Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Helga Kallevik

[#9899] Ole Martin Olsen Fjon /Aasbu ? F.28.04.1883

Recommended Posts

Gjest Helga Kallevik

Ynskjer informasjon om Ole Martin Olsen f. 28.04.1883 i Sveio. Foreldra var Inger Marie Reidarsdatter Aasbu f. 1857 og Ola Eileivson Fjon F. 1860 og døs 1884. Inger Marie vart seinare gift med Johan Larsen Stenbro, Haugesund. I følge bygdebok for Sveio reiste Ole Martin til Amerika, men eg finn han ikkje i emigrantprotokollane eller på Ellis Island (iallefall ikkje kiandidatar som eg med sikkerhet kan sei er han), veit at han var i Norge i februar 1901, så han må ha reist etter dette. Veit også at han hadde onklar på farssida ma. Hans Eileivson Fjon som budde i South dakota (Campbeel co), kanskje han reiste til slekta ? Veot ikkje om det er mulig å finna ut noko om dette. Å leita etter Ole Olson i USA vert jo heilt umogleg. Er det nokon som har gode forslag ?Mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Innlegg nr. 9875 inneheld fleire opplysninger om Inger Marie Reidarsdatter Aasbu, seinare gift Stenbro.Helga

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Ole Martin Olson hadde også slekt i Kandiyohi County Minnesota, nær Willmar. Det er ein mulighet for at han kan ha reist til denne familien (Kallevig).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Prøver meg igjen med etterlysing av Ole Martin Olsen f. 1873. Har med å leita rundt på 'nettet' funne ut at faren til Ole Martin,(Ole Ellefson Fjon),hadde ei søster Aselina Fjon som emigrerte til SD. Ho var gift med Klemmet Kvalvognes. Dei budde i Pollock SD, men eg har også funne ting som tyder på at her kan ha vore kontakter til Idaho.Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Eg har no ved å leita rundt på div. slektsider i USA også funne ein 'aktuell kandidat' ved namn Martin Olson f.04.08.1883 og død 1977. Denne Martin er registert i Willmar, Kandiyohi County, Minnesota. Det var også i rundt Willmar ein del av mors slekta til Ole Martin Olsen Fjon f.1883 budde. Korleis kan eg finna ut om dette kan vera den Ole Martin Olsen eg leitar etter? NB! Fødselsdato stemmer ikkje, han eg leitar etter er født 28.04.1873, Martin Olson i Willmar er født 04.08. 1873.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

I ft. 1900 budde Ole Martin Olson på garden Kallevik,søre (Moster) i Finnaas. Her er han oppgitt som dreng. Dei han var dreng hjå var mine oldeforeldre, og oldemor mi Bertha Reiersdatter Aasbu var tanta til Ole Martin (mors søster). Ei jente som også var i teneste på garden, fekk hausten 1900 ei datter, og det er sagt at denne Ole var faren. Dette viser at Ole Martin må ha reist over til USA etter 1900.Er det nokon som veit om det kan stå i kyrkjebøkene kva tid personar emigrerte (utmelding eller utflytting) ? Dersom han reiste direkte her frå Finnaas til USA vilein då kunne finna noko i Finnås sine kyrkjebøker,eller må ein leita i Sveio der han var fødd og vaks opp ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Beklager lenka i innlegget over virka ikkje. her er ny lenke:LenkeHelga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Har ikkje komme vidare i denne saka. Prøver enno ein gong i tilfelle der er nye brukarar med nye idear til korleis eg kan finna ut meire her. mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest helga Kallevik

Hei!I den scanna kykjeboka for Sveio 1894-1906 finn eg Ole Martin konfirmert 26. sept. 1897. Her er han oppgitt med namn Ole Martin Olsen Aasbø f. 28.04.1883 døpt 17.06.1883. Foreldra var pige Inger Marie Reiersdatter Aasbu og ungk. Ole Ellefson Fjon. (Ole Ellefson døde i 1884 same året som han gifte seg med Inger Marie). Fødested på Ole Martin er oppgitt til Aasbu, det same er Bopel.Mora Inger Marie gifte seg oppatt i 1890 med Johan Stenbro i Haugesund.Dette kan vel tyda på at Ole Martin vart buande hjå besteforeldra på Aasbu i staden for å flytta med mora og stefaren til Haugesund. Det ser også ut til at han nytta Aasbu som etternamn (ikkje Fjon etter faren eller Stenbro etter stefaren).Mormora døydde i 1895. Så i heimen til besteforeldra var det då morfaren og mora si syster (mi oldemor Bertha Oline Reiersdatter) som budde i 1897 då Ole vart konfirmert. Morfaren døydde i 1899 og Bertha Oline gifte seg i 1898 med Mathias Kallevik. Dei flytta til Finnaas i 1899-1900. I ft. 1900 for Finnaas finn eg altså Ole Martin buande hjå dei.I bygdeboka for Sveio står det at Ole Martin reiste til Amerika. Når eg har fødselsdato og dåpsdato er det då mogleg å finna han att i Amerika?Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Prøver meg endå ein gong eg. Kan det vera ein mulighet for å finna Ole Martin Olson Aasbu i USA census for 1920 eller 1930?Event. om han har tatt etternamnet til tanta og onkelen som han budde hjå i Norge i ft. 1900 og kalla seg Kallevig i staden for Aasbu? Onkelen hans (gift med moras søster) hadde brødre i Kandiyohi county i Minnesota. Kan han ha reist til dei?mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Ole Martin hadde også ein halvbror Oscar f. 1887 I følge dødsannonsa til mora i 1940 ser det ut til at denne Oscar også drog til USA. Meir info om Oscar her Lenkemvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Prøver meg enno ein gong med denne etterlysinga. Har ikkje funne spor etter Ole Martin i USA. Reknar med at han flytte til Finnaas med tanta og onkelen rundt 1900. Besteforeldra på Aasbu, (der det ser ut til at han vaks opp), var begge døde før 1900.Har sett gjennom scanna kyrkjebøker, utflytta både frå Finnaas og Sveio i aktuelt tidsrom. Kan ikkje finna Ole Martin her. Men han er altså registrert under Finnaas i ft. 1900.Mora nytta etternamnet Tjernagel då ho gifte seg att med Johan Larsen Stenbro i Haugesund, men ho kom altså frå Aasbu. Ole Martin budde truleg i Kallevik då han emigrerte.Han kan difor ha nytta etternamn som Olson/Fjon, Aasbu, Tjernagel eller Kallevik/Kallevig i USA. Mest sansynleg Olson, Aasbu (eller event. Kallevig).mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Har leita enno ein gong gjennom utflytta i dei scanna kyrkjebøkene, men finn ingen som passar til Ole Martin Olson Aasbu. Er det nokon som har idear til vidare søk?mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Står framleis fast i søket etter Ole Martin Olson Åsbu f. 1883 til USA etter 19000.Kan nokon med tilgong på Ancestry Com finne meir info om desse personane:All Border Crossings: From Canada to U.S., 1895-1956 results for Ole Aasbu: Ole Asbo date year Vancouver, British Columbia, Canada View RecordPreview Name: Ole O Aasbo Birth Country: NorwayPort of Arrival: Halifax, Nova Scotia, CanadaThere's more to see A picture of the original documentAnd things like Arrival Date Age Birth Date Gender Race/Nationality Ship Name Port of Departure Sign up now Ole O Aasbo date year Halifax, Nova Scotia, CanadaTakknemleg for hjelp her.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.