Gå til innhold
Arkivverket

[#10079] Anders Hermundson Slinningen i Bolsøy, Veøy, Borgund og Ålesund - huslyden hans?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Anders Hermundson (Slinningen), fødd på plassen Brueim under garden Sønnesyn i Hafslo (Luster) og døypt der 7.4.1799, flytte liksom fleire andre haugianarar i 1818 til Grytten i Romsdalen der han 18.6.1829 gifte seg første gongen med Søgni Knutsdotter, fødd på Breivik i Grytten 26.11.1794. Anders og Søgni flytte straks til Bolsøy der dei slo seg ned som husmannsfolk på ein plass under Kringstad, men våren 1846 flytte huslyden til Sekken i Veøy. Ikkje lenge etter må dei so vera flytte vidare til ein plass (Ellingplassen?) under Slinningen i Borgund. I 1865 dukker Anders opp i Ålesund med ny kone Iverina Larsdotter, fødd på Helset i Sunnylven og døypt i Norddalen 12.5.1811. Anders var bryggesjauar i Ålesund der han må vera avlidi mellom 1865 og 1875, for i 1875 hadde Iverina vorti enkje. Anders fekk to born, som båe var frå første ekteskapet:* Hans Andersson (Slinningen), fødd i Bolsøy 8.1.1830, gifte seg i Hjørundfjord anten 24.6. eller 2.7.1855 med Martha Knutsdotter, f. i Hjørundfjord kring 1827. Hans og Martha var plassfolk og sidan gardbrukarar på Ellingplassen, Slinningen i Borgund der dei båe levde som kårfolk i 1900. Dei fekk visstnok seks eller sju born i lag.* Berit Martha Andersdotter, fødd i Bolsøy 15.10.1834, flytte i 1846 med foreldri til Sekken i Veøy, men er elles ukjend.Eg er på leiting etter utfyllasnde opplysningar om denne ætti, som til dømes dødsdatoane til Anders og dei to konene hans, til sonen Hans og kona hans, og fleire opplysningar om Berit Martha Andersdotter!? Kan henda finst det noko i bygdebøkene for Borgund under Slinningen? Eller sit det nokon inne med lokalkunnskap?Eg takkar på førehand for alle tilleggsopplysningar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Martha Knutsdatter , født i Hjørundfjord , døde av bronkitt på Slinning 15.02.1908 og ble gravlagt 21.02.Hun var da kårenke.Og da er det trolig Hans , oppført med Andreassen som etternavn, som dør av alderdomssvakhet 28.05.1901 og gravlegges 03.06.1901.Fødested er oppført som Bolsø og han er kårmann.Blant døpte i Borgund her på Digitalarkivet finner jeg at Hans og Martha fikk 6 barn. Anders og Iverina vet jeg ikke noe om , annet enn at Familysearch oppgir at de giftet seg i Ålesund 03.11.1856.Og da er det vel kanskje der du finner dødsfallet til hans første hustru og til Anders og Iverina selv. Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Dei databaseregistrerte kyrkjebøkene for Borgund på Sunnmøre har løyst fleire av 'flokene' mine i det området. Rune gjorde meg merksam på opplysningar om Hans Andersson og Martha Knutsdotter (ein forseinka takk til deg, Rune, for hjelpi!).No ser eg at Berit Martha, kjend som Martha Andersdotter, gifte seg i Borgund 19.5.1867 med Ole Olson frå Gausdal, fødd kring 1837. Men, liksom foreldri hennar, so flytte ogso dette parfolket inn til Ålesund der me finn dei att både i 1875 (i Kiperviki) og i 1900 (i Nygata). Ole skreiv seg VALDERHAUG og livnærte seg som bryggearbeidar.MEN, eg manglar framleis dødsdatoar frå Ålesund på:* Anders Hermansen (Slinningen) (1865/1875)* Søgni Knutsdotter (Slinningen) (1850/1855)* Iverina Larsdotter (Slinningen) (1875/1900)* Ole Olson Valderhaug (etter 1900)* (Berit) Martha Andersdotter Valderhaug (etter 1900)Er det einkvan som kan hjelpa meg med desse Ålesundsproblemi??Hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hanne Heen

Var en snartur innom biblioteket i dag, fikk sjekket bygdeboken for Borgund og Giske, men rakk desverre ikke filmene. Skal prøve det på lørdag. Borgund og Giske bind 4, av Ragnar Øvrelid, utgitt 1973 har følgende opplysninger om denne familien på Ellingplassen på Slinningen.Anders Hermansen Kringstad, født 1797 Hafslo kom hit i 1852 og var bruker til 1867, gift med Signy Knutsdotter, født 1792 i Grytten.Sønnen Hans Andersen, født 1827 i Bolsøy, død 1901 fikk feste på plassen i 1867, gift med Marte Knutsdotter født ca. 1825 i Hjørundfjorden, død 1908.Sønnen Knut Hansen Slinning (1865-1939) kjøpte bruket i 1889. Han ble 1895 gift med Nikoline Johansdatter Eidsvik,(1872-1917).De fikk kår hos sønnen Karl Knutsen Slinning, født 1908, han ble 1934 gift med Elise Botolfsdatter Espenak, født 1911 i Volda.Kommer tilbake med mere lørdag kveld om jeg finner noe på filmene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Dette var godt nytt, Hanna; hjarteleg takk!Eg gler meg til laurdag...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hanne Heen

