Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#10021] Olaf Olson Svenby utvandra frå Christiania i 1912, men kven var han??

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Olaf Olson Svenby, fødd 5.12.1893, uvisst kvar, var dagarbeidar og budde i Østerdalsgt. 6 IIII i Christiania då han 9.8.1912 utvandra til Amerika. Han kalla seg for Olaf Swenby og budde først i Minneapolis, MN, men flytte sidan til Silverton, OR og derifrå til Ventura Co., CA der han døydde 11.10.1964.Gardsnamnet Sven(d)by finst i alle fall på Modum i Buskerud, i Feiring (Eidsvoll) i Akershus og på Løten og Eidskog i Hedmark. Eg har leitt i 1900-teljingi, men kan ikkje finna nokon rimelege 'kandidatar'!Kan nokon hjelpa meg med opphavet hans?Olaf hadde ei tante med namn Oline Christine Olsdotter som skal vera fødd 20.5.1864, uvisst kvar. Ho vert frå Amerika oppgjevi å vera dotter av

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjell Hamberg

Hei! I oversikten over Emigranter fra Kristiania 1871-1921 finner du i 1906 enken Martha Svenby (54) og døtrene Kaja Regine Svenby (17) og Marie Ols. Svenby (8) fra Nord-Odal. De er ikke lette å finne i FT1900, men jeg mener at Martha Svenby i 1906 er identisk med Matea Oppi i FT1900 for Nord-Odal (enke allerede da). (Navnet på døtrene stemmer også bra). I FT1900 finnes også en sønn Ole, med fødselsår 1891 (som stemmer dårligere hvis dette er riktig familie).Uansett - et sted må man begynne!Mvh Kjell H

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg, Kjell, for innlegg om Olaf Svenby.Eg trur ikkje at det er noki samanhang mellom Olaf Svenby og huslyden som utvandra frå Nord-Odal i 1906. I tillegg til at alderen på sonen i Nord-Odal høver dårleg, er det også den vesle merknaden som står bak namnet til Olaf, og som eg ikkje var merksam på før i kveld: 'utvandrar til far'.Diverre er ikkje utflyttingslistene frå Christiania enno heilt ferdig digitaliserte, elles hadde me kanskje funne denne faren utvandra?Takkar hjarteleg for fleire innspel!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

Hei Lars! Når jeg ser på California Death Index på Ancestry, er mor pikenavn oppgitt til 'ALMONDSO'. Gubben og jeg har kommet fram til at det må være f.eks. Amundsen eller Amundsjø? (som du sikkert vet, almond uttales m/stum L)Østerdalsgata er forresten på Vakre Vålerenga

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

Lars, i ditt første innlegg her, skriver du at 'Ho vert frå Amerika oppgjevi å vera dotter av 'En annen ting jeg lurer på, er hva Olines mann kalte seg i US? Laila

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg takkar deg, Laila, for innleggi dine om Olaf Svenby og tanta hans.Det er først no, etter innlegget ditt, eg har oppdaga at Digitalarkivet sitt system har lurt meg. Systemet liker visstnok ikkje hermeteikni frå datamaskiner med amerikansk tastatur! Kvifor veit eg ikkje. Det same har skjedd før! Men uansett: Nekrologen etter Oline Christine seier at ho var dotter av Ole og Inge Andersen.Eg kan elles leggja til at Peder Christopherson Sønnesyn og Oline Christine gifte seg i Clackamas Co., OR 23.3.1919, og den originale vigsleattesten seier at Peder var 'over 65' og Christine var 'over 54', so aldrene deira ser ut til å vera nokolunde korrekt oppgjevne, sjølv om ho ved folketeljingi frå 1920 vert sagt å utvandra i 1903!! Eg kan elles leggja til at forlovarane deira i 1919 var Fred og Caroline SOLEN (eller Solem?), om det kan vera noki hjelp?Når det gjeld namnet som denne huslyden nytta i Amerika, so kalla Peder seg som regel Peder C. Sonnesyn eller P. C. Sonnesyn, men i 1920 har dei greidd å 'vrenga' namnet til Saunesyn!Er det von om løysing av denne 'floka' mi?Nok ein gong, hjerteleg takk for alle innspel!Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

