Gå til innhold
Arkivverket

[#9693] Jacob Pederson Lisæth, omstreifande vevskeibindar, frå Bremanger??


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Jacob Pederson Lisæth, omstreifande vevskeibindar sagt å vera frå Bremanger, streifa i 1840-åri i lag med jenta Mari Pedersdotter, fødd i Solvorn i Hafslo 4.4.1821, opphavleg av omstreifarætt. Dei fekk tre born i lag:* Petter Jacobson, fødd i Lavik i Sogn 25.9.1841 (døydde som husmann i Solvorn, Hafslo 22.12.1922, var gift og fekk tolv born)* Sarina Jacobsdotter, fødd i Davik i Nordfjord 7.11.1843 (døydde i Bergen 25.11.1927 der ho hadde vore gift og fekk fem born)* Maren Christine Jacobsdotter, fødd i Vik i Sogn 28.10.1845 (konfirmert i Hafslo 1862, ukjend lagnad)So vart det slutt mellom Jacob og Mari, og Mari slo seg i staden i lag med ein Johannes Tøgerson frå Solvorn i Hafslo. Dei heldt fram som omstreifarar og fekk fire born før dei i 1856 gifte seg og slo seg ned som strandsitjarar i Solvorn i Hafslo.Er det nokon som kan hjelpa meg med å identifisera Jacob Pederson Lisæth? På Lisæth i Bremanger budde det ein Peder Andersson Lisæth som i 1835 fekk ein son Jacob, men han er jo alt for ung. Derimot ser eg ein annan 'mistenkeleg' kandidat:Ein Jacob Pederson, husmann på Lisæth i Davik, men fødd i Sund 1809 (han var med andre ord 'på farten'), gifte seg som enkjemann i Davik 16.4.1838 med ei Margrethe Marie Jensdotter Salthellen, fødd i Askvoll 1813. Dei får ein son i lag, Jens, fødd som husmannsbarn på Lisæth i Davik 22.10.1838, men vert so 'borte'.Kan henda var det same mannen den enkjemannen Jacob Pederson Havnen, fødd 1810, som 26.11.1854 (altso mange år etter at det eventuelt vart slutt med Mari Pedersdotter!) gifte seg att i Davik med ei Kari Clausdotter, fødd 1809??Innspel vert mottekne med stor takksemd!Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg vil gjerne få komma med ei tilleggsopplysning, og ei tilleggsutfordring:Jacob Pederson Havnen, fødd 1807, døydde som gift fattiglem i Davik 29.7.1880.Derimot var det på Frøien øvre i Bremanger i 1865 ein ugift losjerande steinarbeidar Jacob Pederson, fødd i Lærdal 1816. Tek me til å nærma oss Jacob Pederson Lisæth??Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

WOOPS: Her kjem opplysningane på 'løpande band':Jacob Pederson Havnen, som i 1865 vert oppgjeven å vera husmann utan jord og fiskar på Havnen i Davik, fødd i Søvde prgj i 1805, hadde hjå seg kona Kari Clausdotter, fødd i Davik 1805 OG DOTTERI SERINE JACOBSDOTTER, fødd i Davik 1843.So den første teorien min ser ut til å halda stikk, men kvar var no denne Jacob eigentleg ifrå, Sund eller Søvde?? Skal det kanskje vera Syvde i Vanylven??Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Solfrid Vestaberg Ormøy

Hei LarsTror jeg har funnet Maren Christine i 1865 folketellingen i Sund i Hordaland. Her er linken: Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Takk so mykje, Solfrid, for oppdagingi av Maren Christine Jacobsdotter i Sund 1865. Det kan ikkje vera mykje tvil om at det er rette jenta!So er neste spørsmål: Kvar vart ho av etter 1865? Kan henda kyrkjebøkene for Sund kan gje oss svaret?Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Lars E. Øyane

Under ein lynvisitt til Riksarkivet i Oslo sist fredag gjekk eg gjennom kyrkjebøkene for Vanylven med Syvde på Sunnmøre, men fann ikkje nokon Jacob Pederson fødd på den tidi som 'vår' Jacob skulle vera fødd, dvs kring 1803-1812. Men om han opphavleg var av omstreifarætt, so er vel kanskje ikkje det so underleg at han ikkje finst i kyrkjeboki. Sjølv om han var fødd i Vanylven, kan han jo godt ha vorte døypt ein annan stad!?Eg vonar framleis på hjelp!Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg har no hatt høve til å studera kyrkjebøkene for Sund, men kunne ikkje finna noki vigsle for Maren Christine Jacobsdotter i Sund (med Austevoll) i tidi 1865-1880. Heller ikkje finn eg Maren Christine Jacobsdotter som ugift mor i Sund (med Austevoll) i same tidsrom. So, me lyt tru at ho må vera flytt derifrå, men kvar vart ho av?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...
Gjest Kai Larsen

Hei...Jeg har nå lest så vidt hva dere har skrevet her, og jeg fant en Jakob Pedersen Liset i fantefortegnelsen fra 1859. Jeg skriver ned de viktigste opplysningene som står der:-Marie Pedersdatter (35 år, født i Hafslo av omstreifende foreldre (Gryte-Per)). Hun kom ilag med -Jakob Pedersen Liset av Bremager i Kinns prestegjeld. De fikke 3 barn: *Sarina (med morbroren Mons Pedersen). *Petter (14år). *Maren (9 år).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jennifer Richardson

Lars. Looks like you're continuing my family history. I need the birth, marraige and death records on Marie Pedersdotter and Jakob Pederson Liseth, too. I am getting help on this forum. Thank you for telling me how to do it. Jennifer

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Birger Forsmo

Hei, Lars.Jeg leser a l t som du skriver i dine etterlysninger. Det er alltid spennende.Og i dag undres jeg om du i din 'vandring' etter Liseth-folk kanskje er borti en Peder Liseth, fra Berle i Bremanger. Jeg har nemlig en Peder Liseth, f. 1895 og død 1923 i Berle. Han er oppgitt å være far til en Anton Liseth, f. 1919 og gift i Bergen med en nær slektning av meg fra Nordland.Jeg er nemlig usikker på om det er rette faren jeg har fått oppgitt. Sist jeg snakket med kona til Anton, for et par år siden, hadde de problemer med å kunne si sikkert hvem som var hans foreldre! Muligens kom de fra Indre Sogn, ble det sagt eller kanskje Nordfjord.Jeg håper at kanskje foreldrene dukker opp hos deg!Med vennlig hilsen Birger

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Martin Aarskog

Hvis du drar ut Syvdefjorden og fortsetter rett frem så havner du på Gurskøya og gården(e)Saude (Indre og Ytre Saude). Så sent som på 1800-tallet ble Saude omtalt som Søvde, tidligere også Søffde og Souffde, Seuffde. Ca 1 km fra Saude ligger gården Liset. Gårdene Saude og Liset hører til Sande prestegjeld. Barn født der ville normalt ha blitt døpt i Rovde kirke. Kanskje verdt et forsøk å undersøke der ?Hilsen Martin

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Til deg Birger:Diverre har eg ikkje opplysningar om andre huslyder med namnet Lisæth/Liseth, so eg er redd eg ikkje kan hjelpa deg...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg oppdaga nett no at Rune Thorstensen under tema #21724 i innlegg #13 frå 2004 nemner ein Jacob Pederson av streifarætt som var fødd i Sund i 1810 med mor Christina Eliasdotter. Eg har ein sterk mistanke om at det er Jacob Pederson Lisæth det her er tale om. Han hadde dessutan ei dotter som sidan budde i Sund...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.