Gå til innhold
Arkivverket

[#9254] Birger Forsmo: aner til Haakon Særstein


Gjest Kjellaug Robberstad Petit
 Del

Recommended Posts

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Her er fra BB IV, foreldra til Endrikka Endresdtr. Teigland :Bruk A. I. Fjerdeparten av garden. 10 Endre Endresson Håvik, indre (nr. 11), f. 1723. «Blev af Herrens Tordenweyr ihelslagen» i 1752. G.m. Anna Pedersdtr. Kjærland, Kvinnherad, f. 1724, dotter til Dortea Andersdtr. Eikeland (nr. 37). Anna gifte seg oppatt med Jørgen A. Teigland (nr. I l). Born med Endre: a. Endrikke, f. 1752, g. Tormodsætre (nr. 18). Endre var brukar frå 1750 til han døydde. Då Endre kom til gards fanst berre løe og flor, som var mykje nedslarva. Endre hadde bygt stovehus som han åtte. Nettoeiga i buet etter han var 42 rdl. 2 mark og 6 skill. Han fostra 2 kyr, 2 stutar, 2 kalvar og 1 merr. Ekkja kravde ikkje gravferdsvederlag «af kiærlighed for sit med den sal. Mand havende barn».(11 Jørgen Aadnesson Otterøy (nr. 11), f. 1731, d. 1777. G.m. Anna Pedersdtr. ekkja etter Endre E. Teigland (nr. 10). Born: a. Peder, f. 1754, g.m. Kristi Tolleivsdtr. Lyngholmen, Sveio, b.p. Føyno i Avaldsnes. b. Kristi, f. 1756, g.m. Hans R. Berge. c. Jakob, f. 1758, g. Espeland (nr. 7). d. Lars, f. ikr. 1760, g. Håvik, ytre (nr. 9). e. Aadne, f. 1762, g. Hovland, midtre. f. Jørgen, f. 1765, d. før faren. g. Endre, f. 1767, d. 1775. Anna oppattgift med Endre O. Teigland. Både Jørgen sjølv og sønene var velvaksne karar. Jørgen bygsla i 1753. Han var brukar so lenge han levde, og ekkja til ho gifte seg att i 1779. Jørgen fostra 5 kyr, 4 kviger, 1 kalv. Netto i buet var 69 rdl. Jørgen var lagrettemann og militær legdsmann.12 Endre Olsson Tangen, Fitjar, f. 1746, d. 1808. Han hadde gjort militærteneste på Holmen i København i 6 år. G.m. Anna Pedersdtr. ekkja etter føremannen, Jørgen. Ho d. 1807. Barnlause. Endre gifte seg straks etter at Anna døydde, med Brita Sæbjørnsdtr. Totland, men døydde straks etter. Barnlause.)Foreldra til Endre Endresson Håvik, Indre g. Teigland (mora er 2. kona) 11 Endre Danielsson Børøy (nr. 26), f. ikr. 1677, d. 1755. G.m. 1. Brita Bertelsdtr. Otterøy (nr. 9), d. 1714. Born: a. Barbru, f. ikr. 1706. Ho fekk eit barn med ein Gudmund Hansson ikr. 1746, og ei dotter, Brita, f. 1752 med Kristoffer H. Hollund. b. Daniel, f. ikr. 1709. d. ikr. 1714. c. Bertel, f. 1712, g.m. Mari Sanluelsdtr. Grindheim, øvre (nr. 77), b. i Bergen.Endre g. oppatt med (2.) Anna Larsdtr. Nysæter, Stord, d. 1777. Born: d. Daniel, f. ikr.1715, d. 1726. e. Lars,g. Håvik, indre (nr. 12). f. Mathias, f. ikr. 1719. g. Johannes, «- skal efter Røgte bo i Holsten --», vart sagt i 1777. h. Endre, f. 1723, g. Teigland (nr. 10). i. Daniel, f. 1726, d. ikr. 1742. j. Torstein, f. 1729, g. Håvik, indre (nr. 66). k. Klement, f. 1732. 1. Mari, f. 1734, g. Stokkvik (nr. 10). m. Katrine, f. 1738, g. Tormodsetre (nr. 24). Som før nemnt kjøpte Endre ein part i indra Håvikjo og Steinsland i 1701, og var brukar frå det året. I 1710 kjøpte han Peder sin part, med unnatak av omlag 11,, part av garden. Endre var brukar ogso av farsbruket i Børøyno frå 1725. I indra Håvikjo var han brukar, først av halve garden, seinare tok han over Peder sin part etter kvart. Då Peder døydde, vart han brukar av heile indra Håvikjo. Då Lars kom opp i åra har det truleg vorte for mykje for han å driva både i Håvikjo og på Børøyno, og då sønene vaks til, fekk Lars og Bertel indra Håvikjo, og Daniel og Ola Kristoffersson fekk bruket i Børøyno. Endre tok truleg vilkår av båe bruka, og levde av det seinare. Utanom indra Håvikjo og bruket i Børøyno, åtte Endre ein part i Husa og i Tormodsætre. Han åtte og ein part i Kannelønning på Stord. Endre var lagrettemann, kyrkjeverje og legdsmann for soldatlegda. I 1730 åra brann husa på garden og ætta sine odelsdokument brann opp. I 1714 fostra Endre 7 kyr, 6 kviger, 4 stutar, 2 kalvar, 2 merrar og 9 smaler. I 1755 vart skiftet halde etter Endre. Bruttoeiga var 160 rdl. 2 mrk. 4 skill. Netto 101 rdl., utanom jordegodset. Av jordegods åtte han då berre indra Håvikjo, som var odelsgods, med unnatak av 16 1/2 mrk. smør, som sonen, Lars, åtte. Vilkårsbeista hans var 4 kyr, 6 smaler, 2 geiter og 1 hors med føl. Han åtte og ei sildanot. jordegodset vart delt soleis at Lars fekk bruka 2/3 partar og sonen Torstein 1/3 part.Endre bygsla i 1779 og var brukar til 1803 då han gav bruket frå seg. Han fostra 8 storfe. Han stod seg bra. Var lagrettemann. Litt meir om Endre: 28 Endre Danielsson Børøy, (nr. 26) f. ikr. 1677 (sjå Håvik, indre nr. 11). Han budde på indra Håvikjo. Han hadde odelsretten til farsbruket i Børøyno, og i 1725 tok han over. Han løyste inn etterkvart frå dei andre arvingane, og åtte heile bruket i 1746. Han var brukar til 1742 då han delte bruket på Ola Kristoffersson og sonen Daniel, men Daniel døydde straks etter, og Endre bygsla til ein Gudmund Eriksson, men det ser ikkje ut som at han var brukar. I 1740 er sagt at Endre budde på Børøyno. Det må i so fall vera ei stutt tid. I 1748 selde han bruket.Foreldra Endre Danielsson Børøy: 26 Daniel Endresson Børøy, (nr. 8), f. ikr. 1644, d. 1718. G.m. Mari Steffensdtr. Spissøy, nedre (nr. 2), d. 1721. Born: a. Endre, f.ikr. 1677, g. Håvik, indre (nr. Il). b. Steffen, f. 1691, g. Børøy (nr. 10). c. Daniel, f. 1694, g. Børøy (nr. 27) seinare Vorland. d. Sissela, g. Lokna/Emberland, Sveio. e. Abelona, g.m. Anders H. Walbyng, Sakseid, indre (nr. 7). Daniel var truleg brukar saman med faren ei lita tid, før han flytta til nera Spyssøyno og var brukar saman med verbroren. I 1685 kom han attende til Børøyno og tok over sin tredjedel av garden. Han var brukar til 1712 då han bygsla halve bruket til sonen Daniel. Resten av bruket hadde han til han døydde. Attåt bruket i Børøyno åtte Daniel 16 mrk. smør i Vikanes, Stord, i Husa med laksevågen Tednuro, 14 mrk. smør I pd. fisk, i Tormodsætre, og 21 mrk. smør i indra Håvik. Daniel dreiv Børøysaga og skar år om anna 200 bord som han svara skatt for. I 1718 vart halde skifte etter Daniel. Utanom jordegodset var bruttoeiga 124 rdl. 14 skill. Netto 90 rdl. 2 skill. jordegodset vart verdsett til 128 rdl. Daniel hadde sett opp ei ny glasstove, som arvingane påstod ikkje høyrde til bruket, men skulle gå inn i buet. Dei vart samde om at ekkja skulle bu i denne stova so, lenge ho levde, og so skulle ho ha 1/2 1. smør i bruket. Dette vart delt på skiftet, men borna fekk ikkje dette før mor deira var død. Det vart opplyst i skiftet at Steffen og Daniel Danielssønner budde i husa hjå mor si. Daniel budde saman med Endre Endresson i den stova som høyrde til bruket, medan Steffen budde i den nye stova saman med mor si. Avdi Steffen ikkje hadde stova på sitt bruk, vart arvingane samde om at han skulle bu saman med mor si so lenge ho levde, og seinare skulle han eiga glasstova mot å betala ut dei andre arvingane.Foreldra til Daniel Endresson (f 1644):8 Endre Olsson Børøy (nr. 6) var 55 år gl. i 1664, d. etter 1690. Første kona heitte Sissela. Ho døydde før 1676. Andre kona heitte Abelona Klementsdtr. Born: a. Malene? g. øvra Nese, (nr. 39). b. Ivar Likr. 1642, g. øvra