Gå til innhold
Arkivverket

[#10315] Ole Olson Wallom, fødd i Noreg 31.8.1847 - kvar var han ifrå?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ole Olson Wallom vert oppgjeven å vera fødd i Noreg 31.8.1847. Han skal ha utvandra til Amerika i 1868(?) og gifte seg i Iowa Co., WI 17.12.1872 med Britha Eriksdotter Mellum 'Betsy Mellom', fødd i Hafslo (Luster) 14.3.1853. Ved vigsli vert Ole kalla Wallum, men han skreiv seg sidan Wallom. Han var spannkøyrar ('teamster') og budde i Blanchardville, Lafayette Co., WI der han døydde 29.5.1915. Betsy døydde same staden 20.8.1937. Dei fekk tretten born!Men kvar kom Ole ifrå?Frå amerikansk side vert det påstått at Ole skal ha vore frå Vallem i Årdal sokn, Hjelmeland i Rogaland, men undersøkingar der har so langt vore utan resultat. Likevel er det her eg finn det einaste gode alternativet hjå FamilySearch:FamilySearch syner nemlig at ein Ole Olson var fødd i (Årdal?), Hjelmeland i 1847 som son av Ole Gunderson og Marha Nilsdotter, og nettopp Martha kan godt ha vore namnet til mor hans Ole, skal me dømma etter oppkallingi i Amerika! Denne Ole Olson hadde visstnok ein bror Gunder Olson, fødd 1841, som i 1865 var gardbrukar på Birke i Årdal sokn, Hjelmeland med kone og ein son kalla Martin-Olaus Gunderson!Om ikkje Ole Olson er frå Hjelmeland, so har me Valdum i Horg sokn, Støren i Sør-Trøndelag, Vallum i Kvam sokn, Stod i Nord-Trøndelag og Valum i Alstadhaug sokn, Skogn, Nord-Trøndelag.Elles har me ogso Valomshaugen i Kvikne sokn i Nord-Fron, Oppland og dessutan Valum i Furnes sokn i Vang på Hedmarken. I Ringsaker er det visstnok òg ein plass som heiter Valum(?).Eg vonar at ein eller annan kan hjelpa meg med å identifisera opphavet til Ole Wallom og takkar so mykje på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Sissil Bruun Sørensen

Jeg tror du kan eliminere bort Vallum i Kvam i Stod. Jeg har kun kirkebøkene fram til 1646, så jeg kan ikke få avkreftet selve fødselen, men jeg har ikke funnet noen Ole på Vallum som kan være far.I følge Taraldsens gårdshistorie (som riktignok kan være mangelfull), er det heller ingen Ole på Vallum på denne tiden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg har no motteke rapport frå LDS-kyrkja i Salt Lake City, UT om denne 'underlege' huslyden, som eg framleis trur har opphavet sitt i Årdal, Hjelmeland i Ryfylke. I LDS-basen finn me følgjande:Ole Gunderson og Martha Nilsdotter, gifte i Hjelmeland 1840, og borni deira:* Gunnar Olson, f. Hjelmeland 1841* Nils Olson, f. Hjelmeland 1843* Nils Olson, f. Hjelmeland 1844* Ola Olson, f. Hjelmeland 1847* Ola Olson, f. Hjelmeland 1856LDS-kyrkja har leitt fram dei filmane der denne vigsli og dei påfølgjande fødslane er innførte, men der stod ikkje noko meir enn kva me visste frå Internet-basen! Det var ei handskrivi 'registrering'! I tillegg har mormonarane søkt etter desse datoane i kyrkjebøkene for Hjelmeland, Årdal og Fister, men utan å finna spor etter huslyden.Då vert det endå merkelegare at den eine sonen Gunnar 'Gunder' Olson, f. Hjelmeland 1841, dykar opp i folketeljingi for 1865 som gardbrukar på Birke i Årdal sokn, Hjelmeland...! Han er gift med Brønla, òg fødd i Hjelmeland 1841 og med sonen Martin-Olaus, 3 år.Bygdeboki frå Årdal har ingen opplysningar om opphavet til Gunder Olson på Birke.Kan Ole Gunderson og Martha Nilsdotter ha vore dissenterar, som til dømes kvekarar?? Ei orsak må det jo vera til at dei ikkje finst i kyrkjebøkene for Hjelmeland...! Kanskje finst vigsli til Gunder og Brønla innført (kring 1862)? Den har det visstnok ikkje vore søkt etter!Eikvar hjelp vert motteki med stor takk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil i kveld gjerne få blåsa litt støv av denne saki, som eg aldri har greidd å løysa!Eg har motteke nærare ''rapport'' om vigsli til Ole Olson Wallom; då han gifte seg i Iowa Co., WI i 1872, er foreldri oppgjevne som:Ole Olson Wallom og Ing. Olson!Det ser ikkje ut til at Ole Olson har noki tilknytting til Årdal i Ryfylke, men han MÅ ha bakgrunn frå ein eller annan gard eller plass i Noreg med namn Valum eller Vallum, men kvar i landet kan han vera ifrå?Eg vonar på eit positivt svar frå einkvan og takkar på ny so mykje for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Kan han vere fra Våler (Waaler) på Hedemarken, der blei det født fleire Ole Olsson rundt 1847. Meiner eg og fant ein som emigrerte.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Dette er ikke noe nytt i debatten, men legger det inn: I folketellingen 1880 for Wisconsin finner jeg teamster Oley Wallam med hustru Betsy og sønnene Oliver, Edwin og Malvin [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=26&filnamn=wisc1880&gardpostnr=50852&merk=50852#ovre>Lenke. I samme telling ser jeg også en Isabell Wallam på 19 år

