Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#10000] Ole Torkildson Sandvig og huslyden hans i Ålesund - kvar vart dei av??

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ole Torkildson Sandvig, fødd i Luster 12.8.1827, flytte i ung alder til Ålesund, men gifte seg i Borgund (Skodje?) 10.8.1865 med Ingeborg Marie Nilsdotter, fødd på Flåte i Skodje 28.4.1831. Ole Sandvig var sjømann og sigla på kysten. Under ein sjøreise til Finnmark vart han sjuk, og han døydde på sjukehuset i Gamvik 11.5.1871. Den seinare lagnaden til enkja Ingeborg er ukjend! So vidt eg kan sjå, fekk Ole og Ingeborg tre born i lag:* Karen Nicoline Bergitte Olsdotter Sandvig, fødd i Skodje, Borgund (eller fødd i Ørskaug?) våren 1859 (døypt i Skodje 12.6.1859), var i 1875 tenestejente i Ålesund, men vert sidan borte!* Theodor Johan Olson Sandvig, fødd i Ålesund 22.9.1865, lagnaden hans er ukjend!* Ernst Olai Olson Sandvig, fødd i Ålesund 7.6.1868, må ha utvandra til Amerika i ung alder, for i 1900 reiste han frå Bergen som 'gift farmarbeidar' med bustad Minnesota!Eg er elles heilt 'blank' når det gjeld opplysningar om denne huslyden. Er det nokon som kan hjelpa meg å finna ut kvar det vart av Ingeborg Marie Nilsdotter og dei to eldste borni? Eller opplysningar om Ernst og den 'første' utvandringi hans?På førehand tusen takk for hjelpi!Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

I telefonkatalogen for Ålesund finn eg Arne Gerhard, Gudrun og Ingrid Sandvig. Prøv å ring vel? Etter adressene å døme, bur alle tre i 'gamle' Ålesund. Frå barndommen synest eg å hugse ei eller fleire foretningar Sandvig i 'bya' - eller hugsar eg feil? Namnet verkar i alle fall kjent -.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

Hei Lars! På Ellis Island finner du Olai Sandvig når han ankommer 22. august 1900. Han skulle til Red Wing, Minnesota,og han hadde vært i USA i 15 år før. Han hadde også begynt å 'juge' på alderen, for til Manifest-skriveren har han slått av 2 år, og blitt 30!og her reiser han første gangen tenker jeg Lenke tror du ikke? LailaLaila

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

En ting til, Olai er single iflg Ellis når han kommer dit.... Laila

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

Det skulle ikke forundre meg om dette er Olai: SANDVICK, OLAI CertID# 1930-MN-004817 Date of Birth: Place of Birth: Mother Maiden Name: Date of Death: 10/18/1930 County of Death: GOODHUE

