Gå til innhold
Arkivverket

[#10611] Lussi And. Losneøen (1764-1841) -'tjukk som ei istappa ullsekk'- søskeni hennar?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Plassfolki Anders Arneson Notadal og Britha Einersdotter Eikjaberg, busette på Halsateigen under garden Kvam nedre i Hafslo (Luster), døydde båe i 1785 og vart gravlagde med to dagar imellom. Dei let etter seg fire born, som truleg alle flytte til Gulen eller Solund i ytre Sogn. Iver Kleiva har i Gulen, band I, omtalt to av borni, Lussi og Arne, som fosterborn hjå ein bonde på Netteland i Gulen, der det vert fortalt etter segni at foreldri var eit fattig par frå Jostedalen som flytte attende til Jostedalen, men som let borni vaksa opp i ytre Sogn:1. Britha Andersdotter, døypt i Hafslo 6.7.1760, levde i 1785 og budde truleg i Gulen eller Solund, men er enno ikkje attfunni der ute!?2. Lussi Andersdotter, av Kleiva omtalt (etter segni) å ha vore 'tjukk som ei istappa ullsekk', vart døypt i Hafslo 18.3.1764, men gifte seg i Gulen 9.7.1792 med Mads Iverson Losneøen frå Losna, fødd kring 1758. Dei tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Losna der Mads døydde 15.2.1831. Lussi døydde same staden 24.4.1841. Dei fekk i alle fall seks born, Ingeborg, Søren, Synneva, Hans, Anna og Pernille, men bortsett ifrå Søren Madsson, som tok over som gardbrukar på Losna, er det lite Ivar Kleiva skriv om lagnadane deira...3. Arne Andersson, døypt i Hafslo 24.6.1769, var i 1801 ugift tenestedreng hjå søsteri Lussi og mannen hennar på Losneøen, Losna, men den seinare lagnaden hans er ukjend.4. Einar Andersson, døypt i Hafslo 25.7.1772, var i 1801 òg ugift tenestedreng hjå søsteri Lussi og mannen hennar på Losneøen, Losna, men heller ikkje lagnaden hans veit me noko meir om.Er det nokon som har vore borti denne huslyden og som kan fortelja meg noko om lagnadene til Britha Andersdotter, Arne Andersson og/eller Einer Anderson?Eg er likeins interessert i fleire opplysningar om huslyden til Lussi og Mads!?På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eit kort søk på FamilySearch syner at ein Einer Andersson gifte seg i Bø i Nordland 21.9.1804, medan ein annan Einer Andersson gifte seg i Stod i Nord-Trøndelag 17.4.1808. Kan kanskje ein av desse vera 'vår' Einer Andersson??Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Sande

Eg har ved noen anledninger lett en del rundt i Ytre Sogn uten å finne verken søsteren eller brødrene til Lussi, men for det kan dei godt finnast i dette området.Med unntak av Søren som jo overtok farsgarden, bosatte alle de andre barna til Lussi seg i Hyllestad og er omtalt i bygdebøkene der. (Kanskje er det der tanten og onklene også er å finne?)Kleiva har med at Ingeborg ble gift med Arne Lasseson Tveit og de bosatte seg på bnr. 1 på Nesje. De fikk fem barn hvorav i alle fall de to yngste ble gift.Hans ble gift med enken Petrine Jacobsdtr. Salbu på plassen Salbuåsen i Salbu. De var barnløse.Anne ble gift 13.11.1852 med enkemann Knut Guttormson Porten (fra Nessane i Kvamsøy). Også de var barnløse.Mvh Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Pål W. Martinussen

Den Einar Andersen som gifta seg for andre gang i Bø i Vest. 1804 var født på gården Røsnes, gnr. 2 i Bø, 1753 som sønn av Anders Andersen, d. 1822 Røsnes, BØ.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Endeleg kom eg igjennom på Digitalarkivet og vil gjerne takka deg, Terje, for interessant innlegg!Eg har i mellomtidi òg oppdaga at Ingeborg, Hans og Anna hamna i Hyllestad, og tankane dine om at kanskje ein eller fleire av tanta/onklane deira òg kan ha flytt dit, er absolutt vel verdt å studera vidare...!Veit du forresten kvar det vart av Synneva Madsdotter, fødd i 1798?Nok ein gong takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Takk ogso til deg, Pål, for at du har identifisert Einer Andersson i Bø. Då kan me avskriva han som 'kandidat' til 'vår' Einar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Sande

