Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest Lars E. Øyane

[#10013] Herman Luth og Ole Andersson - Borgund og Ålesund på Sunnmøre - ætti deira??

Recommended Posts

Guest Lars E. Øyane

Elen Marie Eriksdotter, fødd på Østremsøyen under Østrem i Borgund 25.3.1821, gifte seg første gongen i Borgund 10.5.1852 med:Herman Bernt Luth, som eg ikkje veit noko meir om. Han døydde tidleg, og 23.6.1858 gifte Elen Marie seg att i Borgund med:Ole Andersson, fødd på Øiene (Øyane) i Luster 4.3.1821. Ole og Elen Marie busette seg på Fredsberg i Borgund der dei er nemnde i 1865. Seinare lagnad er ukjend!So vidt eg veit, fekk Elen Marie to born:* Andreas Severin Hermanson (Luth), døypt i Borgund 12.6.1853, levde i 1865, men er elles ukjend.* Hermane Joakime, kjend som Joakime Olsdotter, døypt i Borgund 6.7.1862, levde òg i 1865 og kan vera identisk med den enkja Joackime Monsen, fødd i Borgund 1862, som i 1900 var busett i Kirkegaten 87 i Ålesund og då hadde seks born hjå seg, Olga 1889, Petra 1891, Ester 1895, Mikal 1896, Monrad 1898 og Solveig 23.9.1900.Er det nokon som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om denne huslyden? Kan nokon stadfesta identiteten til Joackime Monsen i Ålesund? Eller kva lagnad fekk dei uølike medlemmane av denne huslyden?Eg takkar so mykje på førehand for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane

Som nemnt under tema #14324, syner det seg at Herman Bernt Luth, nemnd ovanfor, var son av:Didrik Eilers Andersson Luth og kona Anna Sophie Johannesdotter Boldt.I 1801 er Anna Sophie Luth enkje og busett på Store Nørve i Borgund. Sonen Herman Bernt Luth er 8 år, men han er ikkje i dartabasen over fødde i Borgund, so denne Didrik og kona hans må ha butt ein annan stad.Er det nokon som sit med fleire opplysningar om dette paret, ville eg setja stor på å høyra om det!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Per Nermo

Er dette samme mann som iflg. Dale i 'den andre tråden' tidligere hadde vært g. (i 1821) med Anne Olsdatter Vågnesholen ?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane

Svar til Per:JA, det er same mann!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.