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aud Sandbu

Eg kan berre bistå med å eliminera; det er ein Ole Olsen Vallumshagen, 49 år gamal, og ein Ole Olsen Vallumstuen, 18 år gamal, som emigrerte frå Fron til La Crosse, Wisc. i 1879:LenkeIngen av desse to er i rett alder, så Vallum i Fron kan dermed utelukkast.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Olaus WOLLUM Age At Marriage: 34Birth: 1812Parents: Father: WOLLUMSpouse: Ingeborg KROGNAESSAge At Marriage: 21Marriage: 21 Sep 1846 Place: Strinda, Sor-Trondelag, NorwayHar funnet vielsen i den skannede kirkeboka for Strinda, men det er omtrent umulig å lese det som står pga svak skrift. Så vidt jeg kan tyde er overnevnte Olaus Wollum cand. theol og jeg kan lese jomfru Ingeborg Krognæs. Antakelig er dette er skudd fullstendig i blinde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arnfrid, Grethe, Aud og Astrid for spennande og interessante innlegg. Særleg ser det siste innlegget til Grethe utfordrande ut. Eg skulle likt og visst kva born Olaus og Ingeborg fekk... NB: Eldste sonen til Ole Olson Wallom vart døypt OLAUS (fødd i Blanchardville, WI 18.9.1873)!!Elles er nok denne Isabell på 19 år frå FT1880 so absolutt ein god kandidat for å vera søster til Ole Olson Wallom. Isabell er nok Ingeborg...Eg er imponert over desse nye innspeli, etter at eg i lengre tid meir eller mindre hadde gjeve opp tanken om å finna opphavet til denne ætti!No er eg spent på om nokon med lokal kunnskap i Strinda har noko å bidra med...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arnfrid for nye spennande innlegg.Det kan so absolutt vera rette huslyden du har funne, men eg likte ikkje heilt namnet på mori, Olava... Kanskje fleire opplysningar vil dukka opp i kyrkjebøkene for Strinda...?Elles finn eg i FT1865 for Søndre Gade 23 i Trondheim denne huslyden:~~~~~~~~~~~~~~~~~Ingeborg Wullum Logerende e Pensionist 1825 ThjemElisabeth Wullum hendes Datter ug 1847 ThjemAnna Wullum hendes Datter ug 1848 ThjemErik Wullum hendes Søn ug 1850 Christiania Stift~~~~~~~~~~~~~~~~~Dette KAN sjå ut som den Ingeborg Krognæs som gifte seg i 1846 i Strinda med Olaus Wollum, men i so fall er ikkje her plass til nokon Ole i 1847 eller Ingeborg kring 1861...Eg vonar på nye avklarande tips og takkar igjen for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Nei, men eg trur at Ole Arntsen på Vollum kanskje kan ha hatt born før han blei gift med Olava, fordi første barnet deira var uekte. Men det kan godt vere at dette ikkje er dei rette...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arnfrid for ntt innlegg!Eg ser av FamilySearch at Ole Andreas Arntson og Olava Olsdotter fekk ein son Ole oppgjeven fødd Mosvik i Ytterøy, Nord-Trøndelag i 1846 (utan dato), men dette er vel ikkje nokon aktuell ''kandidat'' for oss, eller...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

