Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Norvald Halland

[#9681] Jakobia Luth(sdtr) Reimers.

Recommended Posts

Gjest Norvald Halland

Kjenner nokon til hennar opphav og familiebakgrunn?Fødd ca. 1772 (i Bergen?), d. 1857 (kb. for Manger)I ft. 1801 er ho ug. tjenestepige på Soltvedt i Manger. Gift 3 g., i 1805 m uk Niels Torbiørnsen Soltvedt, i 1817 m em. Halver Michelsen Alveim, og i 1829 m Torchel Torchelsen Kielstad. Ved første ekteskap er det notert i kb. 'fra Bergen' (Alle ekteskap inngått i Manger)bustad Alveim i Manger.3 born, i første ekteskapNemd som Luth, Luthsdtr, Rejmesdtr., og ved død Reinertsdtr. Alveim I Ættebok for Nordr Øygarden (J. Sjursen) er ho nemd Jakobia Luth ReimersHar søkt i kb. for Bergen, uten hell.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Herfindal Johannessen

I 1775 den 16 august blir barnet Jacobe døpt i Domkirken i Bergen. Hun er datter av Reinert Lude, bager og Magdalene Jordan. Lude og Luth, Reimers/Reimesdtr/Reinertsdtr er ikke så veldig ulikt, så kanskje kan dette være den riktige damen? Mvh Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Norvald Halland

Ja, ser ut til å vera eit godt tips. Takk skal du ha.Men, skal tru kva som fekk ei 'fin' bergensfrøken til å dra langt ut på strilelandet i teneste??

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marianne Herfindal Johannessen

Mor til Jacobe, Magdalene Lude født Jordan, døydde i 1785, då Jacobe var omlag ti år gammal. Det er mogeleg at Jacobe kan ha vore eit av mange byborn som av ein eller annan grunn vart oppfostra på 'strilelandet'. I slike høve var det ikkje urimeleg at fosterbarna tok teneste på landet der dei var oppfostra etter at dei var vaksne (konfirmerte). Manger er dessutan eit område som har hatt særs mange born til oppfostring gjennom tidene. Mvh Marianne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.