Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#10088] Ingeborg Axelsdotter Grimmersgaard i Borgund, fødd 1815 - kven var ho?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Folketeljingi for 1865 for Grimmersgaard i Borgund syner mellom anna denne huslyden:* Lars Larsson, sandførar, fødd i Borgund 1815* Ingeborg Axelsdotter, kone, fødd i Luster 1815* Lars Larsson, son, fødd i Borgund 1848* Laurits Larsson, son, fødd i Borgund 1854* Elen Larsdotter, dotter, fødd i Ålesund 1858I 1875 er Ingeborg Axelsdotter vorti enkje og flytt til Ålesund, men fødestaden er stadig oppgjeven til Luster.FamilySearch syner at: Lars Larsson og Ingeborg Axelsdotter gifte seg i Borgund anten 9.6. eller 14.7.1844. FamilySearch syner òg fire born:* Ane Marie Karoline Larsdotter, døypt i Borgund 9.6.1844* Lars Andreas Larsson, døypt i Borgund 17.12.1848* Lauritz Severin Larsson, døypt i Ålesund 11.2.1855* Elen Bergitte Larsdotter, døypt i Borgund 10.1.1858Men, kven var Ingeborg Axelsdotter? Er det nokon med tilgang på kykjebøkene for Borgund som kan fortelja meg kva det står om opphavet til Ingeborg då ho gifte seg i 1844??På førehand takk for hjelpi!Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Hallo Lars.Det er kanskje et skudd i blinde , men dog.Jeg vet ikke hvor sikker du er på fødselsåret 1815 .En Ingebor Axelsdatter ble døpt i Hafslo 02.12.1809.Foreldrene var Axel Nielsen og Ingebor Jensdatter Haugen(Houen).På Familysearch finner jeg kun en som kan passe , men hun ble døpt i Gloppen 03.06.1816 av foreldre Axel Jeremiassen Frøystad og Magdeli Olsdatter Wintzryg.De giftet seg forøvrig 03.06.1811 i Gloppen. Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Hei igjen. Under gifte i Borgund her på Digitalarkivet finner jeg følgende: Den 14,07.1844 inngått ekteskap mellom Lars Larsen, Klokkersund 29 år og Ingebor Axelsdatter, Brandal 30 år.Han far var Lars Ellingsen og hennes far var Axel Reinertsen.Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Lars Larsen døde 02.02.1871 og ble gravlagt 05.02 på Klokkersund.Hans far Lars Ellingsen døde 21.11.1838 og ble gravlagt 25.11. samme sted.Han var da 71 år. Mvh. Rune T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg, Rune, for interessante innlegg.Ingeborg Axelsdotter, fødd i Hafslo i 1809, vart gift og budde i Hafslo der ho døydde etter barselseng i 1843.Eg skjønar ikkje korleis du har greidd å finna gardsnamni og farsnamni ved vigsli til Lars og Ingeborg på FamilySearch(?), men uansett: Eg har òg sett Ingeborg Axelsdotter fødd i Gloppen i 1816, men kan ikkje forstå kvifor fødestaden hennar to gonger skulle verta oppgjeven som Luster (Lyster!) dersom ho ikkje verkeleg var fødd der!Eg ser at gardsnamnet Brandal er i Sande på Sunnmøre, men namnekombinasjonen Axel Reinertson finst ikkje i heile Noreg i 1801! Det står vel ikkje ein konkret fødestad for Ingeborg i kyrkjeboki for Borgund nåt ho gifte seg i 1844?Nok ein gong takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

God morgen Lars. Jeg vil bare gjøre oppmerksom på at det finnes en gård Bransdal i Eivindvik i Sogn og Fjordane i 1801 tellingen.Under døpte i Fylkesarkivet i SF finner jeg en Anders Akselsen født 15.01.1818 som uekte barn av Aksel Reidarsen Longeleite og Asbjørg Gregordtr.I merknadsfeltet står følgende:'Mori frå Lombs presegjeld,faren heitte Axel Rejersen'. Mvh. Rune T.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Jeg fant ekteskapet mellom Lars og Ingeborg under vigde i Borgund her på Digitalarkivet. Rune

