Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Inger Vesthagen

[#9809] Sjømenn og matroser i Colbjørnsvig, Arendal

Recommended Posts

Gjest Inger Vesthagen

Min oldefar, Thomas.A. Jensen,f.1.9-1850 i Colbjørnsvig.Hvor? Han var gift med Anne Serine Arnesen f.7.11-1851,Strandstedet Colbjørnsvig deraf Norvigen 1.Finnes stedet i dag, og evt. hvor ligger det?De hadde 5 barn:Olavia Andrea f.1875,Josefine Augusta f.1876,(min mormor)John A.f.1878,Thomas f.1891,Alf f. 1892.Finnes det etterkommere etter disse?Har hørt at Josefine og evt. Olavia Andrea omkom i brann i Arendal 1932.Josefine var da på besøk hos sin søster for hun bodde da i Oslo.Er det noen som vet noe om dette?Var foreldrene til Thomas Adolf:John Jensen og Serine Tønnesdatter? Hvor kom de fra og når var de født?Finnes det bygdebøker for dette området er jeg takknemlig for å få vite hvor jeg kan få tak i det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Kolbjørnsvik ligg på innsida av Hisøya, vis à vis Rådhusbryggja på Tyholmen i Arendal sentrum og høyrer no til Arendal kommune (tidlegare var Hisøy eigen kommune - og i periodar visstnok saman med Øyestad). Det går ei lita ferje fram og attende mellom Rådhusbryggja og Kolbjørnsvik. Den gamle skrivargarden for Nedenes finst framleis på kaia i Kolbjørnsvik. Eg trur ikkje der er bygdebøker for det området, så du må nok nytte kyrkjebøkene for Hisøy om du vil finne ut meir om dei folka.Når det gjeld den brannen i 1932, vil eg tru den vart omtala i avisene her (den gongen kom i alle høve desse tre ut i Arendal: Den Vestlandske Tidende, Agderposten og Tiden). Både avisene og kyrkjebøkene finst på mikrofilm som kan lånast inn til ditt lokale bibliotek. Kyrkjebøkene finst dessutan på film på Riksarkivet i Oslo.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Inger Vesthagen

Takk for opplysningene.Da var jeg på riktig sted for 3uker siden.Mener du at Norvigen1 er skrivargarden for Nedenes? Thomas A. og minst en av sønnene, står oppført i Riksarkivet og Digitalarkivet som sjømann/matros. Kanskje det var på ferjen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Den gamle skrivargarden har adresse Noroddvegen 2, med m.a. Hisøy legesenter. Den ligg rett bortom ferjekaien. Men det var nok ikkje på ferja dei var matrosar. Dei seilte nok utanriks, for på den tida var Arendal Noregs største sjøfartsby. Og mange sjøfolk budde utanfor byen, som i Kolbjørnvik og Sandvigen på Hisøya og Skilsø og Revesand på Tromøya, samt Merdø utanfor der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Jørgensen

Hei,jeg har også en forfar som var sjømann fra Colbjørnsvig - Mathias Olsen født 19.10.1811. Han er i bygdeboka for Øyestad omtalt som 'Mathias Olsen Colbjørnsvig', mens han i min familiebibel kun heter 'Mathias Olsen'. Nå ser jeg på folketellingen i 1801 at det bor særdeles mange på 'gården' Colbjørnsvig, og ut fra debatten skjønner jeg at dette området allerede tidlig lå 'i byen'. Er de som kom herfra således å betrakte som byborgere og er det da unaturlig å benytte 'Colbjørnsvig' som slektsnavn, eller kun 'Olsen'. Har du noen kommentarer til dette Bjørn?P.S. Dersom noen har mere detaljer enn hva jeg finner i FT1801 om foreldrene til Mathias, så tar jeg gjerne i mot det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Kolbjørnsvik var i mange år å rekne som ein forstad til Arendal. Den ligg på Hisøya og høyrde til Hisøy kommune fram til kommunesamanslåinga i 1992. Men alt kring 1750 vart sju eigedomer i Kolbjørnsvik 'inkorporete' i byen for å nyte godt av dei serrettane som Arendal hadde fått som by i 1723. (Kjelde: Arendal byleksikon). Dette var jo lenge før formannskapslovene og hadde nok samband med at mange skipseigarar budde der ute i lag med sjøfolka sine. På den tida var det jo vanleg med partreiarlag, der òg sjøfolka, og serleg skipparen, måtte kjøpe seg inn i skipet for i det heile få hyre.Der må likevel ha vore ein skilnad mellom dei forfina byfolka og dei som budde i Vikja - og den var merkbar heilt opp til våre dagar. Det minnest eg frå min første tid her nede tidleg på 1980-talet. Då var der strid om eit namneval i Arendal by. I det høve var der nokre som meinte at eine partigruppeleiaren i bystyret helst burde halde kjeft, for han var jo fødd i Kolbjørnsvik!Men alt på 1850-talet ser vi at Kolbjørnsvik vert halden for ikkje å vere ein del av Arendal. Der var nemleg ein skippar på Kolbjørnsvik som kom heim med kolerasykje, med det resultat at fleire der ute døydde. I ei stavanger-avis vart dette utlagd som at Arendal var smitta. Men då reagerte lokalbladet her, Den Vestlandske Tidende, kraftig. At der var komen kolera til Kolbjørnsvik, var ikkje det same som at der var komen kolera til Arendal!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars Jørgensen

Hei Bjørnog takk for interessante opplysninger. Hvorvidt Kolbjørnsvik var en del av byen eller ikke, har altså variert og kommer også an på øyet som ser. Jeg tolker deg likevel dithen at Kolbjørnsvig var et _større_ sted (en forstad - å sammenlikne med Vika eller Enerhaugen i Oslo). Det vil altså være unaturlig å kalle folk herfra for 'Kolbjørnsvik' -eller?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Ja, eg vil tru at serleg sjøfolk, men òg andre, nytta seg av slike stadnamn som etternamn - i alle høve når dei var borte frå heimstaden. Det ser vi òg t.d. i Årstad og Laksevåg, der tilflyttarar tok heimstadnamnet til etternamn i staden for å kalle seg Olsen/Hansen osb.Elles vil eg nok ikkje ta så hardt i som å samanlikne det med Vika eller Enerhaugen, i alle høve ikkje i omfang og folkesetnad. Men der er ein god del gamle bustadhus der ute, både små og store.Eg kan jo nemne at Hisøy med tida vart Arendals svar på Kalfaret i Bergen, eller beste vestkant i Oslo. Det var dit mange av dei rike byborgarane flytta og fekk seg etter måten store eigedomar med flotte bustadhus. Sjølv i dag er det 'fint' - og dyrt - å få seg nytt hus på Hisøya.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.