Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#10517] Johan Christian Lind frå Ås/Christiania (f. 1800) med familie - til Wisconsin

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Johan Christian Lind, fødd 10.3.1800, død 22.6.1893, gifte seg kring 1822, uvisst kvar, med Agnette Henriksdotter Krogsrud, fødd 15.12.1801, død 17.4.1868 {alle datoane frå Bad Ax kyrkjegarden i Vernon Co., WI}. Johan Christian Lind var i 1880 som enkjemann busett i Jefferson township, Vernon Co., WI. hjå dotteri Christiana Lind gift med skotten James Sidyce og borni deira. I same huslyden finn me Karen Anderson, 55 år og skild.FamilySearch syner at Johan Christian Lind og Agnette Henriksdotter i alle fall fekk desse to døtrene:Karen Mathea Lind, døypt i Ås 12.10.1823Christiana Agnethe Lind, døypt i Aker 15.11.1835Karen Mathea Lind gifte seg kring 1844, uvisst kvar, med Mathias Andersson, fødd kring 1823. Dei fekk to døtrer:* Sophia, fødd kring 1845, uvisst kvar* Kirstine Amalie 'Christine', fødd i Nittedal 1.8.1847.Mathias og Karen Mathea Anderson utvandra til Amerika og budde i 1860 på ein farm i Wheatland township, Vernon Co., WI.Karen vart som enkje attgift i Vernon Co., WI 25.2.1868 med enkjemannen Ingebrigt Pederson Sønnesyn {Ingebret Peterson} frå Hafslo (Luster) i Sogn (1822-1889), men dei vart altso skilde.Kan nokon fortelja meg litt meir om Karen Mathea Lind og første mannen Mathias Anderson? Kva år utvandra dei til Amerika? Eg er òg interessert i den nøyaktige fødselsdatoen til Karen Mathea i Ås og fleire detaljar om foreldri hennar!?Takkar hjarteleg for alle gode innspel!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

No har eg òg funne ut at Agnetha Henriksdotter vart døypt i Ås 20.12.1801 (ifølgje FamilySearch) som dotter av Henrik Willumson og Kirstina Jansdotter.Og bryllaupet mellom Johan Christian Lind og Agnetha Henriksdotter stod i Drøbak 14.9.1823.Denne huslyden må ha vore svært 'mobil'!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg har no fått bragt i erfaring at Ingebrigt Pederson og Karen Mathea f. Lind vart skilde i 1875, etter å ha vore gifte i sju år. Og det var Ingebrigt som fekk innvilga skilsmålet på grunn av at Karen hadde vore slem med han og handsama han dårleg, som det står i papiri... 'cruel and inhuman treatment'!Men eg er framleis på leiting etter opplysningar om denne 'slemme' kona til Ingebrigt og vonar at nokon kan hjelpa meg...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest K. L. Brauer

I am a descendant of Johan Christian Lind and have information about the families you mention. I am sorry to be unable to communicate in Norwegian; if you could ask your question in English I would be happy to help.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Thank you very much, M. Brauer, for your interesting message! I never thought anyone would ever come up with information on this family...!As you may have discovered, my interest is devoted to the destiny of Johan Christian Lind's daughter, Karen Mathea Lind, christened in Aas parish (County) in Akershus province near Oslo on Oct. 12, 1823. She was married twice, 1st time somewhere in Norway about 1844 to one Mathias Andersson, whose origin is unknown to me. They emigrated and settled on a farm in Wheatland township, Vernon Co., WI. Matthias must have died sometime in the 1860's, and on Feb. 25, 1868 Karen remarried Ingebrigt Pederson Sonnesyn aka Ingebret Peterson (1822-1889). They were divorced in 1875.My specific questions are:* Exact date of birth for Karen Mathea Lind?* Date and place of Karen Mathea Lind Anderson Peterson's death?* Date and place of Karen's 1st marriage to Matthias Andersson aka Matt Anderson?* Vital information about Matt Anderson (dates and places of birth and death)?* Year of Karen and Matt Anderson's emigration?* Total number of children born to Karen and Matt?Karen and Ingebret apparently had no children of their own, but Ingebret has several children by his 1st wife who left early for South Dakota!Thank you very much in advance, M. Brauer, for any details that you can add to this topic! You may write me directly at: loya@online.noCordially yours,Lars E. Oyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Denne probemstillingi har ligge ei tid i ''dvale'', men eg vonar at det no er mogeleg å finna fram til svari på nokre av dei spørsmåli eg har stilt før. For å summera opp:* Karen Mathea Lind skal vera fødd i Christiania i 1823, men vert oppgjevi døypt i Frogn kyrkje i Ås, Akershus 12.10.1823. Kva var fødselsdatoen hennar? Kva yrkestitel er oppgjeven på faren Johan Christian Lind? Og kvar i Ås budde huslyden?* Foreldri til Karen Mathea, Johan Christian Lind og Agnetta Henriksdotter frå Krogsrud i Ås, skal vera vigde i Drøbak 14.9.1823. Kva er fødestaden, yrket og bustaden til brudgomen? Kva heitte far hans?* Johan Christian Lind vert oppgjeven fødd 10.3.1800. Eg finn han likevel ikkje i FT1801...?* Eg saknar ogso ein vigselsdato for Karen Mathea Lind og Mathias Andersson frå Nittedal, truleg vigde i Ås kring 1844?Eg vonar at einkvan med lokal kunnskap i Frogn/Ås dreg kjensel på desse namni og kan hjelpa meg vidare. Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Heisan, eit nytt søk i FT1801 har avslørt denne huslyden i ''Gard 165'' i Drøbak sokn i Ås prestegjeld, noko som synest vera i sjølve Drøbak:~~~~~~~~~~~~~~~~~~Ole Lind Huusbonde 43 Begge i 1 ægteskab Skoleholder MOlia Iversdtr Hans kone 36 Begge i 1 ægteskab KJohan Christian Lind Deres børn 1 Ugift MElse Lind Deres børn 9 KAbel Carine Lind Deres børn 7 KGunnil Maria Lind Deres børn 5 K~~~~~~~~~~~~~~~~~~Etter dette lyt me tru at Lind-ætti budde i Drøbak, og truleg var det der Karen Mathea var fødd, men desse spørsmåli står framleis att å finna svar på:* Dåpen til Karen Mathea Lind fann stad i Frogn (Drøbak?), Ås 12.10.1823, men kva er oppgjeve som fødselsdato og yrke til far hennar?* Vigsli til Mathias Andersson og Karen Mathea Lind har truleg funne stad i Frogn (Drøbak?) kring 1844, men kva dato?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.