Gå til innhold
Arkivverket

[#10076] Endre Ellefson (Wigeraundalen) (f. 1805) frå Luster til Trondheim/Lade - lagnad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Endre Ellefson, fødd på Lommeim i Hafslo (Luster) januar 1805, flytte i 1823 som ung haugianar til Bolsøy (Molde) og derifrå til Trondheim der han 18.12.1832 gifte seg med Brynhild Thoresdotter, fødd i Selbu 28.7.1811. Endre og Brynhild budde nokre år i Trondheim (Domkyrkjesokni) der Endre livnærte seg som bryggmann, men i 1836 flytte dei til Lade sokn i Strinda der me finn dei att som husmannsfolk på ein plass kalla Wigeraundalen. Endre døydde mellom 1855 og 1865, og Brynhild Ellefsen flytte som enkje attende til Baklandet i Trondheim og var i 1875 busett i Vollabakken der ho var dels fattigunderstøtta og dessutan 'seljar av kjøtmat'! Dødsdatoen hennar er ukjend. Endre og Brynhild fekk sju born i lag:* Oluf Andreas Endresen, fødd i Trondheim 4.8.1833.* Endre Endresen, fødd i Lade, Strinda 1.8.1836, gifte seg med Marit Aunet, fødd på Røros kring 1839, budde på Indre Bakklandet og so seint som i 1900 i Wesselsgate 28 i Trondheim der Endre livnærte seg som skomakar. Tre born er kjende: Emilie Mathilde (1863), Hagbarth (1865) og Marie Sophie (1867).* Anna Marie Endresen, fødd i Lade, Strinda 11.2.1840.* Iver Endresen, fødd i Lade, Strinda 3.1.1843.* Hans Petter Endresen, fødd i Lade, Strinda 25.1.1846.* Erentz Endresen (Ellefsen?), fødd i Lade, Strinda 22.7.1849, budde 1865 i lag med mor si på Øvre Bakklandet i Trondheim, 'posementarbeider'.* Bernt Martin Endresen, fødd i Lade, Strinda 27.1.1855, budde 1875 i lag med mor si i Vollabakken i Trondheim, gravar ved Domkyrkja.Eg er interessert i dødsdatoane til Endre og Brynhild, men vil òg gjerne finna ut kva lagnad dei sju borni deira fekk. Endre Endresen er den einaste eg kan finna att etter 1875!All hjelp vert motteke med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg tillet meg å trekka fram att denne saki frå august i fjor, med von om at det kanskje er komme til nye lesarar i Digitalarkivet som dreg kjensel på denne huslyden?Eg er svært interessert i fleire opplysningar om denne sogningen som so tidleg gjorde trønder av seg!Hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Bryn

Jeg har ikke så mye å fare med selv om jeg har bodd i det samme strøket selv, - men det var vel 100 år for seint :-) Imidliertid lurer jeg på om den Hans Peder Endresen vi finner som tjenestedreng på 'Gaasvigen' i Måsøy i FT 1900 kanskje kunne være din 'Hans Petter'. Trondheim er oppgitt som fødested. Riktignok stemmer ikke alderen perfekt, men for tjenestefolk er vel feilmarginen gjerne noe større enn for andre? Jeg har lett etter denne Hans Peder i FT 1865, og den eneste jeg finner som kan passe, er den 'Hans Endres.' som er vognmannsdreng i Trondheimn og bor i Ørjaveiten 7. Han er ført som 19 år og det skulle jo stemme godt.Til slutt en liten detalj. Du skriver at Endre Endresen bodde på 'Indre Bakklandet'. Det er vel helst en lese- eller skrivefeil for 'Nedre Bakklandet'

