Gå til innhold
Arkivverket

[#9310] Karen Pedersdtr, f.Hamar 1848, i Ålesund 1900?


Gjest Aase R.Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R.Sæther

Med utgangspunkt i tema 9252 presenterer eg her følgjande opplysningar:Paret Peder Andersen og Berte Eriksdtr gifta seg på Hamar i 1848. Han var 24 år, frå Vang, med far Anders Pedersen, og ho var 22 år, frå Stange, med far Erik Olsen.Dei fekk dottera Karen i Hamar 13.03.1848, og seinare sonen Anders i 1851. Ved folketellinga 1865 er dei på Valsigeie i Vang, og har då to born til, Johan 12 år og Pauline 10 år, begge fødde i Eidsvoll; Peder er då oppgjeven å vere 'simpel arbeider'. Seinare får dei også sonen Bernt i 1867; han blir i følgje Familysarch døypt 4 månader gammal i mars 1868 (Vang). Dottera Karen bur ikkje saman med dei i 1865, men der er minst to tenestejenter i Vang med namn og alder som kan passe (ingen av dei har Hamar som fødestad).Eg undrast på om denne Karen er den same som er busett i Ålesund i 1900, gift med fisker Karl Johan Olsen frå Kongsvinger, midlertidig opholdssted Opdal, (han blir seinare titulert handelsmann og frukthandlar).For å finne ut av dette, skulle eg gjerne hatt fleire opplysningar om den ovanfor nemnde Karen og hennar foreldre og sysken. (Konfirmasjonar, ekteskap, dødsfall, utvandring, kva som helst!) Bytellinga for Hamar 1885 inneheld arbeiderkone (N.B. ikkje -enke) Berte Eriksdtr i høveleg alder, men ikkje dei andre.Takkar for alle tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Asbjørn Røsbak

Bare gjør oppmerksom på at det i folketellingen for Eidsvold i 1865 er ei tjenestepike Karen Pedersdatter på 18 år som er født i Vang. Hun jobber på Doknæs søndre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R.Sæther

Og kva kyrkjebok tilhøyrde Hamar før det - var det Vang? Det vil i så fall seie at 'mi' Karen Pederdtr godt kan vere ført med fødestad Vang i 1865-tellinga, sjølv om ho oppgjev Hamar i 1900?Eg har nemleg tråla landet etter Karen Pedersdtr frå Hamar 1848 +/- 2 år i 1865 utan å finne noko. Når eg no prøvde med Vang som fødestad, enda eg opp med to som er 18 år, nemleg den du påpeikar i Eidsvoll, og ei anna på Østre Immerslund i Vang.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Asbjørn Røsbak

Til opplysning var Hamar en del av Vang fram til opprettelsen av Hamar by. Fra 1851 ble Hamar splittet ut og det ble ført egne kirkebøker for Hamar fra da av. I 1855 ble det også for Furnes ført egne kirkebøker selv om Furnes og Vang hørte sammen lenge. Furnes grenser til Hamar mot nordvest mens Vang gjør det samme mot nordøst.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Asbjørn Røsbak

De to Karen Pedersdatter er vanskelig å skille men med bakgrunn i at familien har flyttet fra Eidsvold til Hamar i nærheten av 1865 så er det ikke umulig at Karen ble igjen i Eidsvold. Imidlertid ser jeg ikke fra innflyttingslistene til Vang når familien flytter. Dette kan imidlertid vært ført opp under Hamar. Denne har jeg dessverre ikke tilgang til for øyeblikket.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R.Sæther