Eikeland, Sveio. c. Daniel, f. ikr. 1644, g. Børøy (nr. 26). d. Endre, f. ikr. 1653, g. Børøy (nr. 9). e. Esaias, g. Spyssøy nedre (nr. 23). f. Samuel, f. ikr. 1657, g. Berge. g. Ola, g. Løkling (nr. 6). h. Alis, g. Håvik, indre (nr. 10). i. Kristi, g. Meling (nr. 43). j. Rakel, g. Brekke (nr. 7). k. Judith, g. Totland (nr. 76). Det er uvisst om nokon av borna var av andre ekteskapet.Endre tok over garden i 1645, men faren var brukar med han til ikr. 1648, då Endre kjøpte garden. Han var brukar til ikr. 1671, då sonen Daniel tok over tredjeparten, som seinare fekk b.nr. 3. ikr. 1680, då han delte bruket mellom dei to sønene, Endre og Ola, bruk A og B. I 1657 fostra Endre 2 hestar, 18 kyr, 10 ungnaut, 12 geiter og 9 smaler. Endre var velstandsmann. Utanom Børøyno åtte han halve ytre Sakseid, omlag halve Kuleseid, ein part i Husa, i Berge og Løkling. I hans tid vart Straumøyno, Hjartnes og Berg skyldsette, og Endre vart pålagd å rydja og byggja desse gardane. Då første kona døydde, måtte Endre skifta frå seg jordegods, og borna vart eigarar. Før han gifte seg oppatt med Abelona Klementsdtr. sette han opp eit «tiende og fierdingsgavebrev» der han gav henne fjerdeparten av alt han åtte, som skulle takast ut før nokon arv vart utdelt, og hennar part av jordegodset skulle liggja i Børøyno, enten dei fekk born saman eller ikkje. Endre dreiv sagbruk i Sagelva med tømmer frå sine eigne skogar, og skar 200 til 400 bord kvart år. I 1675 opplyste han at saga var «nyforbedret for 18 aar siden». I Børøyno, Løkling og Stokkvikjo sine utmarker var mykje ulovleg skoghogst og krypskytteri. I 1665 fekk eigarane tinglyst fredlysing av markene. I 1666 klaga Endre over at marka hans vart avbeita og nedtrakka «af adskillige Øger» utan at dei hadde lov, og truga då med at han ville setja hestane inn, som han meinte var lovleg. Endre var lensmann i 1645-48, legdsmann for Unionskatten og lagrettemann (lensm. Løvvig seier han var lensmann 1670-1690 etter Laurits Totland). Han kunne skriva. I 1655 vart han stemnd for slagsmål med Mikkel i Føyno, og måtte bøta 1 rdl. 5 mark. I 1661 vart han oppnemnd som ein av dei to utsendingane frå Føyen skipreide til å hylla kronprinsen (den seinare Christian V) som arvefyrste etter innføringa av eineveldet i 1660. Før dei reiste skreiv dei ei klage over dei tunge skattane, som dei ville at kronprinsen skulle lova å letta på før einevaldsregj eringsakta vart underskriven. Endre var med og skreiv under. Signetet hans syner enno. I 1652 kom Endre fram for retten og «mangla på odelen» til «Henrichs marehen» attmed Foldrøyno som Anders Håvik, ein morbror til far til Endre åtte i si tid, men Endre løyste ikkje inn eigedommen.Foreldra til Mari Steffensdtr. Spissøy nedre :2 Steffen Ådnesson (O. Sørvig seier han var son til Ådne Sjursson Løkling) var 45 år gl. i 1665. G.m. Johanne Helgesdtr. Digernes, Stord. Born: a. Ådne, f. ikr. 1645, g. Spissøy, nedre (nr. 3). b. Mari, g. Børøy (nr. 26). Steffen var først brukar på bruk B til 1646. Då Omund fall frå, tok han over bruk A, og var brukar av heile garden til 1666. Då gav han frå seg heile garden til sonen Ådne og versonen Daniel Endresson Børøyno (nr. 26). Seinare var han brukar på bruk B til ikr. 168,7. Steffen åtte bondegodset Tormodsetre, 1 pd. smør, 1 pd. fisk, som han brukte nokre år på sine gamle dagar. Han åtte og 1 pd. smør, 1/3 hud i Vikanes. Steffen åtte og ein part i Røsseland i Kvinnherad. Kona til Steffen var av ei gamal ætt som åtte gods i Vik og Kopren i Jondal og som det var strid om i 1599. I 1650 vart Steffen og verbrørne hans stemnde fordi dei ikkje hadde halde rett skifte etter vermora. Dei vart dørnde til å føra attende til arvetufta det dei hadde teke og so halda lovleg skifte «i dannemænds Nerværelsc». Steffen var ein vyrd mann mellom folket i bygda. Han var lagrettemann i mange år, og kyrkjeverje. Foreldra til Brynhild Johnsdtr Sakseid (f. 1795) :13 John Simonsen Birkeland, Ølen, f. 1759, d. 1840. G.m. Anna Johannesdtr. Andal, 1. 1767, d. 1842. Born: a. Simon, f. 1793, g. Bjørnevik (nr. 11). b. Brynhild, f. 1796, g. Tormodsetre (nr. 19). c. Johannes, f. 1799, g. Andal. d. Torstein, f. 1802, g. Sakseid indre (nr. 14). e. Mari, 1. 1804, g. Andal. f. Anna, f. 1807, g. Ersland (nr. 50).John kom til Sakseid som klokkar i 1791. Kallsbrevet er dagsett 1. mars s.å. Han var klokkar til ikr. 1840. I 1802 fostra John 15 naut, 1 hest. Sådde 3 t. havre, 1/2 t. poteter. Avla 16 t. havre, 5 t. poteter.I 1804 kjøpte John tredjeparten i Bømlokyrkja med tilhøyrande jordegods, m. a. indra Sakseid. Han var medlem av forlikskommisjonen i mange år. I krigen 1807-14 var han seksjonsjef. I 1840 vart halde skifte etterjohn. Bruttoeiga var 1459 spd. Netto 1393 spd. I buet var m.a.: 2 kyr, 1 hest, 4 smaler. Helvta i ei makrellnot, 1 seksæring, 1 færing, helvta i ein arman båt, smedverkty, snikkarverkty, 1 slagur, 1 rifle, 1 sabel, 1 treskonavar, skrustikke, 1 loddebolt, 3 koparkjelar, 13 andaktsbøker, noko sylv. Hus som buet åtte: I stove med kjøken, 1 smalehus, 1 skjå, 1 smie, 1 lite stava naust, 1 lita stava sjøbu, 1 lite vedhus ved sjøen. Vidare var det 1 revasaks, og 1 aksjebrev i Norges Bank. Uteståande på obligasjonar, 381 spd. Buet åtte framleis tredjeparten i Bømlakyrkja, og 24 t. havrekorn.John Simonsen var ein særs gåverik mann. Særleg utmerkte han seg som bilethoggar. Dei mest kjende av hans verk er bysta av rektor Jens Boalth i Bergen, frå 1781, og bysta av baron Londemann og kona på deira marmorsarkofag i Rosendal. Han er omtala i Weinichs kunsthistorie, der og den kjende islandske bilethoggaren Torvaldsen er nemnd. John Simonsen var ein god kartteiknar. Etter at marmorverket på Moster vart nedlagt, tok John til i mindre målestokk. Han laga ei sag med blyblad, som saga i ein straum av vatn og sand, denne brukte han å saga marmor opp i plater med.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Litt om Guro Olsdtr som var enke etter Halvard O. Tormodsætre :14 Halvard Otteson Oldreid, var 14 år gl. i 1692, d. 1711. Han bleiv i eit vatn. Gjekk truleg gjennom isen. Vart ikkje attfunnen. G. m. 1. Guri Hansdtr., d. for 1711. Born: a. Elsa, f. 1701. Guri var syster til Hans H. Stokkvikjo, Siri Stavland og Jorna Seiavågen. Halvard vart oppattg. m. Guro Olsdtr. Førde, Vikebygd. Born: b. Hans. c. Guri. Båe d. straks etter faren. Guro vart oppattg. M. Anders E. Drange, b. p. Tormodsetre. Halvard budde ei tid på Oldreid for han kom til Tormodsetre i 1710. Det vart halde skifte etter han i 1711. Buet var heller ringt. 2 kyr, 2 kviger, 2 kalvar, 1 stut, 1 merr med føl, 1, 3 års føl, 2 smaler, noko smieverkty og I verje er nemnde. Av kreditorar er nemnd Ola Torkjelson som hadde tilgode I rdl. «for arbeid paa Gaardens Huuse.»Som du ser var hun fra Førde.E-mail meg dersom du finner noen jeg ikke har skrevet noe om: Kjellaug Robberstad Petit

