Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Aase R.Sæther

[#9808] Simianne og Olai Jørgens Falkevik, frå Davik til USA

Recommended Posts

Gjest Aase R.Sæther

Simianne Martine Jørgensdtr Falkevik reiste frå Bergen til USA den 11.05 1901 med Stjerne Linjen (pp). Ho var fødd 02.09.1865 i Davik, og var ugift då ho reiste. Ho har oppgjeve yrke 'datter av Gbr' (=gårdbruker) då ho reiste.Broren Olai Mathias Jørgenson Falkevik, f. i Davik 01.07.1867, reiste frå Bergen 14.09.1888; linje ikkje oppgjeven. Han er ført som handelsbetjent.Begge ser ut til å ha reist åleine. Særleg Simianne har eit namn som er nokså 'håplaust' i USA, og det er vel all grunn til å tru at ho har kalla seg noko anna. Familietradisjonen fortel at ho vart gift, og at ho i alle fall må ha levt til ut på 1930-talet ein gong, då ho sende ein presang til ein konfirmant her i Noreg.Olai skal ha vore helst på av ein annan norsk slektning som var på besøk i Chicago; han arbeidde då i ei konfeksjonsforretning.Eg har prøvd å finne Simianne på Ellis Island, men utan hell.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Slutten av innlegget datt ut: Kan nokon andre hjelpe meg å finne spor etter dei på den andre sida av dammen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

Fant en etterlysning under Hennepin County, Minnesota, er den din?:'Olai Mathias Jørgenson Falkevik, born July 1th.1867, Davik Parish, Nordfjord, Norway. Emigration to USA 1888. A rumour sais a relative met him once in a clothes shop in Minneapolis where he worked (was he a tailor?), but else there are no certain information. His brother, Elias Kristoffer Olai Jørgenson Falkevik,born Sept 8th 1876, Davik Parish, Nordfjord, Norway. Last information is that he was godfather of a nephew christened at Ålesund, Norway 1894. Else there are no traces. He might have emigrated to America. Any information on those two persons will be of great interest.'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Det er ikkje eg som har skrive etterlysninga, men ho er skriven i samarbeid med meg, ja. Og som du les her, var Olai i Minneapolis, ikkje Chicago, eg hugsa litt feil i farten. Den yngre broren Elias trur eg helst døydde ung (etter 1894), men har ikkje sikre prov på det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.