Eg tror eg har funnet en kandidat til Arne Anderson. På plassen Breidalsneset i Kolgrov i Solund kom det en plassmann på begynnelsen av 1800-tallet som bygdebokforfatteren ikke kjenner opphavet til. Han dør i 1848 nær 80 år gammel - og det skulle jo stemme ganske bra.På Synneva er eg desverre blank.Mvh Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Nok ein gong takk til deg, Terje, for interessante opplysningar. Arne Anderson på Breidalsneset under Kolgrov kan godt ha vore 'vår' Arne, men kan du attgje fleire detaljar frå Solundsboki om kona hans og borni deira for eventuelt å kunna vurdera oppkalling? Ta gjerne med datoar om dei finst...Nok ein gong hjarteleg takk!Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Sande

Arne var gift minst to ganger, og opphavet til begge hustruene er ukjent. I 1817 er det skifte etter den første - Brita Baltzersdtr. Det var et barnløst ekteskap. Så bli han gift igjen i 1818 med Martha Larsdtr., og de fikk tre sønner: Bernt f. 1819, Anders f. 1821 og Lars f. 1824.Mvh Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Lars E. Øyane

Med den nye databasen i Digitalarkivet over vigde i Gulen har me vel fått ei stadfesting av at Arne Andersson Kolgrov er den rette Arne:Arne Andersson Losneøen og Britha Balthazarsdotter Lihaug gifte seg i Gulen 10.7.1802.So då lyt me òg rekkja opp i borni til Arne og andre kona hans...Men Einer Andersson er framleis eit 'mysterium', og alle gode forslag vert mottekne med stor takk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Gisle Hersvik

Hei Lars,Du har vel kanskje klare opp i denne familien allereie?I tilegg til dei 6 borna du nemner til Lussie og Mads finn eg på FS IGI også desse 4 (som også kan vere born av dette paret):Brite Madsen, dp. 18 MAR 1798Brite Madsen, dp. 13 NOV 1802Arne Madsen, dp. 20 OCT 1803Anders Madsen, dp. 27 OCT 1805

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Ref. innlegg 9.Anders Arnesson Kolgrov, f. 1821; Dette er nok den Anders Arnesson (Kalgraf) som 26.5.1863 gifter seg med Synneve Hansdotter Leknessund (f. 11.8.1829, dp. 23.8.1829). Vi finn dei u. Læknesund (då Vilnes, Askvoll – no Solund) i 1865, men meiner å huske at dei seinare budde på Færøy (også Solund). Eg har dessverre ikkje meir opplysningar enn dette akkurat no. Skal sjekke Solund-bøkene når eg kjem meg heim i kveld. Den same Anders i 1900: Lenke Bernt Arnesson Kolgrov, f. 1819: Det finnes i 1865 ein kandidat under Strand (Sulen, Evindvig – no Solund), alder stemmer ikje heilt…Lars Arnesson Kolgrov, f. 1824: Det finnes i 1865 ein kandidat under Bønes i Evindvig, der alder stemmer ganske bra.Den første av desse er nok ganske sikkert den rette, men dei to siste er meir usikre….M.v.h. Gisle Hersvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Under garden Færøy, husmenn og andre finn vi at Anders Arnesson [f. Kalgraf 1821 står det under Leknesund] kom frå Rørdalen til Færøy som dreng i 1853. Han vart gift i 1863 med S. H .Leknessund, 32 år gml. I 1866 skrevne Leknesund [inderste], i 1868 [hsmd] og 1872 i Buskøy, då som [for]paktar. Det må då vera Gavlen [plass u. Buskøy eller Refsøen som garden er kalla i bygdeboka]. Synnøve dø i 1874 [eg har diverre ikkje eksakt dato] og han gifte seg ikkje oppatt. Anders dø 1902 [har ikkje eksakt dato], skreven f. Rørdalen, og var hos sonen Hendrik [i Grønevik].Borna deira [ifølge bygdeboka]:a) Gjertine Marie, f. 29.5.1866 Leknesund, dp. 01 JUL 1866 [det er nok ho vi finn under Buskøen som ug. tj. i 1900 - [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f01412&gardpostnr=135&personpostnr=866&merk=866#ovre]>Lenkeb) Andreas, f. 28.10.1868 Buskøy, dp. 20 DEC 1868, d. 1937. Til USA i 1892 (Lenke). Lærar. G[ift]. Netteland, Losne 1912 [Dette betyr vel at han vart gift med ei Netteland? Eg har ikkje funne han i FT1900, kanskje han framleis var i USA]c) Hendrik, f. 19.2.1872 Buskøy, dp. 29 MAR 1872, g. 1900 m. Hansine [Andrine] Henriksdtr. Holstad [Ho er kalla Andrine ved FT1900]. Plm. Grønevik [Gløymde å sjekke om det stod noko om han under Grønevik- Lenke. [Hansine Andrine er f. 1868 - Lenke. Mor hennar (Berte Johanne Villumsdtr.) var frå Holstad - Lenke. Faren er i 1865 tj. på Lutenthun - LenkeFrå FS IGI finn vi også:d) gut, f. 23 APR 1864, d. 23 APR 1864 (dødfødd?) (Lenke)[Fødsels- og dåpsdatoar er funne på FS IGI og SffArkiv]*******Når det gjeld Bernt Arnesson held eg ein knapp på han vi finn under Strand i 1865: Lenke. Bernt dø i 1890 bst. Lien, Gulen, Lenke (han var då gift, og då er dette truleg giftet - Lenke)********Lars Arnesson under Bønes bør sjekkast ut: Lenke. Kanskje det står noko i Gulen-bøkene ? Lars gifter seg første gong i 1854: Lenke og andre gong i 1860:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
Gjest Gisle Hersvik