I og med at jeg ikke finner Olavas mann, Ole Arntsen, blant de døde i Malvik, Strinda, mellom 1865 og 1868, kan det jo være at også han dro sammen med den mulige sønnen, Ole Olsen, litt tidligere... Men, som sagt, dette kan være et skudd i blinde..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

I tilfelle det er denne familien, så drar en Ole Arntsen 42 år i 1867 sammen med hans brors familie, men bustaden er jo feil,[url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=16&filnamn=EMITROND&gardpostnr=808#nedre>Lenkeog kan det være denne Olaus Olsen dreng Skogn, 19 år, som drar sammen med Olava og barna i 1868

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnstein Rønning

Ole Ellefsen og Guru Olsdtr bodde på Valum (Skogn) i 1865 LenkeIflg FS hadde Ole Ellefsen Hotran og Guru Olsdtr sønnen Ole døpt 03.09.1849 i Alstadhaug i Skogn. Hotran ligger kloss opp til Valum (nærmeste nabo), og jeg antar at det er samme par det er snakk om.Den aktuelle Ole er opplyst å være født 31.08.1847 (innlegg 1). Kanskje skal riktig dato være 31.08.1849 og døpt noen få dager seinere?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Astrid Ryen

Lars, jeg har foretatt et grundig søk i 1865-tellingen ut fra de opplysninger har fått fra USA, men jeg klarer finne noen brukbar kandidat. Utvandringsåret er 1868? - han kunne vel være utvandret før det tidspunkt utvandringslistene begynner? Kanskje til og med før 1865?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arnfrid, Arnstein og Astrid for nye interessante innlegg!Eg er imponert over kor grundige de er i å leita etter opphavet til Ole Olson Wallom; eg vert reint mållaus! Dette er nok ein uvanleg ''hard nøtt'' å knekka, men eg må tilstå at den siste kandidaten til Arnstein høyrest svært so interessant ut, sjølv om det ikkje er noki Ingeborg i denne huslyden.... Kanskje hadde det vore ein tanke å sjekka kyrkjeboki for Skogn og likeins bygdeboki, om det finst noko slikt?Eg lever framleis i voni om løysing av dette problemet og takkar igjen so mykje for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnstein Rønning

Jeg har ei bygdebok for Skogn som dekker Valum, men den slutter rundt 1801. Men gården nevnes som WALLUM helt fra 1548, via matrikkelverket av 1723 og framover til rundt 1800 (det er denne perioden boka dekker). Så Wallom kunne jo passe bra.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnstein Rønning

Jeg ser at lenka i nr 19 er blitt feil Lenke.Dessuten; skal vi ta utgangspunkt i at opplysningene fra USA da han gifta seg er riktig, så var vel foreldrenes navn: Ole Olsen Wallom og Ing. Olson...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnstein Rønning

At mor hans ble kalt 'Olson' da han gifta seg, behøver vel ikke å bety annet enn at det er farens 'etternavn' som også føres opp på henne?Hva med denne, Ole Olsen på By i Børsa, med foreldre Ole Olsen og Ingeborg Pedersdatter LenkeDenne Ole er iflg FS født 1. sept 1847 i Børsa - dagen etter det Ole Olsen oppgir i Amerika.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arnstein for fleire nye innlegg!Tja, eg veit ikkje kva eg skal seia. Dette siste ser jo òg ut som eit svært godt alternativ for den Ole Olson Wallom, som eg leiter etter. I FT1900 er Ole O. Wallom oppgjeven fødd i september 1847, men dødsattesten hans seier altso 31.8.1847...Men so var det dette med søsteri hans, då..., dersom det VAR søsteri hans...Noko endeleg prov på ''vår'' Ole Olson Wallom har me vel ikkje funne, men eg har ei kjensle av at me nærmar oss målet!Nok ein stor takk for alle dei gode forslagi so langt. Eg vonar framleis på eit endeleg ''breakthru''...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.