Eg takkar for ei god utgreiing! Dei geografiske brikkene tek til å falle på plass for meg no - det er altså slik at ein person fødd i ca 1848 i det som i dag er Hamar, vil vere fødd i Vang - men eg vil også tru at ein person fødd i det som også seinare var Vang, vil kunne vere registrert med fødestad Hamar i 1900, særleg når det er såpass langt unna som i Ålesund. (I alle fall dersom registrator i Ålesund var like glup i geografi som eg allereie har avslørt at eg er:-))I eit landsomfattande søk etter Kar[e]n børjar på Pe f.i Vang / Vangs i 1848 +/- 2 år står eg att med 4 personar:1. Karen på Doknæs søndre i Eidsvoll - 18 år.2. Karen på Østre Immerslund i Vang - 18 år.3. Karen på Qværnengen - 19 år.4. Karen på Tømte - 16 år (truleg litt for ung).Dei er alle tjenestepiger, og ingen av dei bur saman med foreldra sine.Kven av desse som er etter Peder Andersen/Berte Eriksdtr er ikkje godt å seie enno. Har du forresten høve til å sjå etter dåpsinnførsle for dei tre andre?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Asbjørn Røsbak

Karen på Tømte ser ut til å bosette seg i Vang eller nærheten ut fra bryllup i 1877.Karen på Qværnengen har jeg ingenting om under Vang. Her må det sjekkes under Furnes.De andre to har jeg ingen tips om så langt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R.Sæther

Etterkomarar etter Karen og Karl i Ålesund har ein vag tradisjon om at den eine eller begge skal vere av reisande slekt. Vil der vere spesielle merknader i kyrkjebøker og andre dokument som identifiserer reisande, eller vil dei vere førte som kva som helst andre borgarar?Har dei reisande same tradisjonar med oppkalling som fastbuande - og er tradisjonane i Hamar-området like sterke som elles i landet i siste halvdel av 1800-talet?Dei tre borna som eg kjenner namnet på, var August Adolf Ferdinand, f. Bud 1871, Kristine Petrine Emilie, f. Bud 1879, og Emma Sofie Pauline, f. Haram 1882. (Dei skal vere gifte 1870). Ikkje akkurat dei namna eg forventar av Pedersdtr og Olsen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...
Gjest Aase R.Sæther

Eg hentar denne tråden fram att, fordi ei av dei nye kjeldene som er lagt ut i dag, Utflytterliste for Vang 1816 - 1902, inneheld opplysningar om denne familien. Dei er registrerte 20.05.1854; Peder Andersen, Virshoug, 06.04.1824, Berthe Eriksdtr, 28 år, Karen Pedersdtr, 6 år, Anders Pedersen, Storhammer, 17.02.1851, Johan Emil Pedersen, Storhammer, 26.02.1854, alle registrert flytta med 'Bestemmelsessted ikke oppgitt'.Familien er framleis interessant som utgangspunkt for Karen Olsen i Ålesund 1900. Mitt spørsmål i denne omgang er om 'bestemmelsessted ikke oppgitt' er eit teikn på at det er ein omstreifarfamilie, men eg er elles takksam for alle eventuelle nye opplyningar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Eg har hatt ein runde på leiting etter denne familien i 1900-tellinga, og finn ein god kandidat i Johan Emil Pedersen, f. Vang 1854, på Ivarsmobakken i Storelvdal. Han er Inderst, Snekker for egen regning, og har kona Oline Andreasdtr f. 1871 Hamar, og borna Peder Alfred 1892, Bottolf 1894, Olga 1898, alle fødde i Furnes, og Ingeborg, f. 08.05.1900 i teljekrinsen.Skulle nokon der ute sitje med vidare informasjon om denne familien, vil eg bli svært glad.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...
Gjest Aase R Sæther

Eg hentar tråden opp endå ein gong; viser også til denne [url="http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=7386&sok=&startnr=&antall=&spraak=&nr=22&antinnlegg=11#anker>LenkeDet er lagt ut mykje kyrkjebøker sidan sist, og eg vil legge ut det eg finn om desse folka her - og kanskje har også andre opplysningar å kome med? Det er altså bakgrunnen til Karl Johan og Karen som er av interesse for meg.Her er eine dottera deira, Kristine, døypt i Bud i 1880

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Kai-Samuel Larsen-Vigardt

Hei Aase R Sæther. Jeg har desverre ikke lyktes i å finne ut om dette er omstreifere, men vil se videre på dette. Finner jeg ut noe vil jeg selvfølgelig gi deg et hint.Lykke til!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.