Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Tore Turøy

[#10398] Skifte Sartor

Recommended Posts

Gjest Tore Turøy

Eg er på jakt etter opphavet til ein Paul Nilsen Landro f. ca 1764. Har ein mistanke om at han var son til Nils Olsen og Anna Paulsdatter Eide.Eg ser at det var skifte etter Anna Paulsdtr Eide nore, Sartor Skipreide, side 296 protokoll 8a, 1788-1790 og Nils Olsen Nordeide Sartor side 119b protokoll 9a, 1794-1797.Står det noko i skifte etter desse om dei hadde ein son som heitte Paul og budde på Landro?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Nordvik

Hallo ToreI kyrkjeboka for Sund (A4 s. 165) finn vi dåpen til Paul (Povel) 10.03.1764. Far er Niels Olsen Eide, og fadrane er Ole Olsen Eide, Ole Knudsen ibidem, Niels Nielsen Kortvedt, Bothilde Jensdtr. Eide, Malena Nielsdatter ibidem.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Turøy

Hei Tore! (Fint namn forresten).Takk for innspel. Eg var klar over at Nils og Anna fekk denne sonen Paul i 1764, men eg har ikkje klart å finne ut om det er den same Paul Nilsen som gifta seg på Landro i 1789 og 1802.Då han gifta seg står det at han budde på Landro, men eg har ikkje funne nokon på Landro som passar. Difor har eg leita litt rundt i kring, og har funne ut at Paul Nilsen Eide er ein god kandidat.I ein annan kjelde som eg har, står det at han kom frå Foldnes, men heller ikkje her har eg funne nokon som passar. Mor til Paul Nilsen Eide, Anna Paulsdatter kom i frå Foldnes, så difor byrja eg å lure…..To av systrene til Paul Nilsen Eide vart også gifte på Landro, så det er fleire ting som peikar på han. Men eg har ingen prov, så difor håpa eg på at skiftene kan gi svar…..

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Skiftet etter Anna Paulsdatter Eide nore (Nhl. 8a-296) gir vel det svaret du vil ha:'Anden Søn Poul Nielsen der er myndig og boer paa Gaarden Landeraae tilstæde'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Turøy

Takkar og bukkar. Ja, det var det svaret eg ville ha.Det er alltid kjekt når ei brikke fell på plass.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.