta frå seg. I 1724 såg Bottolv sin skattesetel soleis ut:Leiglendingskatt av 1 pund, 3 mrk. smør 5 mrk. 1 skl. -«- 1/4 hud 1 « 8 « Arbeidspengar 8 « Leidang 2 1/4 mrk.talg 6 « Leidang 1/4 geitskinn, 6 « Fredtoll 4 « Småtiende 6 « Hospitals og mestermannspengar 6 « Korntiende, 1/2 våg korn 1 « 2 « Tils. 1 rdl. 3 mrk. 15 skl. som er omlag like mykje som helvta av ei god ku. Til dette kom so ekstraskattane som vart pålagde eit år om gongen, og landskylda og elles tilfeldige avgifter Bottolv åtte ei tid ein part i Sjøvoll og ein part i Grutle, arva med kona. I 1708 «oppyngde» han ei kyrkjeku, dvs. han fostra den opp frå kalv. For dette fekk han 2 mark pengar for året.Foreldra til Marta Karlsdtr Urang: 49 Karl Endreson Stølo, f. ikr. 1725 -28, d. 1770. G. m. Åsa Larsdtr. Stokkvikjo, f. 1723, d. 1801. Born: a. Synneva, f. 1752, g. Urongsætre, Steinsbø. b. Endre, f. 1755, d. liten. c. Endre, f. 1756, g. Urong. d. Marta, f. 1759, g. Stølo. e. Ola, f. 1761, g. Urong. f. Alet, f. 1765, g. Stolo. Etter segna var Karl son til prins Carl av Danmark (sjå Endre H. Stølo). I so fall var det ikkje liten skilnad på far og son sine kår. Faren levde ved hoffet i Kjøbenhavn, medan sonen sat som leiglending på ein gard som kongen åtte i ei avsides bygd i Noreg. Karl greidde seg likevel bra på bruket. I skiftet etter han var Nettoeiga 24 rcU. So åtte han eit tømra stove som han hadde bygt sjølv. Han fostra 5 kyr, 1 kvige, 2 stutar, 1 kalv og 7 smaler. Karl bygsla bruket, 1/2 1. smør, 1/2 hud i 1750. I 1770 bygsla han den fjerde,parten av garden som låg øyde, saman med dei 2 andre brukarane, soleis at bruket vart tredjeparten av garden. I 1771, året etter at Karl døydde, kjøpte Åsa bruket og fekk kongeskøyte. Kjøpesummen var 45 rdl. som ho lånte av Jon G. Gåsland mot 5% rente, årleg. Åsa var for det meste brukar åleine til 1784. Berre i 1772 -73 fekk versonen Kristen Salomonson bruka helvta, men so bygsla han Urongsætre og flytte dit. I 1783 skøytte Åsa halve bruket til sonen Ola. Denne helvta fekk seinare bnr. 6. Året etter skøytte ho resten til sonen Endre. Dette bruket fekk seinare bnr. 7. Åsa budde hjå dottera på Urongsætre på sine gamle dagar, og som var den einaste av borna som levde att. Åsa tok ikkje vilkår då ho selde, og måtte leva av «almisse» dei siste åra. Karl var lagrettemann.Karl og Anna Marie Endresdtr var søsken.Foreldra til Endre Haldosrsson Gåsland: 16 Haldor Olson Sætre i Moster, f. ikr. 1672, d. 1734. G. m. Barbru Endresdtr. Hollund. Born: a. Endre, g. Stølo. b. Peder, f. ikr. 1699, g. Urong. c. Barbru, f. ikr. 1706, g. Svortland. Haldor tok truleg over bruket etter Størk i 1698. Han var brukar til ikring 1705. I 1710 er sagt at bruket hadde lege øyde i 4 år, og det låg framleis øyde til 1713. Haldor kom seinare attende til Gåsland og var brukar på bruk B. Haldor var i «mariner» i 1692, utskriven i 1689. I 1701 er sagt at brukarane på Gåsland var «Fattige Folck».Foreldra til Barbru Endresdtr Hollund : Bruk B 2. Halve garden.Som før nemnt vart bruk B delt i 2 ulike bruk i 1633. 55 Endre Hollund var 56 år i 1665. Døydde ikr. 1680. G. m. 1. Brita, d. ikr. 1660. Ikkje kjende born. Endre vart g. att m. Barbru Guttormsdtr. Urong. Born: a. Knut, g. Mækjebakken. b. Ola, g. Rubbestad. c. Siri, g. Stavland. d. Barbru, g. Gåsland. Barbru Guttormsdtr. vart g. oppatt m. Nils E. Hollund. Endre var brukar frå 1634 og truleg til han døydde. Endre var ein vyrd mann i bygda. Han var lagrettemann i mange år, og kyrkjeverje i 3 valbolkar. I 1662 vart Endre stemnd av presteekja, Anna Offesdtr., for ei ku som han,hadde lova henne i «utferd» for konasi. Kua hadde han teke i leige av Nathanael Melbo som var i nær slekt med henne, og truleg laverje for henne. Endre vitna at drengene til den nye presten, hr. Johan Bechmann hadde vore på Hollund og henta kua, og meinte at «Efterdj Hr. Johan gjør hende Regnskab for andet hendes jndkomst, at hand och er god for at giøre hende Rigtighed for dend. » På tinget vart «Herom afsagt at saa frembt hr. Johan jche fornøyer hende med Penger for Koen da haffuer hun sig koen at tilholde. Thi Endre kand jche giffue 2 Kiør for Een Sagh.» I 1666 vart Endre stemnd att. Denne gongen av Peder Larsson nora Sele som kravde han for bygsel og landskyld av ein part i Sele som han og systera hadde arva. Endre var formyndaren deira og hadde teke mot pengane på deira vegner. Endre svara at han burde ha kostpengar for 6 år for Brita Larsdtr. etterdi ho var lita då han tok henne til seg. Saka vart utsett og kom ikkje opp meir.Foreldra til Barbru Guttormsdtr Urong : 7 Guttorm Jonsson, var 50 år i 1665. Ukjent kva tid han døydde. Kona var truleg ekkja etter Knut Omundson. Kjende born: a. Jon Guttormson Svortland. b. Knut Guttormson Urong. c. Barbru Guttormsttr. Hollund. Guttorm vart brukar ikr. 1645. Då ekkja etter grannen Lars gjekk frå bruket sitt i 1657, vart det delt mellom Guttorm og grannen Halvard, soleis at Guttorm då brukte 5/8 partar av garden til ikr. 1664 då sonen Knut fekk bygsla 112 1. smør, 1/2 hud. Bruket vart då delt i 2 bruk, som me her vil nemna bruk A I og A 2. Guttorm sat att med 3/8 partar av garden, eller 3/4 1. smør, 3/4 hud, til ikr. 1683. Det ser ut som om Guttorm var velstandsmann. I 1657 fostra han 1 hest, 12 kyr, 4 ungnaut og 9 smaler. Han var kyrkjeverje.