Jump to content
Arkivverket

[#10518] Ch(K)ristoffer Pederson Joranger (f. 1870), militærnektar/desertør frå Hafslo?


Guest Lars E. Øyane

Recommended Posts

Guest Lars E. Øyane

Christopher/Kristoffer Pederson Joranger, fødd i Hafslo (Luster) i Sogn 9.12.1870, skal etter opplysningar frå slekti ha rømt heimefrå då han vart innkalla til militærteneste, truleg kring 1890, og han kom aldri heimatt til Sogn.Då det i 1917 vart halde skifte etter mori Malena Joranger i Hafslo, var opphaldsstaden til Kristoffer ukjend, men ryktene vil ha det til at han skal ha butt i Trondheim!!Er det nokon som kan hjelpa meg med opplysningar om denne karen?Hjarteleg takk på førehand!Lars E. Øyane

Link to post
Share on other sites
  • 10 months later...
Guest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle og Hallvard for gode innlegg. Eg skulle so gjerne ha sagt ''hurra'', men diverre er det nok ikkje nokon av dei to kandidatane dine, Gisle, som eg leiter etter. Gartnaren i Bergen kjenner eg godt til og likeins karen som voks opp på Nedre Eiker og som kort etter hundreårsskiftet (år uvisst!) utvandra til Amerika.Eg reknar ikkje med at militærnektaren det her er tale om, har lagt att so altfor tydelege spor, so det vil vel helst vera tilfeldig om me finn han att...!?Men, nok ein, hjarteleg takk for god innsats!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Link to post
Share on other sites
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.