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Først av alt ein forseinka takk til Knuit for innlegget frå 2003!Eg har i kveld med nye skanna kyrkjebøker leitt meir etter denne huslyden i Trondheim og har funne noko:* Iver Endresen, 16 år, er i 1859 innført som utflytt hausten 1858 frå Lade til FOSEN.* Endre Ellefsen og kona med dei tre yngste sønene er i 1860 innførte som utflytte i 1858 frå Lade til TRONDHEIM.* Men den same Endre Ellefsen, arbeidsmann, er innført som avliden i Vollabakken i Lade 7.2.1863.* Endre Endresen, sonen, gifte seg i Trondheim Domkyrkje 10.1.1864 med Marit Halvorsdotter, fødd på Aune på Røros 15.7.1839. Eldste dotter deira, Emilie Mathilde, var fødd i Lade 19.5.1863.Lenger enn dette kjem eg ikkje i denne omgongen, so no lurer eg på om andre har vore borti denne huslyden i eller kring Trondheim?Eg reknar med at Brynhild Thoresdotter må vera gravlagd frå Lade ein eller anan gong mellom 1875 og 1900, men kvar skal ein leita etter gravferdene til sonen Endre og kona Marit? Dei budde 1900 i Wesselsgate 28 i Trodheim, men kva kyrkjesokn høyrer so denne gata til?Eg takkar på ny for alle gode tips som kan bidra til betre kartleggjing av denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten, som held fram å imponera! Å leita etter folk i Trondheim må vera som å sjå etter den velkjende ''nåli'', men ein føremon er det jo at namnet Endresen synest vera svært so uvanleg på den kanten...Og nett no, ved litt meir leiting, fann eg ogso den eldste sonen etter Endre Ellefsen:* Ole(!) Andreas Endresen, fødd i Trondheim 4.8.1833, gifte seg i Bakklandet 25.9.1859 med enkja Johanna Andrea [Olsdotter] f. Tisløv, fødd i Lade sokn 23.8.1825.Her er dei i 1865 på Øvre Baklandet 12:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Ole Endresen Husfader Logerend g Mursvend 1831 ThrondhjemJohanna Endres.* f Tisløv hans Kone g 1827 ThrondhjemNikoline Berntine Endresen deres Datter ug 1860 ThrondhjemOdin Andres Endresen deres Søn ug 1863 Throndhjem~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Her er dei i 1875 på Valhalla i Strinda:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Ole Anders Endressen hf g Inderst Murer arb hos Mester 1833 Domsognet ThjemJohanna Tisløvsdatter hans Kone g 1824 Bakke S ThjemOdin Olsen Deres Søn ug 1862 Bakke S ThjemNikoline Berntine Olsdatter d ug Maandespige i Byen 1859 Bakke S Thjem~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Men etter 1875 ser eg ikkje meir til dei...Men, me er i alle fall eit skritt nærare...Nok ein gong vil eg få takka for framifrå bistand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg ønskjer i dag å ta opp att drøftingi kring denne huslyden som flytte frå Hafslo til Trondheim første helfti på 1800-talet. Manuskriptet skal snart vera ferdig, og her manglar framleis mange detaljar. Kanskje er nye auge komne til som kan bidra med ein og annan detaljopplysning?Her følgjer først ein oppdatert status:~~~~~~~~~~~~~~~~~~Endre Ellefson (Lomheim eller Holen), døypt i Hafslo 28.1.1805, flytte i 1823 til Bolsøy for å tena på garden Roaldset, men flytte sidan til Molde og so til Trondheim der han 18.12.1832 gifte seg med Brynhild Thoresdotter frå Geitmoen i Selbu. Ho var dotter av¤¤¤¤¤ (far: soldat Thore Haagenson Gjedmoen af Sundalen og Maglie Pedersdotter Haarstad! – fleire detaljar om dei?)og f. i Selbu 28.7.1811. Endre var dagarbeidar i Trondheim og sidan husmann på Vigeraundalen i Strinda før han i 1858 på ny vart arbeidsmann i Trondheim. Endre Ellefsen d. som arbeidsmann på Vollabakken i Lade sokn, Trondheim 7.2.1863, medan Brynhild d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – etter 1875 då ho budde på Vollabakken i Trondheim!)Me kjenner til sju born etter dei:a. Oluf Andreas, kjend som Ole A. Endresen, f. i Trondheim 4.8.1833, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1875! – gifte seg i Bakklandet!)Ole gifte seg i Trondheim 25.9.1859 med enkja Johanna Andrea Olsdotter f. Tisløv, f. i Trondheim 23.8.1825. Ho d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1875!)Ole var murarsvein, og han og Johanna budde levetidi ut i Trondheim. Dei fekk to born i lag (Nikoline Berntine, f. 1860 – n. 1865/1875 og Odin Andres, f. 1863 – n. 1865/1875)b. Endre Endresen, f. i Strinda 1.8.1836, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900! – vigde i Trondheims Domkyrkje)Han gifte seg i Trondheim 10.1.1864 med Marit Halvorsdotter frå Aune på Røros, f. på Røros 15.7.1839. Ho d. på sjukehuset i Trondheim 19.4.1902. Endre var skomakarsvein og sidan skomakarmeister, og han og Marit vart buande i Trondheim (1900 Wesselsgate 28, Trondheim).¤¤¤¤¤ (talet på born? - minst tre: Emilie Mathilde, f. Lade 19.5.1863 – n. 1865 og 1875, Hagbartth, f. 1865 – n. 1865 og 1875, Marie Sofie, f. 1867 – n. 1875)c. Anna Marie Endresen, f. i Strinda 11.2.1840,¤¤¤¤¤ (fødd i Lade sokn - lagnad?)d. Iver Endresen, f. i Strinda 3.1.1843,¤¤¤¤¤ (flytte 1858 til Fosen! – lagnad? – fødd i Lade sokn, men døypt i Bakke!)e. Hans Petter Endresen, f. i Strinda 25.1.1846,¤¤¤¤¤ (lagnad? – fødd i Lade sokn! – truleg 1865 ugift vognmandsdreng Hans Endresen, f. Strinden 1847 – busett Ørja Veiten i Trondheim! – kan henda 1875 tenestedreng på Gaasvig i Måsøy, Finnmark!?)f. Erentz Endresen, f. i Strinda 22.7.1849,¤¤¤¤¤ (lagnad? – fødd Lade sokn! – nemnd 1865 med mori på Øvre Baklandet i Trondheim, Erentz Ellefsen, posementarbeider)g. Bernt Martin Endresen, f. i Strinda 27.1.1855,¤¤¤¤¤ (lagnad? – fødd Lade sokn! – nemnd 1875 med mori i Vollabakken i Trondheim, Bernt Ellefsen, gravar ved Domkyrkja!)¤¤¤¤¤ (fleire born? – oppl.?)~~~~~~~~~~~~~~~~~~Einkvar liten detalj som kan leggjast til om denne huslyden, vert motteken med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Randi Haugros

