Gå til innhold
Arkivverket

[#9998] Ragnhild Andersdotter Tveiten (1815-1883) – Radøy/Wisconsin – lagnad i Noreg?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ragnhild Andersdotter, fødd på Tveiten, Radøy (den gongen ein del av Manger prestegjeld) 13.10.1815 som dotter av gardbrukar Anders Olson på Tveiten og kona Martha Ellingsdotter frå Toska, gifte seg som enkje i Madison, Wisconsin 17.9.1881 med enkjemannen Peder Pederson, fødd på Hillestad i Hafslo, Sogn 12.2.1823. Dei var båe då busette i McFarland, Dane Co., WI der Ragnhild døydde alt 8.2.1883. Peder døydde i Verona, WI 26.5.1911.So langt er soga om Ragnhild grei. Men ho hadde vore gift før, og det før ho utvandra til Amerika. Første mannen heitte visstnok Lars Monsson, og me trur han var fødd i november 1827, høgst sannsynleg i Hamre eller på Lindås(?). Ragnhild og Lars utvandra til Amerika, truleg ein eller annan gong mellom 1856 og 1865, og Lars døydde i McFarland, WI 25.10.1878.Ragnhild og Lars fekk minst ein son i lag:* Marius O(lai?) Larsson, fødd 18.1.1856, rimelegvis i Hamre eller på Lindås(?), utvandra nok i lag med foreldri til Amerika, men døydde i McFarland, WI alt 4.11.1884, truleg ugift.So er det spørsmål om nokon kjenner att denne huslyden eller kan hjelpa meg med fleire opplysningar? Eg mistenker Lars for å vera bror til Malena Monsdotter, som er emne for tema nr. 9999 (s.d.), men er uansett interessert i opplysningar om nøyaktig dato og stad for fødsli hans, kven som var foreldri, dato for vigsli hans med Ragnhild, kva born dei fekk og dessutan utvandringsåret til denne huslyden?Eg takkar so mykje på førehand for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anders Haugland

Eg lova deg å sjå nærare på denne saka. Men det var ikkje så mykje eg fann, utover at Ragnhild flytta frå Radøy i 1839, for å slå seg ned i Bergen. Med helsing Anders Haugland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Etter undersøking av kyrkjebøkene for Manger, Hamre, Lindås, Hosanger og Haus, i tillegg til Bergen, har eg ikkje vore i stand til å finna fødsli til denne Marius O(lai) Larsson, fødd 1856 med Ragnhild Andersdotter til mor. Det framstår soleis som eit stort 'mysterium' kvar Ragnhild Andersdotter budde før ho utvandra til Amerika. Kan ho vera flytt oppover eller nedover langs kysten einkvan stad? Kanskje til Haugesund eller til Florø??Alle tips vert mottekne med stor takk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg er framleis på leiting etter lagnaden til Ragnhild Andersdotter frå Tveiten på Radøy. Er det kanskje kome til nye lesarar som kan hjelpa meg?På førehand hjarteleg takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Jeg vet ikke om Anders Olsen Tvedten hadde flere døtre som het Ragnhild, men her gifter Ragnhild Andersdtr. Tvedten seg i 1854 med Rasmus Johannessen Mangersnes. Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Jeg ser det er skifte etter Anders Olsen Tveit, Radøy.Jeg vet ikke om det er Ragnhilds far, men det kunne kanskje vært nyttig å få vite hvem som er nevnt i det skiftet.Om dette er rett, og Ragnhild forlot Radøy i 1839, er det kanskje nevnt hvor hun oppholder seg i skiftet. 13526 Anders Olsen Tveit Radø 214 D3 1846-1851 Mvh. Rune T.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Kanskje nok et villspor, men den som aldri prøver oppnår heller ingenting.En Ragnhild Andersdtr. Tvedt 29år gammel fra Manger giftet seg i Bergen 1845.I følge FamilySearch VRI het faren Anders Olsen.Lenke. Jeg kan imidlertid ikke se at paret fikk barn i Bergen. Mvh. Rune T.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Dette problemet har lege rolig i fleire år, men no vil eg freista komma til botn i denne saki!Nærare undersøkingar syner at Ragnhild Andersdotter må ha utvandra til Amerika, anten som gift med Jørgen Petersen Hjelmersteen (jmf. innlegg #8) eller som enkje, for ho gifte seg i Amerika, truleg ein gong i 1860-åri, med:Lars Johan Monsson, fødd på Myren, Laksevåg (Askøy) 28.11.1825. Han utvandra frå Askøy (Laksevåg) til Amerika i 1862 med si første kone Kirsti Olsdotter (frå Aurland) og fire born, inkl. Magnus Olai fødd 1856 og Marius fødd 1860!Eg er difor svært interessert i fleire opplysningar om Jørgen Petersen Hjelmersteen og lagnaden hans!?Ein stor takk til Rune for tidlegare innlegg og opplysningi om Jørgen frå vigsli!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Geir Eide

Blant passasjerene på 'Norge' som forlater Bergen 7.mai 1865 og ankommer Quebec 14 juni 1865 finner en ( se lenke) listet som nr 113 og 114; Jørgen Pedersen og Ragnilde Andersdatter fra Bergen. Jeg ser imidlertid at alderen på Ragnhild er ca 15 år feil i forhold til den Ragnhild som du søker etter, Lars. Det var merkelig at alt annet ser ut til å stemme.Dette er hentet fra Solem, Swiggum og Austheim sine utvandrer sider. LenkeMvh Geir E

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Geir og Elin for kjempeflotte innlegg! Då er den ''norske'' sida av denne huslyden løyst, og det står att å finna detaljar frå Amerika...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.