Gå til innhold
Arkivverket

[#10417] Baker Henriksen i Fredrikstad og Konditor Simonsen i ?? - hjelp?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Johanna Marie Hermansen, fødd i Flekkefjord 11.10.1842, døydde som enkje i Bergen 24.1.1913. Ho let etter seg tre døtrer. Ei kjenner me til, Anna Margrethe, gift med Hans Mathias Rasmussen i Bergen, men dei to andre er det derimot verre med:* Karen Marie, kjend som Marie, fødd i Bergen 1.8.1868, var i 1913 sagt å vera gift med konditor Simonsen med ukjend opphaldstad, og:* Johanna, kjend som Hanna, fødd i Bergen 7.9.1877, var i 1913 sagt å vera gift med baker Henriksen i Fredrikstad.Er det noko som kan hjelpa meg å identifisera desse to døtrene og ektemakane deira?Eg seier på førehand hjarteleg takk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Knudsen

Hva heter jentene til etternavn? I 1900 Akers Gade 35 Kristiania bodde det en Karl Simonsen læregutt conditor f. 1883 Vestby. Det var den eneste Simonsen og konditor med C.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg Laila for interessante opplysningar om Hanna Hermansen. No veit me altso at ho var komi til Fredrikstad alt før 1900, so då bør det vel vera mogeleg å finna ut meir om ho der i byen? Fins det adressebøker for Fredrikstad? Eller har nokon høve til å sjekka kyrkjebøker for Fredrikstad for å finna vigsli til Hanna og bakar Henriksen mellom 1900 og 1913?Takk ogso til deg Berit for forslag til konditor Simonsen. Men eg er nok litt skeptisk til alderen hans. Eg vil helst tru at Karen Marie kanskje var gift før 1900?Nye innspel vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk Terje for interessant innspel i denne saki. 'Fru' Simonsen, på vitjing frå Kristiania, men fødd i Bergen i 1868, er so absolutt ein god 'kandidat' for Karen Marie (Hermansen) Simonsen, men i so fall bør ho òg vera nemnd i Christiania 1900 som fråverande...? Eg har leitt, men finn ho framleis ikkje i Christiania. Kan henda budde denne huslyden i ein av dei mange småbyane kring Christiania?Nok ein gong takk for hjelpi! Fleire gode forslag vert mottekne med stor takksemd!Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil gjerne i kveld få turka litt støv av denne uløyste floka med von om at nye lesarar kan hjelpa meg?Me veit at Hanna Hermansen, fødd i Bergen 1877, var tensetjente i Fredrikstad i 1900, ugift. Og den utan tvil beste leietråden me har, er bakar Henriksen i Fredrikstad anno 1913. Finst det adressebøker for Fredrikstad frå den tidi som kan identifisera bakar Henriksen?Eg har undersøkt FT1900 for heile landet og finn eit par interessante alternativ:* Karl Henriksen, bakar, fødd i Fredrikshald (Halden) 1866, busett i Fredrikshald, men han var (i 1900) gift med ei onnor!* Harald Henriksen, bakarsvein, fødd i Skjee 1880, busett i Horten, ugift.Kanskje Karl vart enkjemann og flytte til Fredrikstad? Eller kva med Harald?Eg vonar på hjelp til å løysa dette problemet og takkar nok ein gong so mykje på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Diverre har det ikkje vore noki utvikling i denne saki på lang tid, so eg tillet meg å koma att med følgjande spørsmål:Er det nokon som har tilgjenge til adressebøker for Fredrikstad for tidi kring 1913 og som eventuelt kan identifisera ''bakar'' Henriksen?Eg lever i voni og takkar so mykje for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Liv S. Hansen

Du kan ihvertfall glemme baker Henriksen i Fredrikshald. Han bodde hele sitt liv i Halden frem til han døde 1942. Han fikk 7 barn med hustruen fra 1900 tellingen, alle disse tok etternavnet Gram Henriksen.Liv