Etter dagens tur på biblioteket fant jeg følgende: Arbeider Anders Hermansen, død 30.12.1866, begravd 05.01.1867 i Ålesund. (NT 22)Ole Olsen Valderhaug, død 25.12.1907, begravd 30.12.1907 i Ålesund (NOR 1-246, side 266)(Berit) Martha Andersdotter Valderhaug, død 06.05.1913, begravd 13.05.1913 i Ålesund. (NOR 1-246 side 311.)Skal se om jeg finner de siste to senere, samt mulige barn til og Martha. Karl Knutsen og Elise Slinning har barn som fortsatt bor og bruker navnet Slinning.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Hanne, for nye fine opplysningar! Eg seier meg lei for det seine svaret, men eg har vore oppteken på andre felt; uansett er det 'betre seint enn aldri'!So vidt eg kan sjå, so manglar no berre dødsfalli til dei to konene til Anders Hermansen, Søgni Knutsdotter (mellom 1846 og 1856) og Iverina Larsdotter (etter 1875). Underleg at ikkje dei òg er avlidne i Ålesund...!?Eg reknar ikkje med at Ole og Martha Valderhaug hadde born sjølve, men kan jo ikkje vera heilt sikker...Nok ein gong, hjarteleg takk, Hanne, for framifrå hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hanne Heen

Har ikke klart å finne noe dødsfall på Søgni, det nermeste jeg har kommet og som jeg tror kan være riktig (men feil skrevet) er Synnøve Knutsdatter, død 04.11.1855, begravd 07.11.1855 i Borgund, 61 år gammel. (Mikrofilm NT-3, side 256.) Slinningen lå jo under Borgund til 1960 tallet, da ble den delen av byen også en del av Ålesund. Du finner også dette dødsfallet under Borgunds kirkebøker (Sulasoga) på Digitalpensjonatet. Det står desverre ikke hvem enkemannen var.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Nok ein gong hjarteleg takk til deg, Hanne, for eit vakent blikk! Eg har studert Synneva Knutsdotter som døydde på Slinningen i Borgund, og det kan ikkje vera tvil om at dette er første kona til Anders Hermansen!So er me endå eit skritt nærare komplettering av denne biografien! Eit nytt prov på kor godt dette Brukarforumet verkar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hanne Heen

Her dukker nok den siste du savnet opp. Fant i dag Ivrine Larsdtr. Hellebostad, født 1817- Sunelven, død 28.01.1884, begr. 02.02.1884 i Ålesund, hun står da oppført som enke, fattiglem. (fant dette ved korrekturlesing av kirkebøkene for Ålesund i perioden 1878-1885.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Tusen hjarteleg, Hanne; dette var ei fin opplysning! No kan eg ikkje venta stort meir om denne huslyden, i alle fall ikkje i Ålesund!Eg stussa litt på ættenamnet Hellebostad. Det er vel Helbostad i Stranda det dreier seg om. Kanskje Ivrina hadde butt der før ho gifte seg med Anders...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Martin Aarskog

Hellebostad er i Sunnylven. Under Hellebostad, bnr. 4, (bygdeboka side 63) finnes ei Ivrina Larsdotter, født 1811, som datter av Lars Larsson Hellebostad (død 1838, 69 år) og Ragnhild Rasmusdotter Røyrhus (død 1850, 81 år).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg, Martin, for oppklarande opplysningar om opphavet til Iverina. Eg har sjekka litt fram og attende og ser at Hellebostad er same garden som i 1801 vart kalla Helset og som då høyrde til Norddalen prestegjeld. Men so vart Sunnylven utskild frå Norddalen i 1861...Det er underleg korleis gardar kan skifta namn på dette viset...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Martin Aarskog

Bruksnummeret på Hellebostad skal være 5, ikke 4 som jeg skrev i innlegget mitt. Beklager feilen.Har kikket på folketellingen 1801. Det viser seg at alle på nummerene 1754-1779 (Helset) gjelder folk på Hellebostad. Går man videre til neste side kommer man til Øye og deretter på nytt til Helset (nr 1793-1817). Helset er mao ført opp 2 ganger. Her må det vel være en feil ?Hellebostad (Helgabostade) er en gammel gård nevnt i Sunnmørsættlegg. Den ligger i Frøysadalen ca 5 km fra Hellesylt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.