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Her er et lite utdrag fra BB II, om foreldra til Åsa Larsdtr Stokkvikjo f. 1723 :6 Lars Monsson, d. 1726. G. m. Synneva Olsdtr. Ho var nordanfrå bygda. Born: a. Brita, f. 1719. b. Mons, f. 1722. e. Åsa, f. 1723, g. Urong. d. Lukrits, f. 1726, g. Svortland. Lars vart brukar etter Mons si ekkje, og hadde garden til han døydde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Jeg har lett etter Håkon Meling, men finner ingen gift med en som heter Janne.Du må nok gi meg litt mer opplysninger her, farsnavn til begge og årstall om mulig.mvh Kjellaug R.P.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Birger Forsmo

Hei Kjellaug. Jeg har nettopp hatt kontakt med bror til min svigersønn og han sier at det skal være Håkon, f. 1884 og Sofie, ca 10 år yngre.Han sa at familien har mindre enn minimal kunnskap om sin familie. Han vet i alle fall at bestemora på den anrde siden hette Cecilie og bestefaren Nils, men ingen peiling på hvor og nå de var født.Som du forstår så er dette nesten som å lete etter den berømte nåla.Muligens at noen av disse kom frra Karmøy.Jeg har en følelse av at Håkon Særstein heller er bror av bestefar deres, eller fetter. Det eneste de var sikker på var at familien var i 'Russaslekta' Mvh. Birger Mvh.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Du finn ein Haakon Nilsen på Gaasland i Finnaas i ft1900 som er fødd i 1884. Han er truleg tenar hjå besteforeldra, Nils Nilsen d.æ. og Britha Nilsdtr. (dei er i eldste laget til å vera foreldra). Men Jakob Nilsen er truleg son av desse. Derimot er der ingen Sofie som høver med Nilsd. som farsnamn i denne samanhengen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Jeg tenker vi har han her: BB I, side 630: 58. Håkon Johan Nilsson Meling, f. 1884. G. m. Sofie Sivertsdtr. Hetland. Born: a. Johannes Sigvald, f. 1918. Håkon budde på Nordtun nokre år. I 1918 er sagt at han var gardbrukar. Han flytte til Stavanger med huslyden. Håkon var sjømann.Skal finne mer når jeg kommer hjem i dag.mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Her har du foreldra til Håkon Johan og de fant jeg og i går, så du ser at det er samme familien som Håkon Særstein (postmannen):BB I, s.550 : 71 Nils Matsson Meling, f. 1855, d. 1896. G. m. 1. Marta Håkonsdtr. Særstein, f. 1853, d. 1894. Born: a. Johanne Marie, f. og d. 1879. b. Magnus Johan, f. og d. 1880. c. Håkon Johan, f. 1881, d. 1884. d. Maren Sesilie, f. 1883, g. Nordtun. e. Håkon Johan, f. 1884, g. Nordtun, f. Mats, f. 1885, d. 1905. g. Johanne, f. 1887, d. 1888. h. Johanne, f. 1889, var ei tid hjå M. O. Meling, g. Buøy. i. Lars Olai, f. 1891, g. øvra Nese. j. Karl Johan, f. 1893, sjømann, døydde i Belfast, Irland. Nils vart oppattg. m. Sissela Helene Håkonsdtr. Særstein, f. 1859. Born: k. Marta, f. 1894, g. Førde, Valestrand. 1. Nelly, f. 1896, g. Førde, Valestrand. Ein veit ikkje kva tid Nils vart brukar. Han var brukar til han døydde. Bruket vart selt på auksjon i 1896.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Her kommer mer fra BB I: foreldra til Nils Matsson Meling :70 Mats Olson Meling, f. 1825, d. 1881. G. m. Johanne Nilsdtr. Gåsland, f. 1826, d. 1889. Born: a. Ola, f. 1853, d. 1854. b. Nils, f. 1855, g. Meling. c. Anna, f. 1858, g. Gåsland. d. Synneva, f. 1861, g. Gåsland. e. Ola, f. 1865, d. 1888. f. Karl Johan, f. 1868, d. 1891. Mats bygsla halve farsbruket i 1850, og kjøpte truleg av Formann sitt bu i 1874. Det er uvisst kor lenge han var brukar. Mats var lagrettemann. I 1865 fostra han 6 kyr, 13 smaler. Sådde 2 t. havre, 2 t. poteter.Foreldra til Mats Olson Melin 62 Ola Olson Mehus, f. 1777, d. 1857. G. m. 1. Marta Salomonsdtr., ekkja etter Mats B. Meling. Ho d. 1815. Barnlause. Ola g. oppatt m. Anna Larsdtr. Stølo, f. 1786. Born: a. Ola, f. og d. 1816. b. Lars, f. 1817, d. 1821. c. Marta, f. 1819, d. 1821. d. Marta Larine, f. 1822, g. Giljeplasset. e. Mats, f. 1825, g. Meling. f. Ola, f. 1828, g. Ådnanes. g. Anna, f. og d. 1831. Ola vart oppattg. m. Johanne Salomonsdtr. Meling, f. 1803, d. 1888. Born: h. Salomon, f. 1835, g. Meling. i. Endre,f. 1839, d. 1840. j. Karl Johan, f. 1843, d. 1866. Kom bort på Etnefjorden saman med Ola i Arholmen. k. Peder, f. 1848, g. Meling. Ola fekk ein son, Peder, f. og d. 1801 med Malene Larsdtr. Alvsvåg. Ho stemnde Ola til forlikskommisjonen i 1801 for oppfostringspengar.Ola bygsla bruket i 1808 og var brukar til 1850 då han let sonen Mats få bygsla helvta. Bruket vart delt i 2 like bruk, som seinare fekk bnr. 12 og 13. Ola bruka bnr. 12 til han døydde, og so var ekk'a brukar til 1867. Det var skifte etter Ola i 1857. Buet var falitt, men ekkja fekk heile buet utlagt på seg mot å svara all skulda, 81 spd. Ola var lagrettemann. Side 296: Foreldra til Anna Larsdtr Stølo (de har du fra før dersom jeg husker rett, setter det opp i alle tilfelle):17 Lars Jakobson Stølo, f. 1765, d. 1802. G. m. 1. Marta Karlsdtr. Urong, f. 1759, d. 1800. Born: a. Jakob, f. 1785, g. Stølo. b. Anna, f. 1786, g. Meling. c. Karl, f. 1789, g. Steinsvåg. d. Ola, f. 1791, d. 1810. e. Marta, f. 1796, d. 1807. Lars vart oppattg. m. Anna Hansdtr. Gåsland, f. 1773. Born: f. Larine, f. 1802. G. m. Rasmus J. Lodden. Anna Hansdtr. er ikkje nemnd meir. Flytte truleg bort. Lars kom bort på ein fælsleg måte. Han var på Erevikneset og reiv lyng. Etter segna kom han i strid med Sjovat Kruneneset som velte ein stein på han medan Lars stod under eit bratt berg. Berget vart sidan kalla Larsaskorane. Det vart rettsak, og Sjovat, kona og sonen Sæbjørn var mistenkte, men vart frikjende. Lars vart obdusert, og på skiftet etter han, la futen fram rekning på obduksjonforretningen på 16 rdl., men ekkja og formyndarane sette seg imot at den vart teke med i skiftet. Dei meinte at det var ikkje dei som hadde kravt obduksjon.I skiftet etter Marta i 1801 åtte buet ei lita røykstove. Resten av husa åtte buet saman med grannen. I buet etter Lars er nemnt 3 kister, den eine vart sett noko høgare i takst enn dei andre. Lars stod seg etter måten bra. I 1779 løyste han ut systera sin part og vart eigar av heile bruket. Han var brukar til han døydde. I 1803 løyste broren bruket som før er nemnt, og var brukar til 1816. Foreldra til Ola Olson Mehus, s. 63715 Ola Karlson Meling, f. 1744, d. 1796. G. m. Brita Andersdtr. Nordtun, f. 1747, d. 1806. Ho var blind dei siste åra. Born: a. Karl, f. 1771, g. Ådnanes. b. Mari, f. 1773. c. Anders, f. 1775, g. Mehus. d. Ola, f. 1777, g. Meling. e. Mari, f. 1780, g. Hiskjo. f. Barbru, f. 1782, g. Hiskjo. g. Knut, f. 1787, d. 1833. Knut var blind frå han var liten. Fylgde bruket. Han brann inne då husa på bruket brann i 1833. h. Kari, f. 1790, d. ug. 1819. Ola bygsla i 1769 og var brukar til han døydde. Seinare hadde ekkja bruket til ho døydde. I 1806 er sagt om bruket: «Maadelig jord, ringe Huuse. Ingen Brændeveed. Saar 2 1/2 t. havre, 4 skjepper poteter. Avler 10 t. havre, 3 t. poteter. Foster: 6 kreature, 2 smaler. » Brita var ekkje og i «fattig, forfatning». Det vart halde skifte etter Ola i 1796. Netto var 24 rdl. Husa på bruket var då: røykstove, sengjabu, stabbur, eldhus, flor. løe saman med grannen, smalhus, skjå, håskut, naust, og helvta i ei sjøbu. Ola var lagrettemann.Side 383 : foreldre og besteforeldre til Johanne Nilsdtr Gåsland :50 Nils Nilsson nora Sele, f. 1751, d. 1824. G. m. 1. Anna Ådnesdtr. Meling, f. 1735, d. før 1786. Barnlause. Nils vart oppattg. m. Sissela