Hei igjen Lars! Jeg tror løsningen er at jeg tar en titt i FT1912 for Østerdalsgate 6, for å se hvordan familien ser ut. Bør jo regne med at vi der finner hvor Olaf er født, og da er vi på god veg. Han bør jo og bo sammen med sin far som da er søster til Oline? Eller er Oline søster til Olafs mor?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg, Laila, for nytt interessant innspel i denne saki.Eg tykkjer det er ein framifrå idé å sjå etter i FT 1912 for Christiania og Østerdalsgt. 6 for der å sjå kva som står om Olaf Svenby og fødestaden hans. So, om du har høve til å sjekka dette, vil det truleg gje oss i alle fall eit 'delvis' svar på spørsmålet om opphavet til tanta hans. Om Oline Christine Olsdotter var ei faster eller ei moster av Olaf, veit eg ikkje noko om!Hjarteleg takk igjen for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

Lars, hva er historien rundt at Oline er Olaf's tante?? Nysgjerrig, vet du! Har du forresten på dine turer rundt forbi funnet store emigrant-kolonier av romerikinger????DU gjør en framifrå jobb, må jeg si, og det er kjempearti å følge deg i spørsmål og svar rundt folka du spør etter. Og jeg må også si, - skrive-dialekta di er kjempeflott!!!!Vel. Dagens aftensang. Laila

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Det er ikkje noko særskilt å seia om 'tanteskapen' til Oline Christine i høve til Olaf Svenby. Det var vel berre det at mannen til Oline, Peder Sønnesyn, hadde born frå eit tidlegare ekteskap i Noreg. Dei fekk ikkje born i lag, so Olaf var næraste 'ervingen' hennar!Eg har forresten tinga ein DCT for Olaf Svenby, so får me sjå om der kjem fram noko meir...?Eg har gjennom meir enn eit kvart hundreår forska på lagnaden til 6,500 emigrantar frå Luster kommune (inklusive Hafslo og Jostedalen) og fører ættene fram til første generasjon fødd i Amerika. Eg har vel funne att meir enn 95% av dei i Amerika. Gjennom dette arbeidet har eg sjølvsagt funne ektemakar frå nær sagt kvar einaste kommune i landet i tillegg til ein masse svenskar, danskar og andre europearar. Eg har ogso vore borti eit uttal av emigrantar frå Romerike, men eg har ikkje merka meg noko særskilt område med høge 'romerikskonsentrasjonar'. Dei synest vera 'overalt'!Eg takkar elles for ordi dine om språkdrakti. Eg er opphavleg riksmålsmann, men du veit det er smittsamt dette med språket...!Nok ein gong, takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

Hei igjenm, Lars! Jeg tok en mys på census 1920 for hr. Saunesyn m/frue, og, der står det at Oline immigrerte i 1909, og Peter i 1900! Bare ville si det.. Laila

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arild Kompelien

Vil gjøre oppmerksom på at det også er en gard som heter Svenneby (uttalt /sveinbi/)i Våler i Solør. Også garden Svennebykverna og Svennebyplassen.Men jeg finner ingen som passer på Olaf Svenby. Bare en som er ganske nær: en Olaf Olsen født 11.02.1894 på Svennebykverna. Sønn av møller Ole Johannessen f. 1862 og Marie Erlandsdatter f. 1866.Jeg finner heller ingen som passer på tanta Oline f. 1864.Et raskt søk ga ikke treff på at denne familien er i Våler 1900.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

Beklager beklager! Ingen som kunne passe i det heletatt på Olaf i ft1912! Sjekket også adressebøkene. Nix. Tellingen ble tatt opp i februar, så han burde ha vært der. Ingen som kunne ligne på hans far heller egentlig.Bedre lykke neste gang? Man gir ikke opp så lett! Laila

