Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Gaute Losnegård

[#9357] Folketeljinga 1801 og 1825 for Jondal (Strandebarm

Recommended Posts

Gjest Gaute Losnegård

Hei. Som bygdebokforfattar for Jondal kommune har eg hatt stor glede og nytte av Digitalarkivet, og eg skuldar vel difor å gjere merksam på nokre ting eg har kome over når det gjeld folketeljingane for Jondal (Strandebarm) får 1801 og -25.1801: Garden Baggegard (eldre form Baggegård) manglar fullstendig. Dette har eg sjekka med Riksarkivet, som har sett etter i originaldokumenta. Opplysningar i panteregister m.m. tyder likevel på at det har budd folk der då.1825: Personane nr. 814-821 skuldast svært sannsynleg dobbelt registrering av personane nr. 588-595. Det er elles svært merkeleg at ikkje nokon av personane på garden Vik i Jondal er registrerte. Dette var endåtil lensmannsgarden (men det er vel typisk at han har gløymt å notere seg sjølv, om det var lensmannen som føretok registreringane). NB: Vik i Jondal må ikkje forvekslast med Vik i Herand (personar nr. 189-201 under 'Wiig').

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Herfindal Johannessen

I dokumentasjonsfila til folketeljinga 1825 for Strandebarm står det mellom anna at:'Originalen ligg i Strandebarm prestearkiv i SAB, og for delar av teljinga ligg det to ulike versjonar - og dei er berre delvis identiske. Databasen er bygd på dei vi reknar som dei endelege, men har 'retta' nokre stader der det er manglar i høve til den andre. I sum kjem vi litt over det offisielle talet - 2540. Nokre personar er talde to gongar'. Mvh Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Herfindal Johannessen

Med fare for å ta feil, så meiner eg å hugsa at det i prestearkivet for Strandebarm ligg fleire folketeljingslister for Strandebarm, t.d. for året 1827. Kanhende er lensmannsgarden Vik med i den. Eg skal undersøkja dette når eg er attende på arbeid. Mvh Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Herfindal Johannessen

I prestearkivet for Strandebarm finnes en arkivboks som bl.a. inneholder folketellingslister fra 1801-1827. Noen av disse listene er grunnlagsmaterialet for folketellingen 1801.Under overskriften: 'Optegnelse Paa folketalet i Jondahls Sogn under Bergen amt saaledes som det befantes at være den 1ste Februar 1801, tillige med forklaring om enhver Persons Embede og Nærings vey m.v.' finner vi tre familier (nummerert som iste, 3die og 4die familie)på gården 'Bagegaarden' nemlig:1ste Familie Lars Samsonsen husbonde, 49, begge i første Ægteskab, bonde og gaardbeboer Edi Pedersdtr, hans kone, 45, begge i første Ægteskab Marita Larsdtr, deres barn, 6, ugift, Guro Nielsdtr, Tienestefolk, 58, ugift3die Familie Niels Jonsen, husbonde, 23, begge i Første ægteskab, bonde og gaardbeboer, Ragnilde Nielsdtr, hans Kone, 30, begge i Første ægteskab, Jacob Jonsen, Tienestefolk, 19, Margrete Trondsdtr, Tienestefolk, 46,4de Familie: Jon Nielsen, Husbondens Fader, 62, Enchemand efter første ÆgteskabMvh Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gaute Losnegård

Eg finn ein gard til som ikkje er nemnt i folketeljinga 1801, nemleg Gangdal.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Herfindal Johannessen

Eg har diverre ikkje hatt høve til å leita etter fleire fleire opplysningar frå folketeljinga 1801 i Strandebarm prestearkiv. Neste gong du besøker lesesalen ved Statsarkivet i Bergen kan du jo gjennomgå innhaldet i denne arkivboksen frå Standebarm prestearkiv sjølv. Mvh Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.