Torsteinsdtr. Laurhammar, f. 1762, d. 1839. Born: a. Anna, f. 1787. b. Knut, f. 1787. c. Torstein, f. 1788, g. Gåsland. d. Anna, f. 1791, g. Kloven. e. Nils, f. 1798, g. Gåsland. Nils budde i mange år på Gåsland truleg hjå ein av brørne før han bygsla i 1785. I 1810 let han opp halve bruket til bate for sonen Torstein.Bruket vart då delt i 2 like bruk, eine vert her nemnt bruk B 1. det andre fekk seinare bnr. 9 Nils sat med bruk nr. 9 til 1820. I 1807 vart sagt om bruket at det hadde «Maadelig jord og Huuse. Ingen brendeved. Saar 2 td. havre, 3 skjepper poteter. Avler 10 td. havre, 3 td. poteter. Føder 8 kiør.» I 1814: «Middelmaadige Huuser og jord. Føder 5 kiør, 2 mindre kreature. Udsaar 1:1/2 t. havre, 3/9 t. poteter. Avler 7 t. havre, 4 t. poteter. Ingen Skov, allene Torv til Brændsel, ligger ved Søen.» Nils var lagrettemann.Ved utskiftninga i 1883 vart bruket flytta til Træ, som bruket vert kalla til dagleg.51 Nils Nilsson Gåsland, f. 1798, d. 1866. Bleiv på Jonsboen vest for Rogøyno. g. m. Synneva Pedersdtr. Stølo, f. 1798, d. 1880. Born: a. Sissela, f. 1823, d. 1840. b. Nils, f. og d. 1825. c. Johanne, f. 1826, g. Meling. d. Nils, f. 1829, g. Gåsland. e. Peder, f. 1833, g. Gåsland. f. Synneva; f. og d. 1836. g. Jakob, f. 1841, d. 1847. Nils bygsla i 1820, mot eit vilkår til foreldra som var uvanleg stort: 6 våger havrekorn, 12 skjepper poteter, 2 kyr og 6 smalers foster. Nils kjøpte bruket i 1854 og fekk kongeskøyte. Kjøpesummen var 150 spd. Nils løyste samstundes inn jordavgifta med 68 spd. Han selde i 1859. Nils budde sidan i vilkårshuset på «Nilsahaugen» der foreldra hadde butt før han.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Foreldra til Ola Karlson Meling (1744-1796)82 Karl Jonson Nordtun, f. 1720, d. 1756. G. m. Mari Tomasdtr f. ca 1715., ekkja etter Ola P. Meling. Born: a. Ola, f. 17,44, g. Mehus. b. Jon, f. 1749, g. Gilje. c. Barbru, f. 1752. d. Ingeborg, f. 1755. Mari vart g. 3dje g. m. Nils E. Meling, b. p. Meling. Karl bygsla i 1742 og var brukar til han døydde. Var lagrettemann. Foreldra til Mari Tomasdtr. BB I, side 522:80 Tomas Størkson, var 27 år i 1701, d. 1729. Kona heitte truleg Ingeborg. Born: a. Gunnar, f. 1705, d. 1733. b. Mari, f. ikr.,1715, g. Meling.Tomas var brukar i 1701. Han var brukar til han døydde, og ekkja eitpar år -etter. I 1732 vart bruket delt i 2 like bruk, som her vert nemnt bruk B 2 a og B 2 b. Ekkja var brukar av si helvt til 1738, då sa ho opp bruket, mot at ho « skal nyde frj føde og ophold sin Livstid.» (Ein tek her med eit døme på dei skattane som kvilde på eit Melingsbruk i 1722. Storleiken på bruket var 2 pund 6 merker smør, 1/4 hud som var fjerdeparten av garden, og det som var svara årleg i leige for bruket: Skatt av 2 pd. 6 mrk. Smør 1 4 2 Skatt av 1/4 hud 1 8 Arbeidspengar 14 Leidang for 41/2 mark talg 12 Leidang, for 1/4 geitskinn 6 Leidang 1 Småtiende 8 Fredtoll 8 Hospitals- og Mester Mandspenge 6 Korntiende av 2 pd. 8 mrk. Smør 1 12 Tils. 2 4 13eller omlag like mykje som ei vanleg ku var verd. Til dette kom so ekstraskattane ,som oftast var dei tyngste.) Tomas stod seg bra.Side 626, foreldra til Karl Jonsson Nordtun :35 Jon Gunnarson Økland, f. ikr. 1685, d. 1737. G. m. 1. Barbru Karlsdtr. Nordtun, d. før 1730. Born: a. Mikkel, g. Nordtun. b. Gunnar, f. ikr. 1705, g. Svortland. c. Karl, f. 1720, g. Meling. Jon g. oppatt m. Kari Aarsteinsdtr., ekkja etter Knut ,G. Svortland. Born: d. Knut, f. 1731, d. 1750. e. Barbru, f. 1736, d. 1750. Kari vart g. 3dje g. m. Anders O. Habbastad, b. p. Nordtun.Jon bygsla bruket i 1705 og var brukar til han døydde. Seinare var ekkja brukar til ho gifte seg att i 1743. Jon åtte ein part i Søvodl, arva etter faren. Jon var los, og lagrettemann.Side 626 , foreldra til Brita Andersdtr Nordtun :36 Anders Olson nora Habbastad, d. 75 år gl. i 1784 på Mehus. G. m. 1. Kari Aarsteinsdtr., ekkja etter Jon G. Nordtun/Økland. Ein veit ikkje kva år ho døydde. Born: a. Ola, f. 1745, d. 1750. b. Brita, f. 1747, g. Mehus.Anders bygsla i 1742 og var brukar til 1748 då eigaren tok over garden. Anders bygsla eit bruk i Mehus. (Sjå Mehus nr. 14.) Anders kjøpte ein part i nora Habbastad i 1742. men måtte selja straks etter til odelsmannen.Det kommer meir siden i kveld. mvh Kjellaug R.P.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Her kommer litt mer arbeid til deg, håper at du finner ut av alt og at jeg ikke har laget det for rotete til deg. Du har vel et slektsprogram du kan sette det opp i? Dersom ikke anbefaler jeg Legacy som du kan prøve gratis. Nå tror jeg at jeg er kommet til endes på det jeg kan hjelpe deg med. Alt under kommer fra BB I.Foreldra til Anders Olson Nora Habbestad7 Ola Johannesson, g. m. Mari Samsonsdtr. Dei døydde båe i sotta i 1742 og vart gravfeste same dag som 2 av sønene. Ola vart 63 år og Mari 57 år gamle. Born: a. Anders Nordtun. b. Anna Stavland. c. Synneva Laurhammar. d. Alis Laurhammar. e. Ola, f. 1716, d. 1742. f. Johannes, f. 1721, d. 1742. g. Rasmus, f. 1722, d. 1742. h. Inger, f. 1724. i. Samson, f. 1726. Ola var brukar av omlag 1/3 part av garden. Sjølv åtte han 27 mrk. smør, arva etter Anders O. Habbastad, og bygsla 54 mrk. smør av Knut Tveita. Han selde parten sin i bruket til Sr. Moses Hansen i Brandasundet før 1734. Ola var brukar til han døydde.I 1715 stemnde Ola m. 11. Villum Øklandsvågen for skuld. Dei hadde sett laks til han og ikkje fått pengar. I 1714 vart Ola stemnd av verbroren, Ådne Notland, for I rdl. 4 mark og 5 skill. som syster til Ola, Astrid Johannesdtr., hadde arva etter farbroren, Anders O. Habbastad, og likeeins landskyld av hennar part i bruket som Ola sat med, og som Ådne påstod ho hadde arva ein part i. Ola hadde truleg vore formyndar for systera. Likeeins stemnde han Ola for arv etter to av brørne hennar, Bård og Erik Johannessøner, som var sjømenn og var død utanlands. Saka vart ikkje pådømd då, og kom heller ikkje opp seinare. Truleg vart dei forlikte.Foreldra til Jon Gunnarson Økland:37 Gunnar Monsson Økland, var 33 år gl. i 1665, d. ikr. 1704. G. m. Malene Gunnarsdtr. Meling, d. ikr. 1702. Born: a. Gunnar, f. ikr. 1663, g. Økland. b. Marta, f. ikr. 1665, g. Rubbestad. c. Mons, f. ikr. 1673, g. Søvodl. d. Hans, f. ikr. 1677, g. Økland. e. Jon, f. ikr. 1685, g. Nordtun. f. Helga, g. m. Endre E. Børøyno. Gunnar bygsla helvta av det bruket faren hadde då han døydde i 1669, og var brukar av halve garden. I 1682 sa han opp dette bruket på grunn av vanhelsa, og var sidan berre brukar av bruk B 1. Frå 1685 og utover bruka han fjerdeparten av Søvodl. I Søvodl åtte han tredjeparten, og so åtte han 12 mrk. smør i Grutle og Hope, som kona hans hadde arva. Han åtte og ei tid part i nora Habbastad, som han makeskifte med ein part i Søvodl. Gunnar var velstandsmann og ein vyrd mann i bygda. Han var lagrettemann i mange år. Då kona døydde i 1702, vart ho nedsett i skipet i Gåslandskyrkja. For denne føremonen svara Gunnar 2 rdl. til kyrkja.Side 498, foreldra til Gunnar Monsson Økland:Bruk A. Halve garden.6 Mons Olson (Økland?) var 80 år gl. i 1665, er sagt. Truleg var han noko yngre. Kona heitte Helga. Ho døydde før 1668. Born: a. Andor