Gå til innhold
Arkivverket

[#10506] Alvora-Olvora-Alværn - 'ei øy uti Sunnfjord ein stad'


Gjest Bjørn Davidsen
 Del

Recommended Posts

Gjest Bjørn Davidsen

Har igang eit prosjekt om denne øya som ligg rett søraust for Florø. Eg treng ikkje hjelp til ting som finst på DA (eller i kyrkjebøker o.a.), men eg ynskjer kontakt med folk som slekter frå folket som budde der. Om slike finst ein stad der ute, gjer vel og ta kontakt på epost: fndbred@online.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

Det er Ålvåra i Solheimsfjorden du mener, ikke sant? Ser ut som de fleste av dagens Alværn holder til i Balestrand, mens Alværen stammer fra Gaular. Vet du hva øyfolket ditt valgte som etternavn?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Ja, det er den i Solheimsfjorden. Oldemora mi, som kom derifrå, skreiv seg for Alværn (eller Alværen) då ho gifte seg i Bergen. Men der budde fleire familiar der ute heilt opp til våre dagar som eg òg veit har nolevande etterslekt andre stader. Det eg held på med, er å lage ei soge på internett om øya og folket der - ikkje noko slektstre. Difor ynskjer eg kontakt med andre som har røter der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Henry Neverdal

Tilfeldig såg eg spørsmålet ditt. Eg har eit svakt minne frå tidlegare dagar i Florø om ein familie Reksten som busette seg på Ålvora. I så fall vil Inghild Reksten Solheim, tlf 5774 4209, vite noko om det.Med det same så hadde du tidlegare i år nokre innlegg om Neverdal i Gulen og viste til noko du hadde skrive om m.a. raset der. Kan eg få tilgang til dette ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Eg var ein tur på Alvora i somar og vitja Sveinung Reksten og kona som no er dei einaste fastbuande der. Det var i samtale med han eg fann på dette prosjektet.Når det gjeld det eg skreiv om Neverdal-raset, er det så lenge sidan at eg ikkje hugsar nøyaktig når. Men eg trur det var i julenummeret til BA 1967 - utan at eg kan garantere det. Eg har diverre ikkje den artikkelen her. Men BA finst jo på film som du kan låne hjå/til biblioteket ditt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Marita Lystad

HeiJeg vet godt hvor øya ligger, mellom Brandsøy og Stavøy. Jeg er selv i slekt med Sveinung Reksten, men vet ikke noe mer om tidligere beboere. Hvor lenge har det bodd folk der da?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Som du ser, er eg fyrst av alt interessert i kontakt med etterkomarar etter folk som har budd der. Kor lenge det har budd folk der, veit eg ikkje, men det må vere svært lenge. Mine forforeldre budde der dei midtaste omlag 80 åra på 1800-talet, fram til midt på 1890-talet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.