Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#10080] Peter Andreas Haldorson Strand, sersjant, Kolvereid/Nærøy, N-Trøndelag - lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Peter Andreas Haldorson Strand var fødd på Strand i Kolvereid 4.11.1834 og gifte seg kring 1863 (uvisst kvar) med Anna Ellingsdotter (Qvam), fødd på Sønnesyn i Hafslo (Luster) i Sogn 19.10.1827, men oppvaksi på Meeg i Bolsøy, Romsdalen. Peter Strand var sersjant og budde i 1865 som gardbrukar på Holand i Nærøy, men den seinare lagnaden deira er ukjend! So vidt me veit, fekk Anna Ellingsdotter to born:* Helene Sivertsdotter, dotter av Anna og Sivert Peterson i Molde, var fødd i Bolsøy 16.8.1856 og gifte seg kring 1885 med Anton Christian Christianson Sørvig Storval, fødd på Sørvik i Fosnes i 1855. Dette paret finn me att i 1900 som gardbrukarar og mølleeigarar på Vasdraget i Nærøy med fem born.* Haldor Peterson Strand, fødd i Kolvereid 22.3.1864, utvandra til Amerika i 1888 og fór då til Canton, SD, men flytte visstnok vidare til Seattle, WA.Eg er på leiting etter fleire opplysningar om Peter Andreas Strand og kona Anna, som til dømes vigselsdatoen, bustaden og dødsdatoane deira. Eg er likeins interessert i opplysningar om dødsfalli til dotteri Helene og mannen hennar og likeins opplysningar om sonen Haldor!Eg takkar so mykje på førehand for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Morten Østevik

Helene har ett barn Magda f.30/5-1885 og 6 barn sammen med Anton. Bosatt på Hongstad i Nærø (beskrevet i bygdebok for Nærøy s.219 bind V)Peter og Anna er beskrevet på side 130 i bind IV.Peter og Anna gift i 1864 (trolig Kolvereid ?? (undersøkes) )(hennes far Elling Tronsen Qvam, Vågå), bosatt i Holand i Nærø.Peter døde 26/3-1887. Anna 24/11-1885. Hadde tilsammen 5 barn. felles barn : Haldor, tvillingene Elling og Johan f.8/11-1866 og Peder f.5/1-1872 d. 13/1-1872. Elling utvandret i 1893 sammen med kona Karen Johanna Johnsdatter Lauten f.22/5-1865 og dattera Anna f.11/1-1891. Johan utvandret i 1886Ha en god helg. morten

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg takkar deg, Morten, for interessante opplysningar om huslyden til Peter Andreas Strand og kona Anna. Eg hadde for nokre dagar sidan høve til å sjå på bygdebokserien for Nærøy, men fann ikkje denne huslyden nemnd under garden Holand, so kan henda flytte dei til ein annan gard (den som er omtala i band IV på side 130!?).Eg stussa litt på nemningi av far til Anna. Eg ser at huslyden dels nytta ættenamnet Qvam, men kan ikkje sjå at dette har noko å gjera med Vågå! Då Elling Trondson flytte frå Hafslo (Luster) til Bolsøy i 1831, slo han seg ned som husmann på plassen Meeglien under garden Meeg, som på same tidi vart 'omdøypt' til Qvam av stortingsmann Ole Larsson Qvam (1782-1844), barnefødd på garden Kvam i Hafslo (Luster). Eg vil helst tru det er derifrå at Elling og borni hans har teke namnet Qvam.Elles har eg aldri greidd å finna ut kva lagnad Elling Trondson (Qvam) (fødd 1790 i Hafslo)fekk! Kona Anna Pedersdotter (fødd 1794) var enkje på Meeg (Qvam) i Bolsøy i 1865 og døydde der i 1872, men eg kan ikkje sjå at Elling Qvam er avliden i Bolsøy. Kanskje han fór til Nord-Trøndelag med dotteri Anna? Er det noko å sjå til han i Kolvereid eller Nærøy?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Morten Østevik

Var det i bind I du lette etter Peter , for der finns også gårder med namn Holand ?Vågå er nemnt som stadnamn for Elling i bind IV.Det er flere stortingsmenn i denne familien , nemlig farfar til Peter Strand.Fant ikke giftemålet for Anna og Peter i kirkebøkene for kolvereidmorten