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Her er utdrag fra BB II fra Tormodsætre om anene til Brynhild Andersdtr f. 1832 d. 190716 Anders Erikson Drange, Sveio, d. 63 år gl. i 1754. G. m. Guro Olsdtr., ekkja etter Halvard O. Tormodsetre. Guro døydde på same tid som Anders, i 1754, 67 år gl. Dei vart gravfeste same dagen. Born: a. Lars, f. ikr. 1716, g. Kolbeinshamn, Austevoll. b. Ola, f. 1718, g. Førde, Vikebygd. c. Erik, f. 1721, d. 1723. d. Elisabet, f. 1723, g. Løkling. e. Anna, f. 1725, g. Tormodsetre. f. Magnhild, f. 1727, g. Tormodsetre. g. Guro, f. og d. 1729. h. Guri, f. 1731. Anders bygsla i 1714. Det er då sagt: « - og som Gaardens huse er forraadne opbygger dem i stedet for bøxel.» Han var brukar til 1744. Det vart halde skifte etter Anders og Guro i 1754. Nettoeiga var 122 rdl. Noko sylv, 5 kyr, 1 kvige, 3 stutar, 2 kalvar, 9 geiter, 10 smaler og noko smedverkty er nerant. So hadde Anders vore formyndar for ei Anna Haldorsdtr. som kravde fars- og morsarven sin, 2 rdl., 8 skill. og tausaløn for 7 år, 3 rdl. 3 mark, som vart utlagt til henne. Sonen, Ola, skulda 20 rdl. til buet. Eldste sonen, Lars, skulle ha 10 rdl. i «hiemegift» og Magnhild 8 rdl. i «bryllupsgier» som dei fekk utlagt på seg. 17 Ådne Jensson Rydland, Fitjar, d. 40 år gl. i 1765. G. m. Anna Andersdtr. Tormodsetre, f. 1725. Born: a. Brita, f. 1749, d. liten. b. Erik, f. 1751, g. Tormodsetre. c. Guri, f. 1753, g. Tverrborgvikjo. d. Anna, f. 1755, g. Hollund. e. Jens, f. 1756, g. Hope. f. Anders, f. 1758, d. 1759. g. Josef, f. 1760, g. Hollund. h. Marta, f. 1763, d. liten. i. Knut, f. 1764, d. 1765. Anna vart oppattg. m. Ola E. Hollund. Ådne kjøpte bondegodset, I pd. smør, I pd. fisk i garden i 1744, samstundes bygsla han kyrkjegodset og var brukar til han sa det opp i 1754. Garden vart då delt i 2 bruk, som seinare fekk bnr. 1 og 2. Ådne brukte sitt eige, bnr. 1, til han døydde. Ekkja var so brukar til 1773. Ådne var lagrettemann. Han gjorde lagretteeiden i 1748 og svara sin «laugmandstold», 8 mark. Det vart halde skifte etter han i 1765. Nettoeiga var 61 rdl. utanom jordegodset. 1 merr, 3 kyr, 2 kviger, 1 kalv og 8 smaler er nemnde. Buet åtte I kvern, og helvta i ei annan.Bruk nr. 1. Gamal skyld: 1 pund smør, 1 pund fisk.18 Erik Ådneson Trodmodsetre, f. 1751, d. 1830. G. m. Endrikka Endresdtr. Teigland, d. 71 år gl. i 1824. Born: a. Endre, f. 1776, sjømann. I 1840 vart det halde skifte etter han, truleg fordi ein ikkje hadde høyrt frå han på lang tid, og trudde han var død. Men i 1870 vart det igjen l~alde skifte etter han. Det var då litt pengar i buet. Han hadde ikkje livsarvingar. b. Anna, f. 1779, g. Vodlene, Svortland. c. Ådne, f. 1784, d. 1800. d. Dortea, 1. 1788, g. søra Habbastad. e. Anders, f. 1790, g. Tormodsetre. Erik kjøpter bruket i 1774 og var brukar åleine til 1813 då han selde helvta til sonen Anders. Dei var då saman om bruket til Anders kjøpte resten i 1817. Det var skifte etter Endrikka i 1824. Netto 120 spd. Buet åtte 2 kyr, truleg vilkårsbeist, I ver, 2 heile og 4 halve bolkar sildanot, halvparten i ein hest, helvta i eit kvernhus. So hadde buet ståande i «Norges tvungne bank» 10 spd. og hjå sonen Anders ein obligasjon på 100 spd. Erik var lagrettemann.19 Anders Erikson Tormodsetre, f. 1790, d. 1867. Anders vart spilt. G. m. 1. Guri Larsdtr. Ersland, f. 1794, d. 1816. Barnlause. Anders vart so g. m. Brynhild Jonsdtr. Sakseid, dotter til klokkaren Jon Simonson, ho f. ikr. 1795, d. 1887. Born: a. Jon, f. 1818, g. Tormodsetre. b. Erik, f. 1819, sokneprest, m. a. til Finnås. c. Guri, f. 182 1, g. Innvær. d. Johannes, f. 1824, g. Lindøyno. e. Ådne, f. og d. 1825. f. Anna, f. 1826, g. Hiskjo. g. Endrikke, f. 1830, g. Hiskjo. h. Brynhild, f. 1832, g. Innvær. i. Ådne, f. 1834, lærar og klokkar i Oslo. j. Simon, f. 1837, grosserar i Oslo. Som nemnt kjøpte Anders halve farsbruket i 1813 og var brukar saman med faren til han kjøpte andre helvta i 1817. Han selde i 1846, men tok unna retten til å bruka so lenge han ville. Truleg var han brukar til 1857. Anders kjøpte Lindøyno saman med Ådne Ersland i 1834. I 1838 kjøpte dei «Stordøens Kongetiende». Denne selde dei året etter. Det var skifte etter Guri i 1816. Nettoeiga var 1252 spd. men so var det inflasjon so pengane var lite verde. Det halve bruket som buet åtte, vart verdsett til 1000 rbd., men straks etter nedskrive til 100 spd. Anders var mykje med i bygdestyringa. Han var lagrettemann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Birger Forsmo

