Gå til innhold
Arkivverket

[#10076] Endre Ellefson (Wigeraundalen) (f. 1805) frå Luster til Trondheim/Lade - lagnad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ein ny stor takk til Randi for interessante og spennande opplysningar om denne huslyden i Trondheim.Framleis saknar me opplysningar om lagnadane til fleire av søskeni i denne flokken, Iver, Hans Petter og Erentz, og eg lurer på om det let seg gjera å finna dødsfalli til Anna Marie og den fråskilde mann hennar, Haldo Evensen?Kanskje er det ikkje so godt å finna stort meir om desse folki, men eg lever i voni om at noko vil dukka opp, og eg er like spent kvar gong eit nytt innlegg er kome...Med takknemleg og vyrdsam helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 uker senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg har i dag ''rydda opp'' i denne huslyden og vil gjerne få syna fram ''status'' pr. i dag (dei generasjonane som vert omskrivne i bygdeboki for Luster):~~~~~~~~~~~~~~~~~~Endre Ellefsen, døypt i Hafslo 28.1.1805, flytte i 1823 til Bolsøy for å tena på garden Roaldset, men flytte sidan til Molde og so til Trondheim der han 18.12.1832 gifte seg med Brynhild Thoresdotter frå Hårstad i Selbu. Ho var dotter av ungkar Thore Haagenson frå Geitmoen i Sunndal og jenta Magdeli Pedersdotter frå Hårstad i Selbu og f. i Selbu 28.7.1811. Etter nokre år som dagarbeidar i Trondheim slo Endre og Brynhild seg i 1836 ned som plassfolk på Vigeraundalen i Lade, Strinda. Derifrå flytte dei so i 1858 attende til Trondheim der Endre på ny var dagarbeidar. Han d. som arbeidsmann på sjukehuset på Lademoen i Lade sokn, Trondheim 7.2.1863, medan Brynhild d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – etter 1875!)Me kjenner til sju born etter dei:a. Oluf Andreas, kjend som Ole A. Endresen, f. i Trondheim 4.8.1833, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1879!)Ole gifte seg i Trondheim 25.9.1859 med enkja Johanna Andrea Olsdotter f. Tisløv, f. i Trondheim 23.8.1825. Ho d. som innerstkone på Singsakersletta i Lade sokn, Strinda 7.1.1879. Ole var murarsvein, og han og Johanna budde levetidi ut i Trondheim. Dei fekk to born i lag.b. Endre Endresen, f. i Strinda 1.8.1836, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1902!)Han gifte seg i Trondheim 10.1.1864 med Marit Halvorsdotter frå Aune på Røros, f. på Røros 15.7.1839. Ho d. på sjukehuset i Trondheim 19.4.1902. Endre var skomakarsvein og sidan skomakarmeister, og han og Marit vart buande i Trondheim. Dei fekk tre born i lag.c. Anna Marie, kjend som Marie Endresen, f. i Strinda 11.2.1840, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900!)Marie gifte seg i Askvoll 17.10.1864 med Haldor Evenson frå Lierfoss i Strinda, f. i Strinda 16.10.1839. Han d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900!)Haldor var nokre år gruvearbeidar, mellom anna på Grimelien i Askvoll og på Vigsnes i Avaldsnes, men var frå kring 1870 busette i Trondheim der Haldor var smed og fabrikkarbeidar. Dei vart skilde kring 1890, og Marie livnærte seg sidan som reingjeringsassistent. Dei fekk ni born i lag.d. Iver Endresen, f. i Strinda 3.1.1843,¤¤¤¤¤ (flytte 1858 til Fosen! – lagnad?)e. Hans Petter Endresen, f. i Strinda 25.1.1846,¤¤¤¤¤ (lagnad? – truleg 1865 ugift vognmandsdreng Hans Endresen, f. Strinden 1847 – busett Ørja Veiten i Trondheim! – kan henda 1875 tenestedreng på Gaasvig i Måsøy, Finnmark!?)f. Erentz Endresen, f. i Strinda 22.7.1849,¤¤¤¤¤ (lagnad? – nemnd 1865 med mori på Øvre Baklandet i Trondheim, Erentz Ellefsen, posementarbeider)g. Bernt Martin Endresen, f. i Strinda 27.1.1855, d. i Trondheim 1.9.1888. Bernt var ei tid gravar ved Domkyrkja i Trondheim og elles dagarbeidar. Han budde i Trondheim, men var ugift.~~~~~~~~~~~~~~~~~~Denne biografioen tek til å verta bra fullstendeg, men framleis manglar me nokre dødsdatoar frå Trondheim i tillegg til biografiske opplysningar om sønene Iver, Hans Petter og Erentz...? Kanskje ein eller fleire av dei tok vegen til Amerika??Kanskje er det nokon som sit der ute med eitt eller fleire av svari...?Eg takkar på ny for framifrå innsats med denne huslyden og held fingrer og tær krossa...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Randi Haugros

Du skriver: Haldor Evenson frå Lierfoss i Strinda, f. i Strinda 16.10.1839.Her er konfirmasjonen hans i 1853, nr. 16, Haldo Evensen Leerfos (i dag skrevet Leirfoss): Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Strinda (Lade), Ministerialbok nr. 606A06 (1848-1856), Konfirmerte 1853, side 168. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2354&idx_id=2354&uid=ny&idx_side=-173>Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Randi for rettingi av bustadnamnet i Strinda. Rettingi er gjort i manuskriptet!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.