Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Jorunn Hjelle

[#10326] Hardbogætta

Recommended Posts

Gjest Jorunn Hjelle

Kva fins av kjelder/opplysningar om Hardbogætta? Tilbake på 1600-talet i Nordfjord støyter eg stadig på personar som høyrer til denne slekta. Eg har lese det J. Aaland skriv i si bygdebok om garden Hopland. Han fortel at det i samband med ein eigedomstvist vart rekna opp 6 ætteledd bakover frå 1560-talet - tilbake til Oluf Hardbog, som han då rekna med var fødd før år 1400. Kvar kjem namnet Hardbog frå? Stemmer det at det var ein gard i Bergen? H. Nørve skriv 'Slekta eide Hardboggarden i Bergen'. (I det ekspl. av H.N.s bok eg lånte frå M&Rs fylkesbibliotek blir lesarane på tittelbladet åtvara med at 'det i denne boka finnes en del feil og unøyaktigheter i teksten', så eg veit ikkje kva eg kan feste lit til der!) Mvh. Jorunn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Kvien

Jeg håper noen har kunnskaper om dette og svarer på det du egentlig spør om. Ellers har jeg oppfattet Hardbog som en egenskap til denne Oluf 'hard bog', liksom 'hårfagre' uten sammenligning forøvrig. Så vidt jeg vet heter det lokale idrettslaget på steded Hardbagg.mvh Tor Kvien

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

'Alle' nordfjordingar kjem før eller sidan tilbake til Oluf Hardbog på fleire sider, og til ekteparet Jon og Elin Rand som levde litt seinare på resten av sidene, for å seie det litt flåsete.Eg trur faktisk ikkje der er så svært mykje opplysningar å hente om nokon av dei, fordi dei opptrer i historia på same måte som svært mange andre på den tida, nemleg i form av eit ettermæle, og som hovud- eller biperson i eitt eller nokre svært få bevarte dokument. Dokumentet som viser 6 ættled bak til Oluf Hardbog er nødvendigvis skrive nokså lang tid etter hans død, og etter som eg forstår Jacob Aaland, er der ikkje eldre dokument som nemner Oluf.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jorunn Hjelle

Takk for svar, Tor og Aase!Eg må vel berre forsone meg med at det ikkje er meir å finne om Oluf. Men kva med Hardboggarden i Bergen?Mvh. Jorunn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Ein slik 'gard' var nok ingen bondegard, men ein handels-/forretningsgard langs Stranden eller på Bryggesida. Men eg har ikkje funne ut kor den låg, for den er ikkje nemnd i dei kjeldene eg har for Bergen. Det ein derimot meiner å vite, er at i alle høve ein stormann med tilknyting til Sunnfjord og Nordfjord, hadde eigen 'gard' på Stranden, nemleg Audun Hugleiksson (Audunargarden). Den fanst heilt til brannen i 1916 sletta den or kartet. Den låg omlag der Wallendahl har bygget sitt i dag.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Tanken har streifa meg og, at der skulle vere samanheng med Hardbog og Harbo(e), men akkurat denne danske slekta er etter det innehavaren av sida opplyser, ei brevadelsslekt som 'berre' skriv seg tilbake til 1440. På den tida bør Oluf ha vore godt etablert i Nordfjord.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.