Gå til innhold
Arkivverket

[#9496] Thomas Rasmussen Nesje,Opstryn.Omreisende salmaker.


Gjest Bjørnar Risjord
 Del

Recommended Posts

Gjest Bjørnar Risjord

Søker etter opplysninger om foreldre til Tommesine Thomasdatter Nesje,gift Havnegjerde i Borgund,født 24.01.1817 Innvik,S&F.Digitalarkivet over døpte i Innvik anmerker faren som omreisende salmaker,og jeg finner hverken han eller kona Martha Endresdatter seinere.Finnes det bygdebøker der garden Nesje i Innvik er omhandla? Takknemlig for alle opplysninger!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R.Sæther

Du har vel ei lita nøtt føre deg her, trur eg.Du finn ein Tomas Rasmusson f. i 1767 i Innvik prestegjeld (Nesje ligg i dag i Stryn kommune) av foreldra Rasmus og Kristi Nesje; i 1794 gifter han seg med Anna Haralddtr Guddal, også i Innvik prestegjeld.Om foreldra Rasmus og Kristi Nesje står der 'Son. Tomes budde på Sylte, son. Arne budde paa Fylling, Sunnmøre'.Ved folketellinga 1801 er der eit ektepar Thomas Rasmussen (husmann) og Anne Haralddtr busette på Weedøy i Romsdal, med døtrene Malene og Ingeborg; alderen passar perfekt med dei to frå Stryn.Dei same foreldra finn du til Rasmus Tomasson Nesje som står i lista over døypte i Innvik 1802, men som er henta frå konfirmantlistene.Denne Rasmus Tomasson overtok seinare Hamrebruket på Skåre (også i Oppstryn), og om han står det i bygdeboka: 'Foreldri til R. budde på Nesi, men var frå Einebu, Lesje'. Dette stemmer då ikkje heilt med det eg har skissert ovanfor, men bygdebøker er nok ikkje alltid heilt pålitelege.Marta Endresdtr som han får barn med i 1817 (eg ville likt å sjå originalen, kanskje er der merknad om ekte/uekte?) må vere den som er dotter på Ytre Lunde (også Innvik, noverandre Stryn) i 1801.Som du ser er her nokre brikker som ikkje passar heilt i hop, men det er i alle fall dette du kan finne i bygdeboka.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørnar Risjord

Tusen takk for mange nyttige spor AAse! Eg var på biblioteket i dag,og i ei 'kirkebok' frå Innvik var det lista opp under 'Fødte Qvindekiøn 1817' Thomasine f.24.01,d.02.02. med Thomas og Martha som foreldre. Fadderane var m.andre Colbein Haralds. og Ingebor Rasmusd. Guddal. Merkelig? Thomasine er forøvrig mi Tipp,tipp-oldemor.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R.Sæther

Kolbein Haraldson Guddal er nok bror til Anne Haralddtr. Ingeborg Rasmusdtr Guddal er fødd Nesje, og syster til Tomas. Framgår det av dåpsnotatet at Tomas og Marta er gifte, må Anne Haralddtr vere død, men er det snakk om eit uekte barn, er det likevel ikkje unaturleg at desse personane er fadrar. Namnet Tomasine kan peike i fleire retningar - barn vart ofte oppkalla etter faren dersom han var død, og uekte born vart også ofte oppkalla etter faren, særleg dersom han 'stakk av'. Men det er også ofte fedre som lever og stiller opp som blir oppkalla, så dette er berre lause teoriar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørnar Risjord

Desverre har eg ikkje noko som stadfester om Thomas og Martha var gifte eller ei,til det treng eg vel den 'orginale' dåpsattesten,ellers må eg få takke for et lærerikt innlegg Aase!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Herfindal Johannessen

Kirkeboken for presten i Innvik, A 2, registeret over døpte s. 39 inneholder følgende opplysningar om Thomasines dåp: 'Thomasine Thomasdtr Næsie' født 1817 den 24 Jan. Døpt: 1817 den 2 Febr. i Kirken.Som foreldre er oppgitt: 'Thomas Rasmusen Næsie og Martha Endresdtr. Bondestand. Omreisende Sadelmager'.Som faddere er oppgitt: 'Colbein Haraldsen Guddalen, Isach Rasmussen Næsie, Sigri Arnesdtr Næsie, Ingebor Rasmusdtr Guddalen, Mari Monsdtr?? Aaning. Alle af Bondestand paa anførte Gaarder'.Det står ingen ting i kirkeboken om at barnet er født utenfor ekteskap. Mvh Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R.Sæther

Eg har sett gjennom skifteregisteret for Nordfjord for å sjå om der er skifte som kan hjelpe deg vidare, men det ser dessverre ikkje ut som der er noko av interesse.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.