Økland. b. Gunnar Økland. c. Siri g. m. Kristoffer Sønstabø. d. Brita, d. æ. g. m. Gabriel Alvsvåg. e. Brita, d. y. g. m. Hans øvra Nese. f. Anna, g. m. Ola Gilje.Mons vart brukar i 1615 saman med Ola. Då Johannes på bruk B fall frå, tok Mons og Ola over dette bruket, og det er truleg at dei bruka kvar sitt bruk til Ola fall frå i 1627. Mons vart då brukar av heile garden til ikr. 1645, då sonen Andor fekk bygsla bruk B. som då berre var 1/3 part av garden. Mons sat med resten til 1657 då sonen Gunnar fekk eit stykke av bruk A. Mons var brukar av resten til han døydde. I matrikkelen 1668 er sagt at ein part av garden låg øyde, truleg det bruket som seinare vart kalla «Øyjoro». Parten vart sett i skatteskyld for 1 pd. smør i 1668, men kor lenge den låg øyde yeit ein ikkje.I 1657 fostra Mons 1 hest, 15 kyr, 5 ungnaut, 4 smaler og 4 geiter. I 1659 vart Mons stemnd av Karen, ekkja etter Christen Nielsen i Øklandsvågen, som då var brukar på Brekke. Ho meinte at ho hadde rett å bruka Brekke sin part i laksvågane. Ho la fram bygselsetel frå borgarmeister i Bergen, hr. Ove Jensen som då rådde for Apostelgodset, der det stod at Øklandsmennene skulle bruka dei 2 partane og Brekke den tredje, anten soleis at Karen skulle halda tredjeparten i nota med Mons og bruka vågane kvart år ilag med han, eller og at ho brukte vågane eit år og Mons i to år, og soleis skiftest om å bruka v'agane.I 1665 vart Mons stemnd saman med 8 andre, av presten fordi dei ikkje hadde svara tiende av laksefisket. Alle vitna at dei alltid hadde betalt laksetienden til slottet i Bergen, og sa at det var dei like kjært kven dei betala til. I 1669 vart halde skifte etter Mons. Buet hadde ei nettoeige på 58 rdl. Truleg hadde han skift frå seg etter kona straks før. I buet er nemnt noko smedverkty, 2 gamle børser, 1 tessak, 2 naust og 1 sjøbu, (dei andre husa på bruket åtte eigaren) 1 stor båt, helvta i ei laksnot, 1 kvern med reidskap som truleg stod i garden sitt kvernstø i bekken. So hadde han 6 gode kyr, 4 kviger, 2 stutar, og ymse anna. Skulda var mest berre skiftekostnadene og tenarløner.Mons var ein vyrd mann i bygda. Han var legdsmann for soldatlegda, og lagrettemann i mange år. Då Mons fall frå, vart bruk A. delt i 2 like bruk som her vert nemnt bruk A I og A II.Foreldra til Barbru Karlsdtr Nordtun, side 619 (d. 1730)7 Karl Olson øvra Nese. d. 1709. G. m. Anna Christensdtr. Øklandsvågen, d. 1709. Born: a. Kristen, f. ikr. 1667, g. nera Nese. b. Hans, f. ikr. 1671, g. Mehus. c. Bertel, f. ikr. 1687, g. Nordtun. d. Nils. Var sjømann «udenlandtz, skal seigle fra Holland -» i 1709. Døydde utanlands. e. Barbru, g. Nordtun.Karl var 66 år, gl. i 1701, og kunne svara skattane sine. Han var komen til Nordtun i 1677, då han vart stemnd av Bent Mikkelson Sandbech «for nogen grove och utilbørlige skjellsord om ham i hans fraværelse da arveskiftet skiede i høst paa Mehuus -». Karl sa «at han iche ved med sin Sandz eller Sambuittighed at haffue talt eller Sagt noget paa den Dannemand Bent Michelsen Karl hadde vore «overstadig drukken» og måtte bota 1 rdl.I 1700 vart Karl stemnd av Casper Warner i Sønstabøvågen fordi han «nest afvigte Nytaars aften paa Mehus skielt ham for adskilligt paa hans ære og meere u-beqvemsord -». Mellom vi ' tna var presten Hans Rafnsberg. Han kunne vitna at han høyrde Karl « - skielte Casper Syndstabøvaagen for en kieltrings unge og Raabte paa sin Knif -». Når presten var på Mehus nyårsaften, so var det fordi han, etter gamal skikk, kom nordetter nyårsaltan og heldt gudsteneste i Gåslandskyrkja, og so overnatta han i Sønstabøvågen og hadde gudsteneste nyårsdag og. Han har då vorte beden til gjestebods på Mehus, og dei har truleg då feira sekelskiftet. Då nokre vitner ikkje møtte, vart saka utsett, men kom ikkje opp att. Truleg vart dei forlikte før nytt ting vart halde.Karl var velstandsmann. Det var skifte etter han og kona i 1709. Dei døydde straks etter einannan. I buet er nemnt 13 rdl. i reide pengar, 7 kyr, 3 kviger, 1 stut, 1 kalv, 1 føl, 3 smaler, 2 laksnøter, 2 sjøbuer, 1 naust, I glasbu «opbiugt paa øde Tofft.» (Dette er eit av dei første husa i bygda som er nemnde som hadde glas.) Netto i buet var 103 rdl. Bruket vart no delt i 2 like bruk, som her vert nemnt bruk A I og A 2.Foreldra til Karl Olson øvra Nese/Nordtun, side 569 :7 Ola Matsson, vart brukar etter Pål i 1657. Første kona er ukjend. Born: a. Jens øvra Nese. b. Karl Nordtun. c. Hans øvra Nese. d. Kari, g. Mehus. Andre kona heitte Guri Bårdsdtr. Ola døydde ikr. 1675. Han var 50 år i 1665. I 1657 fostra Ola 4 kyr, I ungnaut. Han hadde nett då teke over bruket og var truleg ikkje komen opp i full fødnad.Etter at Ola døydde, vart garden delt i 2 like bruk mellom dei 2 sønene hans, Jens og Hans.Side 481, foreldra til Anna Christensdtr Øklandsvågen6 Christen Nielsen, Øklandsvågen, (sjå Økland nr. 120) brukte heile garden i 1649. I 1650 vart garden delt att, og Christen brukte eine helvta. Om det var same bruket som Eivind hadde brukt, er uvisst. I 1651 delte Christen sitt bruk med ein Ådne. Christen budde i Øklandsvågen der han dreiv handel. Han var brukar til han døydde i 1659. Seinare var ekkja hans brukar. I 1676 er siste gongen ein høyrer om henne. Ho vart då stemnd saman med grannen fordi dei ikkje ville svara leige for laksvågane.120 Christen Nielsen, d. ikr. 1657 var den første ein veit som budde i Øklandsvågen. Kona heitte Karen. Born: a. Ei dotter, g. m. Hans P. Hiskjo. b. Peder Brekke. c. Kristen Hiskjø. d. Bertel, f. ikr. 1651. e. Anna Nordtun. / Anna Christensdtr. ØklandsvågenChristen var samstundes brukar på Brekke, truleg fordi handelen kasta so lite av seg at han ikkje kunne leva av den åleine. Då Christen døydde, ser det ut for at Karen gav opp handelen og flytte til Brekke.Christen kom til Øklandsvågen ikring 1646. I 1649 stemnde han Ådne Dyvikjo på Stord, og son hans, « - for et hus som de lofuet at bygge hannem, som han skulde gifue dennem 18 rdl. for. Og det skulde vere for ungefær 3 aar siden, hvilket endnu ikke er etterkommet. » Christen fekk pengane attende, og bygningsmennene fekk bot. Etter kjøpesummen å døma var det eit stort hus han ville byggja. Truleg var det i Øklandsvågen han hadde tenkt å setja det opp. Besteforeldre og Foreldre til Malene Gunnarsdtr Meling (d. 1702), BB I side 551 :Bruk B. Halve garden.Garden vart delt i 2 like bruk ikring år 1601 som er nemnt før. 76 Gyrd Knutson, bruka halve garden i 1601. Han var brukar til 1629, då han bytte bruk med sonen Gunnar og flytte til Søvodl. (Sjå Sjøvoll nr. 5.) Kona heitte Mari (Marren i 1645). Kjende born: a. Gunnar, g. Søvodl, seinare Meling. b. Johannes Meling. c. Lars. d. Erik Søvodl. e. Truleg ei dotter, g. m. Peder Danielson Bjørnevik.Gyrd sat som leiglending på Meling, men åtte I 1/4 laup smør 1 1/4 hud i Søvodi i 1624 som han då svara odelskatt for. Noko av dette jordegodset vars utlagt på døtrene til Torstein Olsson Børøyno i 1606. Denne parten - kor stor han var, veit ein ikkje - må Gyrd ha teke på odel eller kjøpt før 1624. Etterkvart løyste han inn heile Søvodlegarden. Gyrd kjøpte og Grutle ein gong mellom 1626 og 1637. Dette var og odelsgods