Ref. innlegg 5:Synneva Madsdotter, fødd i 1798, levde i 1801, men ho har truleg dø ung då Kleiva i Gulen-bøkene normalt ikkje nemner dei som dø før konfirmasjonsalder.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Denne huslyden var framleis ganske so mangelfull i manuskriptet mitt, men med dei nyskanna kyrkjebøkene for heile Sogn og Fjordane har eg i dag greidd å fylla NESTEN alle hòli. Eg sit att med berre nokre få, som eg gjerne vil syna fram:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Lussi Andersdotter (Quam), døypt i Hafslo 18.3.1764, flytte i ung alder til Gulen og skal ha vokse opp på garden Netteland. Ho gifte seg i Gulen 9.7.1792 med Mads Iverson frå Losna i Gulen. Han var son av gardbrukar Iver Johnson på Losna, opphavleg frå Vatne, og kona Siri Hansdotter frå Losna og vart døypt i Gulen¤¤¤¤¤ (dåpsdatoen hans? – finn ikkje!)1757. Mads og Lussi tok over heimebruket hans på Losna der dei vart buande levetidi ut. Mads d. som kårmann på Losna 15.2.1831, medan Lussi d. som kårenkje same staden 24.4.1841. Dei fekk visstnok ti born i lag:a. Ingeborg Madsdotter, døypt i Gulen 21.6.1793, d. som kårenkje på Nesje i Hyllestad, Askvoll 13.10.1872. Ingeborg gifte seg i Gulen 4.7.1830 med enkjemannen Arne Lasseson frå Tveiten i Hyllestad, døypt i Gulen 28.5.1776. Han d. som gardbrukar på Nesje, den gongen i Lavik, 16.3.1852. Arne hadde før vore gift med ei enkje på Nesje i Hyllestad, og der vart han og Ingeborg buande som gardbrukarar levetidi ut. Arne fekk fem born, som alle var frå ekteskapet med Ingeborg.b. Søren Madson, døypt i Gulen 30.3.1795, d. som kårmann på Losna 27.5.1882. Han gifte seg i Gulen 7.7.1826 med Britha Pederdotter frå Rørdal i Solund. Ho vart døypt i Solund (Gulen)¤¤¤¤¤ (dåpsdatoen hennar? – finn ikkje!)1804 og d. som kårenkje på Losna 1.7.1893. Søren og Britha tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Losna og fekk ni born i lag.c. Synneva Madsdotter, døypt i Gulen¤¤¤¤¤ (dåpsdatoen hennar? – finn ikkje!)1796,¤¤¤¤¤ (nemnd i 1801, 3 år gamal – lagnaden hennar?)d. Britha Madsdotter, døypt i Gulen 18.3.1798, vart gravlagd i Gulen 25.8.1799.e. Anna Madsdotter, døypt i Gulen 7.7.1799, vart gravlagd i Gulen 4.8.1799.f. Hans Madson, døypt i Gulen 20.10.1800, d. som kårmann på Salbu i Hyllestad 9.10.1882. Hans gifte seg i Hyllestad, Askvoll 18.7.1857 med enkja Petrina Johanne Jacobsdotter, opphavleg frå Salbu i Hyllestad, f. i Askvoll kring 1803. Ho d. som kårenkje på Salbu 10.12.1892. Petrina gifte seg første gongen i Hyllestad, Askvoll 15.6.1823 med Christen Christenson frå Ulvika i Hyllestad, døypt i Askvoll 27.1.1798. Han d. som husmann på Salbu 9.4.1856. Christen og Petrina slo seg ned som plassfolk i Storliåsen under Salbu, og etter at ho gifte seg att med Hans Madson, kjøpte dei ut plassen og vart gardbrukarar same staden. Petrina fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet.g. Britha Madsdotter, døypt i Gulen 13.11.1802, vart gravlagd frå Losna 28.11.1802.h. Anna Madsdotter, døypt i Gulen 20.10.1803, d. som kårkone på Porten i Hyllestad 29.11.1871. Anna gifte seg i Hyllestad, Askvoll 13.11.1852 med enkjemannen Knut Guttormson, opphavleg frå Nessane i Kvamsøy, Vik. Han vart døypt i Vik 24.6.1803 og d. som