Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest Solveig Hånes

[#10383] Kvar blei Peter Andreas Paulsen Rødsetbakken fødd? Bosted før Engesæt i Borgund?

Recommended Posts

Guest Solveig Hånes

Søkeomgrepet 'Peter Andreas Paulsen, Rødsetbakken, (død 1835, 35år).( Under begravde i Borgund, står han oppført som Andreas Peter Pouls.Engesæt) Kvar er han fødd? Kvar budde han før han kjøpte garden Engesæt,Grytastranda (dåverande Borgund) ? Kvar har forfattar av Gardshistoriene frå Borgund fått desse opplysningane? Kvar blei dei vigde? (Marte Frantsdtr.f.1797 på Myrhol i Hjørundfjord) Kor mange born hadde dei? Kvar blei sonen Peder Petersen fødd?(han tok over Engeset og er fødd ca. 1831, nr. 5095 (post) 1865-telling for 1531 Borgund) Vi veit at dei hadde ein son som var fødd det året faren døde,Paul. Hadde dei døtre? Vi tenkte at Rødsetbakken var ein plass i nærleiken av Rødset, Borgund,men finn det ikkje andre stader enn i Øksendal. Kona til Peter, Marthe, gifta seg opp att med Lars Karl Torsen, Krogsæth. Kanskje de kan finne opplysningar om dette ved skifte ved gjengifte? Dette blei mange spørsmål med ein del opplysningar. Har prøvd å finne det ut via Digitalarkivet, men der manglar dei opplysningane eg treng for å kome vidare i slektsforskninga mi. Far min har prøvt å finne det ut, og han har fått meg interessert og. Venleg helsing Solveig Hånes, Grytastranda, 6265 Vatne , Møre og Romsdal

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Olav Myklebust

Hei! Har i alle fall funne eit par opplysningar til deg: Sonen Peder er registrert i fødselslista her: LenkeInnførselen viser klart at namnet opphaveleg har vore Erik Andreas, men seinare er Erik overstroke og Peder Antonius er lagt til før Andreas. Namnet til faren er truleg retta i ettertid, det er i alle fall fleire lag med blekk på innførselen. Det står også heilt tydeleg Marthe Jensdatter på denne innførselen. Eg har også funne innførselen til sonen Paul Fredrik Elias, f. 26/3 1835, og 8/4 1838 får Marte sonen Peter Elias Britanus med sin nye ektemann. Elles har eg ikkje funne barn etter dei. Mvh Olav

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Solveig Hånes

Hei Olav!Takk for at du hjelper meg!Eg veit ikkje om mailen eg skreiv for ei tid tilbake kom fram,så eg skriv ein gong til.Far min meiner at det er Marte Frantsdatter som er mor til Peder og.Det har blitt fortalt fram gjennom tidene.Eg har prøvd å finne nokon som heiter Marthe Jensdatter som kan passe inn i bildet, men finn ingen.Så vi trur det må ha vore ein skrivefeil( Fra/nsdatter-Je/nsdatter liknar litt, og mødrene ser ikkje ut til å ha vore så viktige før i tida..dei er ofte ikkje ein gong nemde i dåpspapira)Marte/Marthe Frants(z)datter står i alle fall oppført som mor til Paul Peterssen(1835)og Peter Larss.I Borgund og Giske, gardssoger,Ragnar Øvrelid, står det under Engeset på Grytastranda, at Peter Andreas Paulsen Rødsetbakken kjøpte garden.I same bokserien ,2, under Rødset, står det om ein Paul Knutsen Nakken/ Pernille Nilsdtr.(Ek)Trur dei hadde ein son som heitte Peter, f.ca.1797.Skal tru om dette er han som kjøpte / tok over Engeset?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Solveig Hånes

Lurer på om forfattaren/ forfattarane til 'Borgund og Giske, gardssoger' lever, og kvar dei har fått opplysningane (kjeldene)? Spesielt om Peter Andreas Paulsen. Er det nokon som veit det? Kvar er 'Kraaen'i Borgund? Paul Larssen frå Kraaen (Ekm.)gifta seg i 1795 med Johanna Pedersdatter. Kanskje dei er foreldra til Peter Andreas Paulsen? Mvh Solveig Hånes

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Olav Myklebust

Kråen i Borgund finn du her i FT1801: LenkeKråa ligg så vidt eg veit på Sula, og der blir det no arbeidd med ny bygdebok. Ta kontakt med Sula kommune, der sit ei som arbeider med å sette opp slektslistene. Mvh Olav

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Solveig Hånes

Kan nokon hjelpe meg med å finne ut kvar Peter Andreas Paulsen /(evt. Andreas Paulsen )og Marte Fransdatter frå Myrhol i Bondalen/ Hjørundfjord blei vigde? Mvh Solveig Hånes

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Solveig Bjørlykhaug Hånes
Lenke Skal tru om dette er Peter Paulsen som seinare budde på Engeset, Grytastranda, dåverande Borgund? Er det nokon som kjenner til denne personen? Mvh Solveig Bjørlykhaug Hånes, Grytastranda

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.