som vart skift etter Torstein Børøyno i 1606. I søra Habbastad åtte han 9 mrk. smør som han hadde som pantegods.Gyrd var med og rusta ut ein soldat til Svinesund både i 161 I og 12, men av ein eller annan grunn er han ikkje nemnd i «knekteskatt» manntalet korkje i 1611 eller 12 endå han var ein velståande mann. I 1617 vart Gyrd stemnd «for en Hest Hannd sig tilkiender och anderlles Bleff bevuist. Aff Sonnet och Gaff Penninge 8 Rdr.» Han vart soleis dømd for å vilje stela hesten, difor var bota so stor. Gyrd rydja laksvågen Oddevågen i Hiskjo, som han og sonen Gunnar brukte i over 60 år, og som dei svara 2 pund laks for året i landslut for.Side 442: 5 Gyrd Knutson Meling (sjå Meling nr. 77), bytte bruk med sonen Gunnar i 1630, og bruka heile garden. Han åtte då 5/8 partar av garden. Gyrd var brukar til han døydde i 1641, og i 1642 er ekkja hans brukar. I 1643 let ho frå seg helvta. Garden vart då delt i 2 like bruk, som me her vil kalla bruk A og B. I 1646 brukte ekkja berre fjerdeparten. Ho var då utarma. Den andre fjerdeparten brukte sønene Erik og Johannes.I 1646 vart Gyrd stemnd for stemnefall, (Han hadde vorte innstemnd til tinget og ikkje møtt.) saman med 2 andre, og måtte bøta 1 1/2 rdl. 77 Gunnar Gyrdson Søvodl, (sjå Sjøvoll nr. 3) d. før 1663. Kom frå Sjøvoll i 1629 då han bytte bruk med faren. Kona heitte Marta Villumsdtr. og var dotter til Villum på Voll og kona Malene frå Eide. Marta døydde millom 1682 og 1685. Kjende born: a. Simon Meling. b. Haldri, g. Meling. c. Malene, g. Økland. (Og truleg har dei hatt ein son, Villum, som d. tidleg, for dette namnet går att i ætta seinare.)Gunnar arva ein part i Søvodl etter faren. Seinare, i 1747 løyste han inn 2 1/2 pd. smør i garden frå dei andre syskina, og vart eigar av heile garden, og heile Grutle. I Sønstabø åtte han I spann smør som seinare vart innløyst.I 1663 vart Marta stemnd for bruken av laksvåzen Oddevågen under Hiskjo som ho då vart frådømd retten til å bruka. I 1652 vart Gunnar stemnd for ein skipsbåt han hadde funne på rak nordmed Øklandsvågen og som han ikkje ville gjeva frå seg til lensmannen, men ville sjølv ha båten mot å svara det som den måtte vera verd. Det vart ikkje dom i saka og er truleg vorten forlikt med futen. Gunnar var brukar til han døydde. Bruket vart då delt i 2 like bruk, som me her vil kalla bruk B I og B 2.Side 442: 3 Gunnar Gyrdson Meling, (sjå Meling nr. 77) vart brukar i 1626, etter Trond. Truleg bruka han 1 1/2 1. smør, 1 1/2 hud som faren åtte. Gunnar er brukar til 1629 då han bytte bruk med faren og flytte til Meling.I 1626 vart Gunnar stemnd fordi han hadde skore noko korn på grannen, Ola sin åker, og måtte bøta 1 1/2 rdl. I 1629 var han med og gjorde bråk og ulydnad på tinget, « - saa och med trudszels ord sig imod fougdenn beuiste. » Truleg var han med og tok til motmæle mot dei ekstraskattane som var pålagde. Gunnar fekk størst bot, og var truleg ein av hovudmennene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Her tror jeg at du vil få resten, jeg føyer noe til helt under.Foreldra til Synneva Pedersdtr Stølo (1798) gm Nils Nilson Gåsland (1798) Synneva og Nils var foreldra til Johanne Nilsdtr Gåsland som igjen var farmor til din Håkon Johan Nilsson Meling (1884)9 Peder Jakobson Stølo, f. 1769, d. 1856. G. m. 1. Alet Karlsdtr. Urong, f. 1765, d. 1794. Born: a. Anna, f. 1792, g. Stavland. Peder g. oppatt m. Johanne Johannesdtr. Laurhammar, f. 1768, d. 1843. Born: b. Alet, f. 1796, d. liten. c. Synneva, f. 1798, g. Gåsland. d. Johannes, f. 1800, g. Stølo. e. Alet, f. 1802, g. Gilje. f. Jakob, f. og d. 1805. g. Jakob, f. 1806, d. liten. h. Alis, f. og d. 1809. i. Jakob, f. 1810, d. 1811. Peder g. 3dje g. 75 år gl. med Malene Davidsdtr., ekkja etter Anders P. Erevikjo. Etter segna fekk Peder og Malene «slag» båe to ein gong dei var ute og fiska. Dei vart funnen flytande i austeren. Peder var då død, men Malene levde ei stutt tid etter. Dei hadde ikkje born. Peder bygsla faren si helvt av garden i 1788. Han kjøpte av kreditorar og medarvingar i 1804. I skiftet etter broren, Lars, i 1803 kjøpte han den helvta som han hadde ått, truleg for at bruket ikkje skulle gå til framande. Han selde att til brorsonen i 1810 for same pris, men var brukar av heile garden til 1816. Peder var ein av dei store skattytarane i sylvskatten i 1816, men det ser ikkje ut for at han var nokon velstandsmann. Truleg vart han utarma då han måtte skifta frå seg 2 gonger. I skiftet etter Alet i 1794 er nemnde «2 hvide Liiúlerreds Liin med Kniplinger» truleg noko som «Russamarto» hadde ått, men dei måtte då vera noko slitne for dei vart ikkje verdsett til meir enn 6 skill. Peder var lagrettemann.Under her finn du foreldra til Anna Knutsdtr Meling (1732) som var 2. Kona til Jakob Larsson Rubbestad (1728-1803) Dei var foreldra til Lars Jakobson Stølo (1765-1802) som var gift med Marta Karlsdtr Urong (1759-1800)126 Knut Kjølvson Meling, f. ikr. 1695, d. 1759. G. m. Elsa Mikkelsdtr., d. 79 år gl. i 1765. Born: a. Gjertrud, f. ikr. 1717, g. Søvodl. b. Halvard, f. 1720. c. Mikkel, f. 1721, d. 1742. d. Kjølv, f. 1722, g. Nordtun. e. Nils, f. 1724, g. Meling. e. Barbru, f. 1726, g. Rolvsnes. f. Ingrid, f. 1728, d. 1736. g. Sjur, f. 1730, g. Hallaråker. h. Anna, f. 1732, g. Meling. i. Udna, f. 1734, d. 1736. j. Elsa, f. 1736, g. Meling.Knut bygsla halve farsbruket ikr. 1716, og var brukar til 1749. Knut stod seg bra. Han var brukar på bnr. 14 ei tid. (Sjå nr. 115.) Knut var lagrettemann.Foreldra til Knut Kjølvson Meling:113 Kjølv Råmundson, d. 48 år gl. i 1742. G. m. Udna Knutsdtr. Tveit, Stord, d. 43 år gl. i 1742. Både ho og Kjølv døydde i sotta som gjekk det året, då mykje folk døydde. Dei vart gravfeste same dagen. Born: a. Råmund Nordtun. b. Knut Meling. c. Ola Steinsbø. d. Peder Øyjoro. e. Anna Rubbestad. f. Dordi Grønås.Kjølv budde først på Tveit på Huglo der han var brukar saman med verfaren, men vart so utarma at han måtte gå frå bruket. Han kom til Meling ikr. 1706 og bygsla bruket etter Gunnar Simonson. Ikr. 1716 fekk sonen Knut bygsla helvta og bruket vart delt i 2 like bruk. Det eine vart seinare bnr. 14, og det andre nemner me her bruk B 2 a. Kjølv var brukar på sin part til 1740. Kjølv stod seg toleg bra på Meling.Foreldra til Nils Nilson Nora Sele (1751-1824):7 Nils Olson nora Sele, f. 1716, d. 1751. G. m. Ågota Bergesdtr. Born: a. Ola, f. 1742, levde i 1776. b. Peder, f. 1745, g. Gåsland. c. Berge, f. 1747, g. Gåsland. d. Nils, f. 1749. e. Nils, f. 1751, g. Gåsland.Nils, og broren Rasmus bygsla bruket i 1736. Bruket var då i so dårleg hevd at dei slapp svara førstebygsel. Nils var brukar til han døydde, sidan hadde ekkja bruket eitpar år til ho gifte seg att med Gunnar L. Økland.Foreldra til Nils Olson nora Sele:48 Ola Endreson Rubbestad, d. 55 år gl. i 1722. (Sjå Rubbestad nr. 79., side 244) Kom til nora Sele ikr. 1720 og var brukar til han døydde. Ekkja hadde bruket til 1728. I buet etter Ola i 1722 var m. a. 1 kvern med hus, 6 kyr, 2 kviger, 2 stutar og 8 smaler. Netto i buet var 21 rdl.Side 244: 79 Ola Endreson Hollund, var 33 år gl. i 1701 og var «mariner». Han d. i 1722. I 1701 er sagt at