Kan dette være Emilia/Emilie Endresen, f. 19.5.1863 i Trondheim, som tilreisende dampskipspige i Bergen i 1885? LenkeMvh Randi Haugros

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjafrteleg takk til Randi for spennande innlegg. Eg er samd i at dette godt kan vera Emilia, men ho var vel berre tilfeldigvis i Bergen...Eg har elles sjølv funne dødsfallet til Johanna Endresen, kona til Ole A. Endresen, 7.1.1879 (Lenke).Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

So vidt eg har forstått, so høyrer Vollabakken til Lade sokn, men til tross for at eg no har lese gjennom alle dødsfalli i Lade sokn fram til 1901, er det ikkje noko å sjå til dødsfalli korkje til Brynhild Thorsdotter eller eldste sonen Ole! Men eg kan sjølvsagt ha oversett dei...?Elles er det merkeleg korleis so mange av desse søskeni berre ''forsvinn''! Kan dei vera farne til Amerika? Eg finn ikkje noko i utflyttingslistene heller som høver...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for mange flotte og imponerande opplysningar!Du har mellom anna funne Anna Marie og mann hennar, og du har funne dødsfallet til Bernt Endresen. Kanskje dukker ogso dei andre søskeni opp, smått om senn...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Randi for fleire nye spennande element i denne soga!Sjølv har eg nettopp funne faren Haldor Evensen i FT1900, og han er FRÅSKILD: LenkeMen då bør vel ogso Anna Marie vera ein eller annan stad...?Og elles vonar eg sjølvsagt at dødsfalli deira dukker opp...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.