Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Terje Hatvik

[#9362] Jan Oldervoll: Uendra soknegrense m. Os & Smngr.?

Recommended Posts

Gjest Terje Hatvik

Til Jan Oldervoll:Dette spørsmålet går like mykje til samningen som til historikaren Jan Oldervoll - Har soknegrensa mellom Os og Samnanger sokner- og kommunar alltid vore som no? Eller var det ei anna før??Eg veit Samanager og Os var sams kommune fram til 1907 og prestegjeld til 1949, men eg tenkjer spesifikt på soknegrensene. Difor - det ting som tyder på at til dømes nokre av ytste gardane i Samnanger ein gong sokna til Os kyrkje, eller omvendt; at somme av dei inste i Os ei tid fór innetter fjorden til Årland istaden for utetter til Osøyro???Skriv kan hende Nils Lauvskard noko særskilt om dette i bygdebøkene sine???? Nils Tveit nemner - etter kva eg kan sjå - ikkje noko om soknegrenser og slikt i bygdebøkene for Os.På førehand takk,Vyrdsam helsing Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Samnanger har alltid vore som det no er; men grensa har vore onnorleis. Fusa hadde ein liten bite mellom Samanger og Os før; Bogstrand. Derimot var det vanleg at folk i Samanger fekk utført kyrkjelege tenester i Os (og Fusa). Samnanger hadde ikkje prest buande i bygda før i 1939.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Takk for svaret, Jan - det var som eg trudde.Årsak til spørsmålet er både det tette sambandet (handel/giftarmål m.m.) mellom til dømes gardane Rolvsvågen og Solbjørg i Samnanger og Øvredalen og Lønningdalen i Os; men like mykje òg at garden Bogstrand (med Bogevik og Aspeneset/Ospeneset) etter alt å døma er utskild ifrå Lønningdal i gamal tid, og difor at kanskje garden Solbjørg òg kunne vera utskild derfrå (?).Men etter alt å døma er vel Solbjørg oppteken frå vågen til denne høvdingen 'Rolf' ein gong i mellomalderen.Og når Os og Samnanger i alle høve var sams tinglag med felles lensmann og prest, så vart vel soknegrensa truleg eit skilje utan større tyding før vi kjem eit stykke inn på 1800-talet.Soknegrensene vart vel ein gong i tida [dvs. før reformasjonen] kan hende sett like mykje etter kor lang kyrkjeveg kvar einskild hadde, - slik at ikkje nokre fekk mykje lenger å ro/gå til kyrkja enn andre? I så fall er noverande soknegrense både rimeleg og logisk i høve til geografiske- og topografiske tilhøve.Mvh., Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.