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg takkar so mykje for fleire fine og verdifulle innspel i dag, særleg frå deg, Laila!Du har nok funne Ernst Olai si første utvandring frå Bergen; eg leitte sjølv under Ernst, men fann han ikkje der! Og likeins har du funne dødsfallet hans i Goodhue Co., MN. Eg ser han skreiv seg Olai i Amerika, for i 1920 budde han som ugift møllearbeidar i Wanamingo village, Goodhue Co., MN. Han var då leigebuar hjå Nels Olness (frå Ølnes i Sogndal)! Men kvar vart det av søskeni hans?Du, Harald, nemner at namnet Sandvig er kjent frå Ålesund. Det stemmer nok, for folketeljingane frå 1865 og likeins 1900 syner fleire huslyder med namn Sandvig i Ålesund:* Sandvig, Christian Mathias, fødd i Christiania 1827, dreiv i 1900 'handel med kvite, fortømme etc.'. Han var gift og hadde fleire born. Bustaden var i Kirkegaten.* Sandvig, Ole, fødd i Borgund 1826, var i 1900 'handelsmand med ved etc.'. Ogso han var gift og hadde fleire born. Dei budde i Nedre Strandgaten.Både Christian og Ole hadde visstnok søner som dreiv handel i Ålesund og som soleis brakte namnet vidare. Men det er altso ikkje noko å sjå til folki 'mine' i Ålesund etter 1875! Det einaste måtte vera om Karen hadde funne seg ein mann og 'droppa' Sandvig-namnet, eller Ingeborg Marie hadde gift seg att etter at 'min' Ole døydde?Eg skal no skriva etter nekrologen til Olai Sandvick i Minnesota; er me heldige, so fortel kanskje den noko om lagnaden til Karen og Theodor?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Nekrologen etter Olai Sandvick er komen og fortel at Olai i 1886 utvandra til SØSTER SI som den gongen var tenestejente hjå ein familie Halvorson i Wanamingo township, Goodhue Co., MN. Det står ikkje noko meir om søsteri enn at ho døydde i California sju år før Olai, d.v.s. kring 1923. Ho var nok gift på den tidi, men ættenamnet kjem ikkje fram. Broren Theodor er ikkje nemnd i nekrologen i det heile! Han var nok ikkje i Amerika!No er det store spørsmålet: Er det mogeleg å finna ut kva tid Karen Nicoline Bergitte Olsdotter Sandvig utvandra til Amerika? Det må ha vore mellom 1875 og 1886!Og kva skjedde med mori og broren Theodor? Kanskje dei båe var avlidne før 1875? Elles har me aldri funne Ernst Olai i 1875 heller, men han kan jo ha butt ein stad der teljingi ikkje enno er digitalisert!?Takkar hjarteleg for nye innspel!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hanne Heen

I følge kirkebøkene for Ålesund (film NOR 1-244) side 259 står det følgende under døde : Sømandsenke fattiglem Ingeborg Marie Nilsdatter Sandvik, født i Skaue (Skodje) død 16.03.1880, begravd 22.03.1880. Dødsårsak . sårfeber. Har ikke funnet noe om Theodor eller hans søster enda, men skal lete videre. Hanne Heen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til deg, Hanne, for dødsdatoen til Ingeborg. Då kan me altso stadfesta at ho vart buande i Ålesund levetidi si ut, men desto meir underleg er det at me ikkje finn ho i 1875. Kanskje skjular ho seg under eit anna namn?Nok ein gong takk for hjelpi og lukke til med leitingi etter Theodor og utvandringi til Karen!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Bryn

Denne Ingeborg er gjerne identisk med den Marie?? Nilsdatter Sandvig som i 1875 bodde i Langeberget 15 i Ålesund. Lenke her og du kommer til denne adressen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Knut, for innspelet ditt. So lurte ogso mori meg med det doble namnet sitt! Det er heilt klårt at denne Marie?? Nilsdotter Sandvig som i 1875 var vaskekone og enkje i Ålesund, må vera 'vår' Ingeborg Marie. Ho har endåtil sonen Ernst Olai med seg!Men sidan berre Ernst Olai er nemnd her og dotteri Karen er i teneste ein annan stad i byen, er det eit spørsmål om ikkje Theodor Johan er avliden mellom 1865 og 1875. Det hadde jo vore naturleg om ogso han budde heime hjå mor si i 1875, berre ti år gamal!?Nok ein gong takk for hjelpi! Det er godt å ha med seg fleire par auge for å leita...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hanne Heen

Hei igjen Var innom biblioteket i dag og fant følgende : Ægte barn Johan Theodor Olsen Sandvig, født 22.09.1865, død 26.07.1874, begravd 30.07.1874 i Ålesund. Han døde av brystbetendelse. Kilde : Mikrofilm HF-1146, side 174. Da var den gåten løst og du hadde rett, han var død før 1875. De har jo muligens snudd om på fornavnen, men det var jo ganske vanlig. Hanne Heen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg tusen takk, Hanne! Då er gåta med Theodor Johan/Johan Theodor endeleg løyst!No står me berre att med spørsmålet om søsteri Karen Nicoline Bergitte (eller kva no enn ho kan ha kalla seg...? - kanskje kyrkjebøkene for Skodje kan avklara namnet?). Ho må ha utvandra som ugift til Amerika mellom 1875 og 1885, men kan denne utvandringi vera innført i kyrkjebøkene for Ålesund? Prestane slurva ofte med flyttelistene...!Nok ein gong ein kjempetakk for god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×