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til Morten for nytt innspel!Det må ha vore i band I av bygdebøkene for Nærøy at eg leitte etter Peter Strand og huslyden hans; eg visste ikkje at det var fleire gardar med namn Holand i Nærøy! Eg lyt sjå nærare på desse bøkene når eg får høve til det...Eg har elles funne ut at Elling Strand døydde i Canton, SD 4.1.1953, medan Johan 'John' Strand døydde i Groton, SD 16.11.1956. Båe var gifte og hadde born etter seg. Elling og kona Karen fekk ni born, som alle var døtrer!Elles er førebels Haldor som 'sokke i jordi' etter han utvandra i 1888. Det finst vel ikkje fleire opplysningar om han i Nærøy, men eg vonar at bygdeboki kan fortelja meg dødsdatoane til Helene og Anton?Eg lurer elles på om det finst nokon i Nærøy som har interesse av å følgja opp lagnaden til emigrantane til Amerika?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Morten Østevik

har snakket med etterkommer av helene, petter (Petter.Stevik@val.vgs.no) han har vært i kontakt med etterkommere av petter andreas i amerika.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Etter fire år står eg stadig på same stad når det gjeld denne huslyden i Nærøy, og eg lurer på om nokon har tilgjenge til bygdebøkene for Nærøy, særleg band IV og V?Band IV s. 130 skal ha omtale av Peter Andreas Haldorson Strand og kona Anna Ellingsdotter. Eg lurer på om dei vart buande på Holand i Nærøy levetidi ut og døydde der?Band V s. 219 skal ha omtale av Anton Christian Christianson Sørvig eller Storval, fødd i Fosnes 1855, og kona Helene Sivertsdotter, fødd i Bolsøy 16.8.1856. Dei skal ha gift seg i Nærøy kring 1885 (dato?) og budde 1900 som gardbrukarar på Vasdraget i Nærøy, men er omskrivne under garden Hongstad(?). Flytte dei sidan dit? Kva med dødsdatoane deira?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Morten Østevik

Fikk du noen kontakt med Petter Stevik.Peter Andreas var sine siste år på Holand og døde der 26.3.1887. Anna var også de siste åra på Holand og døde også der 24.11.1885 (samme året).Anton Christian levde på Hongstad og døde der 30.5.1926 og kona Helene døde også der 12.2.1939Kan prøve å lage ei avskrivt og må kanskje ha ei adresse for post

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Morten for interessant innlegg!Eg kan ikkje hugsa om eg var i kontakt med Petter i 2002. Elles trur eg ikkje det er naudsynt å laga noko stort utdrag om denne huslyden. Dei einaste detaljane som eg no i grunnen manglar, er følgjande:* Eg forstår det slik at Anton Christian Christianson var kornmølleeigar og gardbrukar på Vasdraget i Nærøy før han (som gardbrukar?) flytte til Hongstad, men kva år flytte huslyden til Hongstad?* Ligg det føre ein fødselsdato for Anton Christian Christianson (Sørvik i Fosnes 1855)?* Ligg det føre ein vigselsdato (og -stad) for Anton Christian og kona Helene (?Nærøy kring 1885?)?* Og kva ættenamn nytta Anton og Helene etter dei busette seg på Hongstad? Skreiv dei seg for Hongstad?* Elles manglar eg òg vigselsdatoen (og -staden) for Peter Andreas Haldorson Strand og Anna Ellingsdotter (kring 1864)?Eg takkar på ny for god hjelp med denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Dag Fjær

I følge bygdeboka, er Anton Kristian Sørvig født 23. 02. 1855 i Survika i Fosnes. Han giftet seg i 1885 med Helene. Det er ikke nevnt dato eller sted.Anton kjøpte ca 1880 Ottersøya under Stein i Nærøy (gnr 32 bnr 10) uten å flytte dit og at denne eiendommen var et byttemiddel mot Hongstad under Storval i Nærøy (gnr 26 bnr 6). Et vesentlig vilkår for kjøpet av Hongstad var at han kunne få hand om dette Vassdraget. Intet tydet på at han møtte vanskeligheter, og dermed ble Vassdraget skilt ut og matrikkulert særskilt (gnr 26 bnr 7). Anton har ikke bodd i Vassdraget, men tok over mølla ved kjøpet av Hongstad.Anton flytta fra Survika til Hongstad i 1885. Han blir i bygdeboka kalt Anton Kristian Sørvig, og alle sju barna benyttet etternavnet Sørvig. Når det gjelder giftermålet til Peter Andreas Haldorsen Strand, står det kun at han giftet seg i 1864 (dato og sted mangler). Han fikk skjøte på Holand 22.6.1864.Mvh Dag

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Dag for spennande og nyttig innlegg! Du har, so vidt eg kan sjå, svart meg på nesten alle spørsmåli mine. No er det berre vigselsdatoane til dei to pari som står att, men då lyt me sikkert til kyrkjebøkene...?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×