Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#9999] Malena Monsdotter (1843-1880), frå Valestrand, Hamre til Wisconsin – opphav??

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Malena Monsdotter vert ved folketeljingi i 1865 for Myren på Laksevåg oppgjevi å vera fødd i Fjell i 1843, men ved vigsli hennar på Askøy 15.10.1865 står det at ho var fødd på Valestrand i Hamre. Brudgommen var John Nilsson frå Myren, fødd i Sund 17.6.1835 som son av gardbrukar Nils Nilsson på Myren, opphavleg frå Sædalen i Bruvik (Haus), og kona Inger Gundersdotter, som opphavleg skal ha vore frå Manger. Nils Nilsson og Inger Gundersdotter hadde born fødde både i Haus, i Manger og i Sund, og kanskje òg andre stader, før dei hamna på Myren på Laksevåg.Malena Monsdotter og mannen John Nilsson utvandra til Amerika våren 1866 på eit skip fullt av sogningar, og dei fór visstnok til DeForest, Dane Co., WI der me finn tre born fødde:* Nils Martin, fødd 30.8.1866, døydde truleg i ung alder(?)* Inga, fødd 13.2.1868* Peder Johan, fødd 25.11.1871So må John Nilsson vera avliden kring 1873, for kring 1875 gifte Malena seg att med Peder Pedreson, fødd på Hillestad i Hafslo, Sogn 12.2.1823. Han utvandra som ungkar i 1881, og parfolket busette seg i McFarland, Dane Co., WI der to born vart fødde:* (Jo?)Hanna, fødd kring 1876* Peder Martin, fødd 19.1.1879So døydde Malena i McFarland, WI hausten 1880, og Peder gifte seg att med Ragnhild Andersdotter, emne for tema nr. 9998 (s.d.). Han døydde i Verona, WI 26.5.1911.Eg er interessert i opplysningar om opphavet til Malena Monsdotter, nøyaktig dato og stad for fødsli hennar og namn på foreldri hennar? Eg mistenker ho for å vera søster til Lars Monsson som var gift med Ragnhild Andersdotter i tema nr. 9998, men kan ikkje prova dette!Eg vil gjerne få takka so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kenneth Bratland

Dette er tatt fra Hamreboken av Håkon Aasheim. Mons Gudmundsen Skår (født 1819) gift 1842 med Pernille Johannesdatter Valestrand (1820-1844) De fikk datteren Magdeli på Valestrand i 1842 og foreldrene var da tjenestefolk. Pernille døde som inderst på Valestrand i 1844. I 1847 ble Mons opp igjen gift med Barbru Steffensdatter Sellevoll, Hamre (født 1824) De fikk sønnen Steffen i 1847 og bodde da som inderster på Skår. I 1848 flyttet familien til Morland i Fjell, der de forøvrig bor i 1865. Mvh. Kenneth Bratland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk Kenneth for informativt svar i denne saki! No forstår eg 'forvirringi' med fødsli til Malena. Samstundes lyt me slå fast at Lars Monsson i tema #9998 hadde andre foreldre...!Er det elles mogeleg å få gjort eit oppslag for å finna den nøyaktige fødselsdatoen til Magdeli i 1842?Nok ein gong hjarteleg takk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

I følge Familysearch ble hun døpt på Valestrand 06.12.1842 av foreldre Mons Gudmundson og Pernille Johannesdatter. For å finne nøyaktig fødselsdato må du nok til kirkebøkene.I følge samme kilde ble Mons og Pernille viet i Hamre samme dato.Pernille er kanskje den som døpes i Hamre 12.03.1820 av foreldre Johannes Johannesson og Ingebor Olsdatter.Mons døpes 06.11.1819 av foreldre Gudmund Olsen og Maila Monsdatter.De giftet seg i Hamre 14.08.1804.Gudmund var fra Skaar og Maila fra Ryskeland. Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.