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg har no studert denne huslyden litt nærare og ser at Anders Axelson, son av Axel Reierson og Asbjørg Gregoriusdotter, var fødd i Sogndal.Asbjørg Gregoriusdotter var i 1801 21 år og tente på Agerjordet i Lom. Etter FamilySearch vart ho døypt i Lom 24.3.1780 som dotter av Gregorius Langleitet og kona Gunnhild Hansdotter.Axel Reierson finn eg ikkje att i 1801, men etter FamilySearch finst det ein einaste Axel Reierson i Noreg, og han vart døypt i Skoger 12.2.1775 som son av Reier Svendson og Ingeborg Andersdotter. Truleg var det han som 19.11.1807 gifte seg i Eiker med ei Gunnhild Helgesdotter. FamilySearch syner ingen born etter dette paret!MEN i Lom vart det 2.11.1815 fødd ein Ole Axelson som son av Axel Reierson og Gunnhild Olsdotter, truleg ugifte foreldre. Og so er det at 'gamle synder' kjem for ein dag:Ingeborg Axelsdotter vart døypt i Luster 14.1.1816 utanfor ekteskap av ein ukjend Axel og ei Asbjørg Axelsdotter!! Desse foreldri har aldri vore identifiserte, men det er vel ymse som tyder på at me her kjem fram i Asbjørg Gregoriusdotter og Axel Reierson, og då vert spørsmålet om identiteten til Axel på ny aktuell. Er det han som vart døypt i Skoger? Høyrer han kanskje til den omstreifande Svends-ætti? Faren Reier Svendson kan godt ha vore ein bror, eller kanskje ein son, av hesteskjerar og omstreifar Svend Svendson i Luster, ei ætt som hadde forgreiningar over store delar av Sør-Noreg!?Eg tek gjerne imot kommentarar om denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Ellingsen

Eg veit ikkje noko om Aksel som ikkje er kome fram, men kan gje eit par oppklarande geografiske opplysningar:1. Grimmergård (ikkje Grimmersgård) ligg i noverande Ålesund sentrum. Det er difor ikkje heilt rett å seie at Ingeborg Axelsdotter flytta til Ålesund etter at ho vart enke. Familien hadde tvert om budd i det same området sidan siste halvdel av 1840-åra.2. I tillegg til dei borna som er nemnde i 1865-teljinga, hadde dei også ei dotter som vart fødd i 1843 - og som er registrert som ektefødd. Eg har funne desse borna, med foreldra sin bustad i parentes: - 01.04. 1843 Ane Marie Karoline (Klokkersund i Borgund) - 24.08. 1848 Lars Andreas (Aalesund) - 22.11. 1857 Elen Birgitte (Skaret i Ålesund sentrum)Laurits f. ca 1853/54 finn eg ikkje i farten.3. Lars Larsen vart neppe gravlagd 'på Klokkersund', men heller på Borgund kyrkjegard som ligg omtrent 'vegg i vegg' med Klokkersund.4. I tillegg til Brandal som er gard nr. 32 i Sande, er det også ei (ishavs-)grend og ein gard med same namn i Hareid (gard nr. 40). Eg finn ikkje noko i gardssoga for Hareid som har noko med Ingeborg Akselsdotter eller foreldra å gjere, så det sporet treng du/de ikkje å bruke tid på.Med venleg helsing frå Gunnar Ellingsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil gjerne få takka deg, Gunnar, for gode geografiske opplysningar om Grimmergård og diverse andre fakta. Det er ikkje alltid so lett for ein som ikkje er lokalkjend... Eg har lenge ønskt meg ei samla 'Kartbok for Noreg' etter same mønster som den me har for Hordaland og Sogn og Fjordane, men noko slikt kjem vel aldri på marknaden...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×