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

No har eg endeleg motteke dødsmeldingi til Olaf Swenby, som mellom anna inneheld desse opplysningane: OLAF SWENBY died: Oct. 11, 1964 @ 18:24 born: Dec 5, 1893, Norway father: Julius Swenby, Norway mother: Inga Almondson, Norway ss#: 531-09-9918 never married occupation: maintenance worker, Marmion Hotel time in county of death: 1 year time in Calif: 38 yrs. last usual residence: 3903 Marmion Way, Los Angeles, LAco. CA place of death: Camarillo State Hospital, Camarillo, Ventura Co., CA burial: cremation, Oct 22, 1964, Ivy Lawn Crematory funeral director: Charles Carroll cause of death: exsanguination other conditions: chronic brain syndrome associated with alcohol intoxication, with psychotic reaction.Eg har leitt litt i 1900-teljingi, og pussig nok finn me Julius (Petterson) som gardbrukar på Svenneby i Eidsberg (f. 1859) og Julius (Andersson) som gardbrukar på Svenneby i Nord-Odal (f. 1845), i tillegg til ein ugift gardbrukarson Julius Olson på Svendsby i Aremark (f. 1875) og ein landhandlar Julius Svendsby på Vestre Otteid i Aremark (f. 1868).Ingen av desse Julius'ane har nokon son Olaf, med mindre Olaf var fødd 'uekte'.Er det nokon andre som har synspunkt eller tankar å komma med i denne saki, ville eg setja stor pris på det!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Gundersen

Hei! Bare et lite tips. I Lyngen i Troms ligger det et sted som i dag skrives Svensby. Ved FT-1900 ble det skrevet Svendsby.Under gården Svendsby lå der et bruk som het Langnæs;her finnes det i FT 1900 en person som heter Olav Johan Olsen f.1893,kan det være den du leter etter?Bjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Bryn

Kan det tenkes at denne husholdningen i Nord-Odal kan være interessant:LenkeHer finner du i alle fall en Ole Andersen som er g.m. en Inge. Ved første øyekast har de ingen datter som heter Oline Christine, men de har jo faktisk en datter som heter Kristine og som er født rundt 1863. Vel så interessant er det at de har sønnen Julius. Hvis han fikk en sønn i 1893, ville jo Kristine være tanten hans. Til slutt minner jeg om at Kjell Hamberg fant ut at Svenby er et stedsnavn i Nord-Odal

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til deg, Knut, for at du har funne den endelege løysingi på denne 'floken'!FamilySearch syner nemlig at Lina Christine Olsdotter var fødd i Nord-Odal 20.5.1864 av foreldri Ole Andersson og Inga Andersdotter, Både namn og fødselsdato passar nøyaktig! Og plassen som dei budde på i 1865, Neset, ligg under garden Svenneby!!No vert neste problemet å grava fram litt fleire detaljar om Ole Andersson og Inga Andersdotter, men kan henda bygdeboki for Nord-Odal kan hjelpa? Og so er det òg eit spørsmål kvar Lina Christine Olsdotter kan ha vore busett i 1900?? To ulike kjelder seier ho utvandra i 1903 eller i 1909!Ja, dette var verkeleg ei flott melding! Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi, Knut!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Bryn

Har du funnet Lina Christine i FT 1900? Hvis ikke bør du kanskje ta en kikk på Sanderud gård i N. Odal. Her finner du Kristine Olsdatter (f.1862). Årstallet stemmer jo ikke helt, men er kanskje innenfor marginen? Denne Kristine bodde som innerst hos enka Karen Andersdatter (f.1840). Slik jeg leser dataene, skal de være i slekt, så Karen kan jo kanskje ha vært en søster av Kristines far? Her er linken:Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk, Knut, for siste innlegget ditt.Jau, eg har vore på leiting etter Lina Christine i 1900-teljingi, men har ikkje funne nokon gode kandidatar. Den Christina Olsdotter, som du peiker på, er nok ikkje den rette. Om du ser på 1865-teljingi for Nord-Odal, vil du sjå at ei Christine Olsdotter, 4 år, var dotter av innerst Ole Olson og kona Karen Andersdotter, busette i Sørkedalen. Og nettopp denne Karen Andersdotter, då enkje, er det som bur i lag med Christina Olsdotter i 1900!Eit anna forhold er følgjande: 'Vår' Lina Christine hadde ikkje born, og denne Christina som du peiker å, hadde ei dotter Karoline.... (som sjølvsagt kan vera avlidi).Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.