han kunne svara skattane, «Dog Fattig». G. m. Mari Rasmusdtr. Innvær, d. 67 år gl. i 1744. Born: a. Endre, d. æ. f. 1700, g. nora Sele. b. Synneva, f. 1707, g. Urong. c. Endre, d.y. f. 1709, d. 1727. d. Rasmus, f. 1714, g. nora Sele. e. Nils, f. 1716, g. nora Sele. f. Barbru, f. 1719, d. 1727. Em veit ikkje året då Ola bygsla på Rubbestad. Han var brukar til ikr. 1719 då han flytte til nora Sele, (sjå Sele, Nordre nr. 48). Ola brukte 5/12 partar av garden. Då han gav bruket frå seg, bygsla Jon Olson, på bruk A dette bruket ogso. Bruka vart slegne saman til eit bruk då, og var 2/3 partar av garden.Foreldra til Ola Endreson Hollund :55 Endre Hollund var 56 år i 1665. Døydde ikr. 1680. G. m. 1. Brita, d. ikr. 1660. Ikkje kjende born. Endre vart g. att m. Barbru Guttormsdtr. Urong. Born: a. Knut, g. Mækjebakken. b. Ola, g. Rubbestad. c. Siri, g. Stavland. d. Barbru, g. Gåsland. Barbru Guttormsdtr. vart g. oppatt m. Nils E. Hollund. Endre var brukar frå 1634 og truleg til han døydde.Endre var ein vyrd mann i bygda. Han var lagrettemann i mange år, og kyrkjeverje i 3 valbolkar. I 1662 vart Endre stemnd av presteekja, Anna Offesdtr., for ei ku som han,hadde lova henne i «utferd» for konasi. Kua hadde han teke i leige av Nathanael Melbo som var i nær slekt med henne, og truleg laverje for henne. Endre vitna at drengene til den nye presten, hr. Johan Bechmann hadde vore på Hollund og henta kua, og meinte at «Efterdj Hr. Johan gjør hende Regnskab for andet hendes jndkomst, at hand och er god for at giøre hende Rigtighed for dend. » På tinget vart «Herom afsagt at saa frembt hr. Johan jche fornøyer hende med Penger for Koen da haffuer hun sig koen at tilholde. Thi Endre kand jche giffue 2 Kiør for Een Sagh.»I 1666 vart Endre stemnd att. Denne gongen av Peder Larsson nora Sele som kravde han for bygsel og landskyld av ein part i Sele som han og systera hadde arva. Endre var formyndaren deira og hadde teke mot pengane på deira vegner. Endre svara at han burde ha kostpengar for 6 år for Brita Larsdtr. etterdi ho var lita då han tok henne til seg. Saka vart utsett og kom ikkje opp meir.Foreldra til Johanne Johannesdtr Laurhammer:43 Johannes Olson Steinsbø, f. 1741, d. 1768. G. m. Synneva Torbjørnsdtr. Laurhammar, f. 1747. Born: a. Johanne, f. etter at faren var død i 1768, g. Stølo.Johannes vart ikkje buande lenge på Laurhammar. Berre 1 års tid. Synneva gifte seg oppatt med Truls S. Hallaråker, som var dreng hjå Johannes. Johannes var ikkje komen skikkeleg til å bu før han døydde. Han fostra soleis berre 3 kyr, 2 sauer og 2 verer. Han hadde 2 drengjer. Medelen i buet greidde ikkje å dekka skulda. Foreldra til Sissela Torsteinsdtr Laurhammer:9 Torstein Aslakson søra Meland, f. 1738. G. m. Kristi Olsdtr. Stokkvikjo, f. 1739. Born: a. Sissela, f. 1762, g. Gåsland. b. Synneva, f. 1765, g. m. Asmund A. Røyksund. c. Johannes, f. 1768. d. Anna, f. 1770, g. Kloven. e. Ola, f. 1773, g. Katla. f. Kristi, f. 1777, d. 1779. Torstein bygsla halve bruket, som Erik Guleivson hadde, i 1761. I 1769 bygsla han andre helvta som Endre Knutson hadde brukt, men i 1771 kom Endre attende og fekk bruka eine helvta. Dei brukte då halve garden til Aron Olson og Ola Torbjørnson tok over i 1777. Torstein og Endre måtte truleg vika for den nye eigaren. Dei flytte båe bort, og er ikkje nemnd i kjeldene seinare. Side 361 : Foreldra til Johannes Olson Steinsbø (1741)30 Ola Bertelson søra Habbastad, f. ikr. 1700, d. 1763. G. m. Anna Larsdtr. Urong, f. 1703. Uvisst kva år ho døydde. Bern: a. Lars, f. 1729. Han var gitt i 1763 og budde då heime. Flytte truleg til Fitjar. b. Synneva, t. 1734, g. Seiavågen. c. Bertel, f. 1736, g. Steinsbø. d. Johannes, f. og d. 1737. e. Johannes, f. og d. 1738. f. Johannes, f. og d. 1739. g. Johannes, f. 1741, g. Laurhammar. h. Ola, f. 1745. i. Barbru, f. 1747, g. Innvær. j. Helga, f. 1747, g. Urong.Ola tok over bruket i 1723. Bygsla i 1727. Bruket hadde då lege øyde i 40 år, vart sagt. Ola skulle difor vera fri skatt og landskyld i 8 år. Han var brukar åleine til 1757 då sonen Bertel vart brukar saman med han. Ola gav bruket frå seg i 1767.Ola hadde mykje usemje med Gåslandsmennene om eit naust i Pøylo. Ola vart ikkje velståande. Då buet hans vart oppgjort, var skulda større enn eiga. I buet er nemnt; 1 kastenot, 1 naust, 1 sjøbu, 1 kvern med hus, 7 kyr, derav 1 i Risøyno, 1 kvige, 3 smaler og 1 «bagstehelle ved Vandet.» Ola var lagrettemann.Foreldra til Ola Bertelson:37 Bertel Erikson, nora Habbastad, var 34 år gl.. i 1701, d. i sotta i 1742. G. m. Helga Olsdtr. d. 65 år gl. i 1742. Bertel og Helga vart gravfeste same dag, saman med sonen Erik. Born: a. Ola, g. Steinsbø. b. Barbru, f. ikr. 1706, g. Mækjebakken. c. Johannes, f. 1712, d. 1737. d. Erik, f. 1716, g. søra Habbastad. e. Ola, f. 1719, d. 720. f. Brita, f. 1723, g. Svortland.Bertel vart brukar før 1701, og hadde bruket til 1741. Han var velstandsmann. Lagrettemann. I 1715 stemnde han o. fl. andre Villum Svendsen i Ølandsvågen for skuldige pengar for laks dei hadde selt til han. Foreldra til Bertel Erikson nora Habbastad:30 Erik Johannesson var 35 år gl. i 1665 og brukte då halve garden. Han var g. m. Brita Olsdtr. Born: a. Johannes, f. ikr. 1656, g. Alvsvåg. b. Anna, f. ikr. 1667, g. Alvsvåg. c. Bertel, f. ikr. 1668, g. søra Habbastad. d. Siri, f. ikr. 1675, g. Søvodl. e. Hans, f. ikr. 1678, g. Gåsland. f. N. N. (ein son). Erik døydde i 1680, og Brita g. oppatt m. Kolbein Kolbeinson. Dei b. p. nora Habbastad. Erik var lagrettemann. Velstandsmann.I 1665 vart Erik m. fl. stemnde av presten fordi dei ikkje hadde svara tiende av laksefisket. Erik var bror til Ola Førland, Brita Rommetveit, Stord, Jørgen Liarbø, Fitjar og Kari, som hadde ei dotter, Barbru Bårdsdtr. som b. p. Meling.BB II, side 140: foreldra til Torstein Aslakson Søra Meland12 Aslak Danielson Alvsvåg. (Sjå Alvsvåg nr. 64.) G. m. 1. Sissela Torsteinsdtr. Alvsvåg, f. 1714, d. 1745. (Ho vart gravlagd 22. aug., Aslak vart trulova i kyrkja 12. sept. gift 3. okt. og hadde barn til dåpen 23. nov. same året.) Born: a. Torstein, f. 1738, g. Laurhammar. b. Johannes, f. 1740. c. lngeborg, f. 1743, d. 1745. Aslak vart oppattg. m. Anna Albertsdtr. søra Meland, f. 1719. Born: d. Albert, f. 1745. e. Daniel, f. 1747. f. Lars, f. 1749, g. Gedske, f. 1751, g. i Sveio. h. Johannes, f. 1756, g. Vorneset. i. Torkjel, f. 1759, g. Alvsvåg.Aslak vart brukar etter Ola Rasmusson i 1747. Han kom då frå Gilje der han hadde butt eitpar år, truleg hjå systera. Her på søra Meland hadde han heller ikkje bruket lenge. Alt i 1748 sa han opp bruket, men vart buande på garden til ikr. 1760 då han truleg flytte ut or bygda, og er seinare ikkje spurd.64 Aslak Danielson Hiskjo, (sjå Meland, søre nr. 12) vart brukar her i 1737. Han hadde bruket til første kona døydde, då han flytte til Gilje.Foreldra til Sissela Torsteinsdtr Alvsvåg (1714):63 Torstein Endreson søra Meland, d. 74 år gl. i 1736. Første kona er ukjend, truleg ei dotter til Mattis nora Meland, d. ikr. 1697. Born: a. Mats, f. ikr. 1691. b. Ola, f. ikr. 1694, åndsveik. c. Endre, f. 1697. Torstein vart oppattg. m. Anna Guleivsdtr. Stølo, d. 81 år