Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#9783] Hans Evenson frå Åfjord i Sør-Trøndelag, fødd 1868? - til Amerika 1893?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Frå U.S.A. har eg motteke opplysning om at ein Hans Evenson, som 23.11.1899 gifte seg i Moorhead, MN, skal vera fødd i Åfjord i juni 1868 og at han utvandra til Amerika i 1893. Han døydde i Parkside, SK i 1917 og let etter seg enkje Kari f. Tang og fem born.Eg har so langt ikkje vore i stand til å stadfesta opphavet til Hans Evenson i Noreg. Eg finn han ikkje i passasjerlistene frå Trondheim, men kanskje er det nokon med lokalkunnskap som har høve til å sjekka kyrkjebøkene for fødde i Åfjord kring 1868?Hjarteleg takk på førehand for all hjelp!Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Halvor Aaby

Jeg har ikke sett i kirkebøkene for Åfjord, men jeg har sett i Åfjord og Jøssund gårdshistorie bind II av H. K. Hansen. Her blir kildene stort sett nøyaktig gjengitt.Den eneste passende Hans Evensen jeg kan finne her er Hans Jørgen f 1868, sønn til skredder Even Andersen og hustru Beret Anna Hansdatter. I 1865 bodde Even i Buenget under Prestegården og var ugift. Even var f 6.5.1838 på Kråknesset. Han gifta seg 14. oktober 1866 med Beret Anna Hansd. f 19.11.1843 i Berdal, datter til Hans Amundsen og 2. kone Johanna Johansd. Even var sønn til Anders Andersen f ca 1790 i Ørkdalen og kona Hanna Dorthea Susanna Ellingsd. f 1804 på Vasstrand.Denne Hans Evensen er imidlertid sannsynligvis født i Nordland. Foreldra reiste nordetter i 1867, men kom tilbake til folketellinga 1875. Da bodde de på Flatnesset under Monstad. I 1875 var det 2 barn: Hans Jørgen f 1868 og Helga f 1874. Det er ikke oppgitt fødselsdato på Hans Jørgen. Det tyder på at kilden for H. K. Hansen ikke er kirkeboka, men folketellingslistene. Helga kan derimot være født i Åfjord, da Hansen følger bruker kirkebøkene for Åfjord som kilde fram til 1873. Jeg kan finne flere opplysninger om slekta til Hans Evensen, men da bør vi være sikre på at dette er den rette.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til Laila og Halvor for innlegg om Hans Evenson.Til deg, Laila, so har eg alt sett denne huslyden i 1900-teljingi for Clay Co., MN. Det var der eg fann alderen hans, og eg lurer på om ikkje det òg står han hadde vore i Amerika i sju år...!Til deg, Halvor, so høyrest det svært sannsynleg ut at du har funne rette mannen. Men korleis skal me prova det? Eg tok ein rask kikk på 1900-teljingi for Noreg, og det ser ikkje ut til å vera nokon Hans Evenson i heile Noreg på den tidi som høver. Men kvifor er han ikkje då med i utvandringslistene frå Trondheim?Det er ikkje naudsynt med fleire opplysningar om opphavet til Even og Beret Anna, men kan du, Halvor (eller andre), svara meg på desse spørsmåli?* Seier H. K. Hansen i gardssoga for Åfjord og Jøssund noko om lagnaden til denne huslyden, d.v.s. kvar det vart av Even og Beret Anna og dei to borni deira? Kanskje heile huslyden utvandra til Amerika? (Eg kan ikkje sjå korkje Even eller Beret Anna i Noreg 1900, men ei Helga Evensdotter, fødd i Åfjord 1874, var i 1900 innerstkone på Føien i Åfjord, gift med Ove Larsen!!)* So vidt eg kan sjå, so ligg ikkje folketeljingi for Åfjord 1875 ute på nettet. Seier denne noko om kva prestegjeld 'nordetter' Hans var fødd i?* Finst det kanskje konfirmasjonslister for Åfjord som syner nøyaktig dato og stad for fødsli til Hans Jørgen?Nok ein gong takk for hjelpi og på førehand takk for eventuelle tilleggsopplysningar som kan stadfesta samanhangen!Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Halvor Aaby

Jeg kan ikke hjelpe stort mer, da jeg verken har adgang til folketellinga 1875 eller kirkebøker for Åfjord.H. K. Hansen avslutta bøkene sine i 1875, og har ingen opplysninger om hva som hendte med folk etter den tid. Jeg har sett i Norges Bebyggelse fra 1950-åra, men finner ingen passende kandidater på Lauvøya, der plassen Føya ligger. Foreldra til Ove Larsen bodde på Føya fra ca 1867.Hansen nevner ikke fødestedet til Hans Evensen, men det kan være å finne i FT 1875 allikevel.Onkel til Hans Jørgen Evensen het Hans Jørgen Andersen, f 1844. I følge H. K. Hansen er dette den 'fremragende lærer og kirkesanger som en tid var ansatt i Jøssund, men senere flyttet ned på Østlandet.' Han ble gift 1866 med Maren Hansine Gjemtz som en tid tjente i Vallersund. Kanskje kan det ligge et spor for å finne mer om Hans Evensen her?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Halvor Aaby

Et lite tillegg til forrige innlegg. Onkelen brukte navnet Hans Jørgen Næss i folketellinga 1865. Kona hans hadde pikenavnet Gjemsø. Jeg klarer ikke å finne dem i folketellinga 1900.Jeg mener at det er arbeid i gang med å fortsette Åfjord-bøkene etter 1875. Kommunen kan svare på det. For øvrig kan det være en tanke å kontakte Helge Bueng i Åfjord. Han er historieinteressert og er fra Buenget der det bodde flere slektninger av Hans Jørgen Evensen f 1868, f. eks. faren Even i 1865 og onklene Elias og Otto.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg takkar deg, Halvor, for nye innspel i denne saki og vil følgja opp dei rådi du kjem med.Eg kan forresten nemna at ein soneson av Hans bur på Fiji i Stillehavet. Han eig ei heil øy der han leiger ut bungalows med eigen privat strand. Det må vera lov til å drøyma seg vekk frå desse regntunge norske fjell og dalar...Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.