Hei Kjellaug.JEG ER STUM AV BEUNDRING!!!Hjertelig, hjertelig takk skal du ha! Du må jo ha skrevet av halve boka. Det er helt fantastisk.Nå gleder jeg meg til å gå gjennom alt sammen og å fortelle datter og svigersønn om resultatet.Jeg blir mer og mer imponert over Digitalarkivets hjelpere, der finnes ikke maken.En takknemelig og vennlig hilsen til dere alle. Birger

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Dette skulle vel egentlig ha vært skrevet i 'brukarforumet'. Så finner jeg mer skriver jeg det der. Håper at dette gjelder din svigersønns aner, hvor kommer han inn i bildet uten å være for nyskjerrig? Haakon og Elisabeth var venner med min familie.mvh Kjellaug R.P.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Birger Forsmo

Hei Kjellaug. Min svigersønn er etterkommer etter Håkon og Janne Meling. De hadde en datter som hette Martha. Jeg har ikke fått kontaktet min svigerønn enda, men min datter sier at de for en tid tilbake hadde besøk av en utenlansk journalist siden de var siste leddet i 'Russaslekta'. Derfor vet jeg ikke noe mer foreløbig, heller ike hva tid denne Janne og Håkon er født eller hva hun hette som ugift.Holder på med de mange sidene du gav meg og der ser jeg jo at 'russaslekta' er inne i bildet. Mvh. Birger

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Du finner mer om denne familien i Brukarforumet, dette gjelder ikke arkivets forum lenger. Jeg har lagt det inn under ditt navn. Skal se hva jeg kan finne ut om Håkon og Janne Meling. mvh Kjellaug R.P.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Birger Forsmo

Hjertelig takk skal du ha enda engang, Kjellaug! MVH. Birger

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.