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Det siste tipset ditt, Liv, var slett ikkje so verst! Eg har i kveld frå formannen i historielaget, Nils Hetmann, motteke mellom anna følgjande: ''Jeg har lett i Fredrikstadlitteraturen etter baker Henriksen, men ikke funnet ham. Derimot har jeg funnet et ekteskap 14. mars 1901 mellom Johanne Hermandsen f. 1877 i Bergen og Stuert Thomas Engebretsen f. 1879 i Vestre Fredrikstad.''At dette er ''vår'' Johanne, er ikkje mykje tvil om, men so var det mannen hennar!! Vegen frå stuert til bakar er ikkje so lang, so kanskje det er ein feil i dødsmeldingi frå 1913, både med yrke og med namn?Elles finn eg Thomas Engebretsen i FT1900 for Fjeldberg i Glemmen, men då heitte han Andreassen...:~~~~~Ingebret Andreassen hf g Skiber ved sagbrug 1840 HølandBerte Kristine Andreassen hm g Arbeiders hustru 1841 HølandSigrid Dagmar Andreassen d ug Husgjerning 1881 FredriksstadBerta Kristine Andreassen d ug Forsørges af forældrene 1885 FredriksstadThomas Andreassen s ug Stuert med Seilskib 1879 FredriksstadMarie Jensen d & b g Arbeiders hustru 1876 FredriksstadJens Hvidsten Jensen Dattersøn & b ug Forsørges af forældrene 1900.08.27 Glemminge Sm~~~~~Men hjelper dette oss til å finna lagnaden til Johanne Hermansen?Eg takkar på ny for alle gode tips i denne saki og vonar på fleire innspel!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg tillet meg å blåsa litt støv av denne saki om bakar Henriksen som er vorten til saki om stuert Thomas Engebretsen (Andreassen). Eg står framleis fast og vonar at kanskje nye lesarar kan ha nye tips å komma med...?Hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Med nye kyrkjebøker på nettet har eg funne at bakarsvein Thomas Engebretsen og kona Johanne Hermansen på Trosvigbjerget i Fredrikstad fekk minst ein son i lag:* Inge Johannes (Engebretsen?), fødd 28.6.1901 og døypt i Vestre Fredrikstad.Eg leitte vidare ut 1905 både i Vestre og Austre Fredrikstad kyrkjelyder, men fann ikkje fleire born. Heller ikkje ser eg noko til desse folki i gravminneregisteret til DIS-Noreg. Men kanskje er det nokon med lokal kunnskap i Fredrikstad som har høve til å følgja opp denne ætti? Har dei etterkomarar?Eg takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg har fram til i dag stått ''på staden kvil'' med omsyn til dei to søstrene frå Bergen som hamna i Fredrikstad og (truleg) Christiania. Men no skal manuskriptet for denne delen av bygdi snart prentast, og eg ville gjerne gjera ein siste freistnad på å finna lagnadane deira!Eg har teke til med Johanne Hermansen (Johannessen), fødd i Bergen 7.9.1877. Ho gifte seg i Fredrikstad 14.3.1901 med Thomas Engebretsen, som sidan ser ut til å ha teke namnet Thomas HVIDSTEN, fødd i Vestre Fredrikstad 18.2.1879. Eg har før funne ein son, og i kveld har eg òg funne ei dotter til dette parfolket:* Inge Johannes HVIDSTEN, fødd i Vestre Fredrikstad 28.6.1901, vart konfirmert i Vestre Fredrikstad i 1916 med namnet Hvidsten! ([url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=25951&idx_id=25951&uid=ny&idx_side=-210>Lenke). Bustaden var Trosvikgata 43, og faren var BAKARSVEIN!* Bergliot Marie HVIDSTEN, fødd i Vestre Fredrikstad 8.8.1904, vart konfirmert i Vestre Fredrikstad i 1918 med namnet Hvidsten! (Lenke). Bustaden var framleis Trosvikgata 43, og faren var framleis BAKARSVEIN!Eg ser forresten at far til Thomas Ingebrigtsen Hvidsten, Ingebrigt Andreassen, døydde i Vestre Fredrikstad 7.1.1916 (Lenke). Han er ogso nemnd hjå DIS-Noreg med gravminne og ættenamn HVIDSTEN!So ser eg at bakar Inge Johannes HVIDSTEN gifte seg i Vestre Fredrikstad 15.6.1926 med Dagny Emilie Simensen Øverli, fødd i Vestre Fredrikstad 8.12.1905 (

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Det hjelp deg kanskje ikkje så mykje, men Inge Johannes og Dagny får ei datter rett før giftemålet (nr. 41). Kildeinformasjon: Østfold fylke, Vestre Fredrikstad, Klokkerbok nr. Ga 0005 (1918-1948), Fødte og døpte 1926, side 121. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8039&idx_id=8039&uid=ny&idx_side=-123>Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

På DIS-Norge finn eg ei Bergliot Torbjørnsen fødd 08.08.1904, død 26.11.1994, gravlagd Leie Gravlund i Fredrikstad. Kan det være di Bergliot Marie?mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for kjempeflotte opplysningar! Eg kontakta kyrkjevergen i Fredrikstad, og deretter snakka eg med ein son av Bergliot Thorbjørnsen, som kunne stadfesta at dette var rett familie. Eg ventar no på supplerande opplysningar om Thomas og Johanna! Denne delen av problemet er soleis løyst!Men, framleis slit eg med konditor Simonsen og huslyden hans... Kanskje løyser det seg ogso?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.