Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Jan Oldervoll

[#9412] Endå ein ny funksjon

Recommended Posts

Gjest Jan Oldervoll

Når du er inne i ein database er det no kome ei ny lenke 'same' oppe. Vanskeleg å forstå. Men trykkjer du på den vil fu få fram lenke til alle databasar for same kommune du er inne i.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Fiffig! Men det fungerer vel ikkje heilt? Eg gjorde følgjande: Landsomfattande søk 1865 fødestad Gloppen, førenamn Karl, gjev mange funn. Går inn på t.d. Bergen (som skal ha mange kjelder), går fram til ein av Karl'ane, trykkjer Same, og får opp ei side der det står Feil. Eg prøvde andre kommunar óg. Men når dette fungerer som det skal, er det eit gedigent framsteg!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Takk skal du ha. Eg ser no at det fungerer ikkje når du kjem rett frå landsomfattande søk. Men det skal nok koma seg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

og det var fort gjort. No skulle det vera i orden.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Eg får same melding no ved eit søk i 1900 (via landsomfattande søk).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Det gjer ikkje eg. Her må du konkretisera.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Det kan sjå ut som problemet oppstår når eg brukar 'attende til førre utval' i landsomfattande søk. Prøver eg å bruke Same når eg har gjort eit anna utval og gått inn på ein ny person, får eg melding om Feil.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

No trur eg det er ordna. Men dette er komplisert og får konsekvensar både her og der. Så det kan dukka opp situasjonar som gjer at det går galt. Eg er glad for alle tilbakemeldingar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Flott! Eg prøvde endåtil å gå to utval tilbake to gonger, men det fungerte då også.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg fann tenesta noko raus då eg prøvde følgjande: Eg gjekk inn i basen min med spedalske i USA som ligg under utland. Om eg då klikka same, fekk eg nok opp alt som gjeld utland, men òg norske manntal m.m. - altså langt meir enn det eg hadde forventa.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Eg har sjølsagt gløymt at det finst databasar som ikkje er knytt til ein kommune. Eg skal sjå kva eg kan gjera med det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

No har det kome seg noko. Men eg garanter framleis ikkje at alt er som det skal vera. Grunnen er at eg no tek i bruk informasjon i metadatabasen vår me ikkje har brukt før, og som då heller ikkje er kontrollert. Me får sjå korleis det går.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Berre til orientering og hjelp: Den eg nemnde i stad, kjem no opp saman med berre utlendingar, som er rett. Men den veit eg òg ligg under Emigrantar, anna emigrantmateriale. Derimot er der eit problem under kjeldetype 'Andre'. Der er det så ymse. Nokre som truleg er koda mot eit fylke, kjem i rett bås, mendan dei fleste under t.d. 'Heile landet' og 'Utlandet' ikkje får opp fleire ved bruk av 'Same'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Andersen

De nye overskriftene angir tydeligere hva som menes.En videreføring av samme system kan være:Kjelder ordna etter: | Type | Område: | Dåverande | Dagens | Same | FT: | 1801 | 1865 | 1900 | Kjeldar: | Nyeste | Søk etterDette kan også løse ønsket fra # 9401.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Morten Østevik

Denne funkjsjonen er fin. :-)Men et lite men, hvordan fungerer dette i forhold til nye kommuner fra f.eks 1801 eller til gamle kommuner fra 1900-tellingen. Formoder koblingen er gjort mot kommunenummer. Ved ukjent land blir dette litt vanskeligere.Ha en fin helg alle sammen på DA og dere andre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Slik det er no fungerer den berre mot kommunenummer på kjeldetidspunktet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.