kårmann på Porten 13.6.1877. Knut gifte seg første gongen i Vik 9.6.1833 med Britha Olsdotter frå Porten i Hyllestad, ei sonedotter av gardbrukar Torkild Endreson på Porten (1728-1795), opphavleg gardbrukarson frå Heltneåkeren, Heltne i Fortun sokn i Luster. Britha vart døypt i Askvoll 25.2.1806, men d. som gardbrukarkone på Porten 6.12.1851. Knut tok over som gardbrukar på heimebruket til første kona si på Porten i Hyllestad og vart buande der levetidi ut. Han fekk i alt sju born, som alle var frå første ekteskapet.i. Anders Madsson, døypt i Gulen 27.10.1805, vart gravlagd frå Losna 9.11.1805.j. Pernilla Madsdotter, døypt i Gulen 15.11.1807, d. ugift på Losna 2.4.1828.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~No vonar eg at nokre av dykk vil ha hug til å sjå på dette utkastet og eventuelt supplera med kommentarar, eller manglande opplysningar...Eg takkar igjen so mykje for all god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune for nytt innlegg!Eg har slått opp dåpen i kyrkjeboki for Gulen, og det er ikkje tvil; det er ho!So, eitt spørsmål er eliminert, men eg ser eit anna spørsmål som eg gløymde å framheva:* Petrina Johanne Jacobsdotter Salbu skal vera fødd på Salbu i Hyllestad kring 1803 - den gongen rimelegvis ein del av Askvoll prestegjeld, men ho finn eg heller ikkje...!Nok ein gong takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Elin, jau, som eg har nemnt i innlegg #15 under #f, var Christen Christenson frå Ulvika i Hyllestad.Som du ser, var Petrine i 1823 oppgjevi vera 20 år gamal; difor trur eg ho må vera fødd kring 1803, men eg finn ho ikkje...!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Det gir ikke svar på spørsmålet ditt, men ved vielsen i 1823 er Petrines far oppført som Jacob Andersen. Det eneste ekteskapet jeg finner som kan passe, er Jacob Andersen som giftet seg i Askvoll 11.07.1802 med Anne Dorthe Arsat (Årseth?)Lenke Kanskje et bygdebokoppslag kan være til hjelp. Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Det er nok de rette foreldrene jeg har funnet, for paret fikk bl.a. en sønn Peter Johan i 1824, og han ble født på Salbu.Se post nr.38. LenkeDa spørs det om Petrina Johanne kan være grunnen til at sogneprestens datter giftet seg med en av tjenerne i 1802. Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til deg, Rune, for dei siste innleggi.Bygdeboki for Hyllestad fortel om Jacob Andersson frå Fristad i Askvoll, som i 1802 gifte seg med prestedotteri Anne Dorthea Løwe Arnet og tok over som gardbrukar på Salbu i 1804. Dei eldste borni deira:* Michen Dorthea, f. 1802, d. ''liten''* Petrine Johanne, f. 1805 (ein annan stad står det 1803!)* Andreas, f. 1806, fekk garden* Michen Dorthea, f. 1809, gift i BergenNår me leser at Jacob tok over garden i 1804, kan me tenkja oss at parfolket ei kort tid har butt utanfor bygdi og at Petrine Johanne var fødd der?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Det var interessant. Men her er en artig sak. Det ser ut til at det er døpt en Petrine Johanne i 1805 i Arnet-familien, men her er faren en Peder Sørensen. Sognepresten og Anne Dorthea Arnet er blant fadderne. Se 19.06.1805. LenkeMvh. Rune T.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.