gl. i 1759. Born: d. Guleiv, f. 1707, g. Hiskjo. e. Malene, f. 1712, d. 1720. f. Sissela, f. 1714, g. søra Meland. g. Erik, f. 1716, g. Alvsvåg.Torstein vart brukar ikr. 1687 og hadde både Jonne og faren, Endre Jonson sine bruk til 1736, då han delte bruket med versonen. Torstein var so brukar av sin part til han døydde, og seinare var ekkja hans brukar til 1741. Torstein åtte berre ein liten part, 20 mrk. smør i bruket. Resten åtte Michel Olrich i Hiskjo. Torstein åtte og ein part i Lindøyno, 4 ½ mrk. smør, 4 ½ mrk. fisk.Torstein var ein vyrd mann i bygda. Han var soleis presten sin medhjelpar, kyrkjeverje og lagrettemann. Han var ikkje av stor velstand, men buet greidde skulda i skiftet etter han.Anna var datter til Guleiv Knutson Stølo, kona var ukjend. Han døydde i 1701. Han var brukar på Stølo i 1664.Foreldra til Torstein Endreson søra Meland var Endre Jonson Alvsvåg 1645-1696 og Gjertrud Olsdtr døde i 1696.Foreldra til Aslak Danielson Alvsvåg:8 Daniel Torson Hidle, d. 59 år gl. i 1743. Første kona er ukjend. Born med henne: a. Brita, g. Økland. b. Aslak, g. Alvsvåg. c. Marta, g. Ådnanes. Daniel vart oppattg. m. Mari Nilsdtr. Born: d. Torkjel, f. og d. 1725. e. Ingeborg, f. 1726, g. Gilje. f. Nils, f. og d. 1728. g. Tor, f. 1730, g. Hiskjo. h. Nils, f. 1732, g. Ådnanes. i. Daniel, f. 1734. j. Ingebrikt, f. 1739. k. Anna, f. 1742, d. 1750.Daniel bygsla i 1712 og var brukar til han døydde. I 1733 er sagt at i Daniel sitt bruk låg 1 mark og 8 skill. pengar av kyrkjegodset, d. e. fjerdeparten. I 1745 vart halde skifte etter Daniel. Buet stod seg bra. Netto 40 rdl. Mellom det som er nemnt i buet kan nemnast, 5 kyr, 3 kviger, 1 kalv, 1 merr, 3 steingryter, 1 sylv signett. So åtte buet 1 båtnaust og ei ny sengjabu som han truleg har bygt då barneflokken auka. Husa var haldne i bra stand, åbota var 2 rdl. Mari vart oppattg. m. Lars O. Hiskjo.Foreldra til Daniel var Tor Andersson d. i 1697 og Marta Danielsdtr Hidle.BB II side 556, Foreldra til Åsa Larsdtr Stokkvik (halvsøster til Kristi)6 Lars Monsson Stokkvik, d. 1726. G. m. Synneva Olsdtr. Ho var nordanfrå bygda. Born: a. Brita, f. 1719. b. Mons, f. 1722. e. Åsa, f. 1723, g. Urong. d. Lukrits, f. 1726, g. Svortland.Lars vart brukar etter Mons si ekkje, og hadde garden til han døydde.Samme side: foreldra til Kristi Olsdtr Stokkvik:7 Ola Andersson, g. m. Synneva Olsdtr., ekkja etter Lars M. Stokkvikjo. Born: a. Lars, f. 1730. b. Kristi, f. 1731, d. 1737. c. Brita, f. 1735, g. Katla. d. Kristi, f. 1737, g. Laurhammar.Olav var brukar frå 1727 til 1733, då han måtte flytta av di den nye eigaren ville bruka garden sjølv. Ola flytte då til Svortland. (Sjå Svortland nr. 37.)BB II, side 139: foreldra til Torstein Endreson Alvsvåg:8 Endre Jonson Alvsvåg, var 20 år gl. i 1665, d. 1696. G. m. Gjertrud Olsdtr., d. 1696. Born: a. Torstein, g. Alvsvåg. b. Jon, f. ikr. 1678, g. Hallaråker.Endre vart truleg brukar etter Ola, men ein veit ikkje kva år han tok over bruket. Han var brukar til han døydde. Var brukar på Alvsvåg. (Sjå Alvsvåg nr. 62.) Endre åtte ein part i Alvsvåg, noko arva og noko kjøpt av syster si, Barbru Urong. Han åtte og ein part i søra Habbastad, likeccins arvegods, som han selde i 1678. Endre var lagrettemann.Det vart halde skifte etter Endre og Gjertrud i 1696. Netto i buet var 89 rdl. utanom jordegodset. Den yngste sonen var ikkje gift og fekk utlagt 7 rdl. i heimanfylgje, til liks med det broren hadde fått. Dessutan «unte» broren hans 19 rdl. i bryllupsgjerd og gåve, like mykje som han sjølv hadde fått hjå foreldra då han gifte seg. Lars Bentsen i Geitung kravde 4 mark, som arvingane nekta at buet var skuldig. Desse pengane vart avsette «in seqvestro» til han kunne prova at han hadde dei tilgode. Elles er nemnt i buet 1 hest, 8 kyr, 2 kviger, 7 smaler. 1 verje, 1 hellebard, 1 børse, og odelsgodset i Alvsvåg, 33¾ mrk. smør.Fra BB I, side 221 foreldra til Mari Rasmusdtr Innvær (1677-1744)43 Rasmus Endreson, var 50 år i 1701, d. i 1720. G. m. Synneva Mikkjelsdtr. d. 1725. Born: a. Mari, g. nora Sele. b. Endre, f. ikr. 1683, g. Innvær.Rasmus var komen til Innvær i 1685. Han svara då odelskatt for noko «barnegods» (dvs. at han var formyndar og styrde med jordegodset) i Vestvik i Valestrand. Rasmus var brukar til han døydde. Det vart haldde skifte etter Rasmus i 1720. Nettoeiga i buet var 22 rdl. Elles er nemnt noko sylv, m. a. eit sylv signett, 9 kyr, 2 kviger, 2 stutar, 2 kalvar, 4 geiter, 6 smaler, 1 kvern med hus og 1 utan, 1 børse og 1 kårde. Rasmus var lagrettemann i mange år, kyrkjeverje og legdsmann.I 1701 er sagt om brukarane på Innvær: «Bønder, kand svare Deris skatter, Dog Fattige.»----Far til Mons Olson Økland (f.1575) som var gift med ei Helga (d. 1668) var Ola/Oluf Økland, han døydde i 1627.Far til Gunnar Gyrdson Sjøvodl (d 1663) var Gyrd Knutsson nemd i 1601 og 1629, mora er nemd i 1645 som Mari ell. Marren.Far til Barbru Guttormsdtr Urong som var gift med Endre Hollund (1609-1680) var Guttorm Jonsson nemd i 1615. Dei, Barbru og Endre, var foreldra til 3 av Håkon sine forfedre som du sikkert har sett. Så 'Russamarto' har en del etterkommere det er sikkert!Nå tenker jeg du har job en tid med å sette alt dette opp, trenger du noen flere opplysninger, så ta gjerne kontakt.mvh Kjellaug R.P.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Birger Forsmo

Hei Kjellaug. Jeg 'gir meg enda over'. Det er jo bare helt utrolig hva du har fått til! Si meg, hvor mange tastetrykk klarer du i minuttet? Du må jo har skrevet med rekordfart.Men jeg er svært, svært takknemmelig for denne hjelpen, og min svigersønn jubler høylytt.Du er bare helt utrolig! Her har jeg arbeid i lange tider med å registrere de i slektsprogrammet. Joda, jeg har et slektsprogram,'Reunion', som jeg er veldig godt fornøyd med.Det eneste nå i første omgang er å finne ut de enkelte steder de var født og så datoene. Da må jeg nok til kirkebøkene.I alle fall skal du ha tusen, hjertelig takk for hjelpen!!! Med vennligste hilsen Birger

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

De var for det meste født på gården der de bodde, 'heimafødt'. Det er først nå i de siste 50-60 åra at kvinnene der ute har dradd til sykehus for å føde. Bømlo var/er ikke så stort. Ellers var det Finnås prestegjeld. Det er bare hyggelig å kunne hjelpe, jeg har fått så utrolig mye hjelp selv. Dersom du synest at det er noe du ikke har full klarhet over, så bare ta kontakt.Du har vel oppdaget at Endre Haldorson Gåsland (1752) og Marita Enevoldsdtr (1703-1763) 'Russamarto' har tre barn som er blant din Håkon's forfedre. Det er jo en artig legende dette her og hvem vet, kanskje den er sann??En del av det jeg sendte deg i går angår jo ikke din Håkon, du må finne linken med Marta Håkonsdtr Særstein, men det går nok bra:-) mvh Kjellaug R.P.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Birger Forsmo

Hei. Ja, enda en gang må jeg bare takke og bukke i dyp takknemlighet for din hjelp!Jeg vil nok oppdage etterhvert hvem som hører til hvem under registreringen i slektsprogrammet.Men 'Russamarto' har jeg oppdaget.Mvh. Birger

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.