Gå til innhold
Arkivverket

[#10676] Aaslina Sjursdotter Føland (1846-1927) - frå Hegebostad til California - opphav?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Auslena Peterson døydde i Heroult, Shasta Co., CA 13.12.1927. Ho var gift med Theran P. Peterson med røter frå Luster i Sogn. Auslena vert sagt å vera fødd i 'Norway' 9.3.1846. Ho skal ha utvandra til Amerika eitt år gamal, i 1847.Dødsmeldingi oppgjev namnet på far hennar til Sjur ('Cever') FOLAN.Personnamnet Aaslina synest vera ganske so eineståande for Hegebostad i Vest-Agder, og når det i Hegebostad attpåtil finst ein gard Føland, ligg det nær å tru at Aaslina/Auslena kom derifrå.Er det nokon med lokalkunnskap frå Hegebostad som kan hjelpa meg å identifisera denne jenta?Eg seier på førehand hjarteleg takk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Fjogstad

I Hægebostad bygdebok under gården Fåland eller Faaland (uttales Foland) gnr. 37-38 finnes ingen som har et navn som ligner på det nevnte, eller en aktuell Sjur. Er det ikke mer sannsynlig at den du finner på IGI, Kvam, Hordaland; Aase Sjursdtr. f.22.02.1846 chr. 01.03.1846, f: Sjur Larsen m: Guro Olsdtr., er den du søker? Mvh Knut Fjogstad

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg, Knut, for interessant innlegg om Aaslina Sjursdotter. Eg er overraska over at det ikkje finst nokon slik person i Hegebostad, i alle fall ikkje under garden Fåland (Føland). Kanskje det hadde vore ein tanke å sjekka kyrkjebøkene for Hegeostad?Eg ser av folketeljingi frå 1865 for Kvam (Vikør) i Hordaland at Sjur Larsson og Guro Olsdotter då var gardbrukarar på Fykse i Kvam. Dotteri Aasa finn me att som tenestejente på nabogarden Steinstad. Truleg er ho den Aase Sjursdotter Fixen som i 1872 utvandra frå Bergen til Amerika, 25 år gamal.So vert spørsmålet: Kan Auslena Peterson vera identisk med Aasa Sjursdotter?? Eg tykkjer nok at namni er litt for ulike, både førenamn og gardsnamn, og desstan skal Auslena ha utvandra i 1847, året etter fødsli...!Fleire sysnpunkt vert mottekne med stor interesse!Hjarteleg takk!Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Sigbjørn Sandsmark

Kanhende det er Førland,og det er det V Agder. Aaselene er/var der mange av i mitre del av V Agder. Sig---

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg Sigbjørn for innlegget ditt. No har eg vore inne og sett på 1865-teljingi, og Aas(e)lene/-line førekjem med 94 stk. i Vest-Agder, 6 stk. i Aust-Agder, 7 stk. i Rogaland, 14 stk. i Hordaland og 1 stk. i Oslo. Av dei 94 stk. i Vest-Agder er dei aller fleste i nabokommunane Søndre Undal, Lyngdal, Helgebostad og Herred. Soleis er det nok mest sannsynleg at Auslena Peterson er frå den kanten av landet...Eg er framleis open for fleire forslag...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Bryn

Det er ikke rart jeg kan bidra med her, men er jeg er enig med Lars i at et førstevalg for detektivinnsatsen må bli Hægebostad. Gården Fåland ligger i bygda 'Laukroken' der det ligger 10-12 matrikkelgårder (g.nr.31-41). Finner vi en Sjur fra en av disse gårdene som dro til Amerika omkring 1847, så er vi kanskje på sporet?I FT 1801 finner vi alle fall ut at navnet Sjur er i bruk i denne bygda, men vi må huske å ta med navneformer som Siver, Sivert og Syver. Da finner vi tre interessante personer/gårder: 1) Sivert Aanensen Hommen (68). 2) Aasa Sivertsdatter Lie(n) (60), svigermor til Torjus Olsen Lie(n) (25). 3) Torber Siursdatter Lauen (24), g.m. Stercul Olsen Lauen (33). Kanskje kan bygdebøkene si noe om navnet Sjur/Siver/Sivert finnes blandt deres barn/barnebarn?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arvid Skogseth

Hei! Tenkte kanskje Førland i Austrheim kunne vera aktuelt, men fann ingenting her. Ragnhild Sylfestdtr Sjøtun f. Luster døydde på Bakka i Austrheim i 1930, 103 år gl, hjå dottera Greta. Kan me utveksla litt opplysningar her Lars? epost arvid.skogseth@c2i.net mvh Arvid Skogseth

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Takk til dykk båe, Knut og Arvid, for nye innlegg. Eg har ei kjensle av at Aaslina vil dyka opp ein eller annan stad, før eller sidan, so får eg berra vona...Til deg, Arvid, opplysningi om Ragnhild Sjøtun var interessant. Eg vil skriva til deg direkte om den huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Fjogstad

Med den selektering som er utført i foregående innlegg, var det straks mindre tidkrevende å finne de sannsynlige, som følgende: Hommen gnr. 40 i Hægebostad s. 293-294 angir i bygdeboken bla. følgende under bruk nr. 5b: Simon Ånenson f. 1823 g.m. Anna Pedersdtr. Klungland f. 1822 Barn: Anne Marie f. 1844, Ingeborg, Ånen, Peder, Andrias, ÅSELINE, Tobias, Andrias. Alle disse forsvant fra garden sporløst. Trulig til USA. Dessverre har jeg ikke disse kirkebøkene for Hægebostad, slik at en annen burde kunne kontrasjekke. Lars E. Øyane: Send meg din mailadresse til knufjo@online.no så får du dir.mail oversendt utfyllende materiale. Mvh Knut Fjogstad

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Sigbjørn Sandsmark

Er desse barna oppført etter fødselsår så var Aaseline mer enn et år da dei utvandret-. Eg bare undrest. Sig---

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Fjogstad

Som det fremgår av det oversendte materialet til Lars E. Øyane, overtok Simon gården i 1849, og reisen til USA er vel heller da i 1857. Da må jo Aaselena være f. i 1856. Er dette tilfelle, eller at hun var 11 år (f.1846), er kanskje de riktige funnet. Bygdeboken har som andre flere tilfelle av feil rekkefølge på barn med ikke angitte fødselsår. Et råd vil være å sjekke andre gårder med f.eks. følgende navn: Kolan(d), Holan(d) osv. Mvh Knut Fjogstad

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg takkar deg, Knut, so mykje for materialet som du sendte meg i ettermiddag. Eg har lese gjennom det meste utan eigentleg å finna nokon god kandidat for 'Auslena Peterson'.Når det gjeld utvandringsåret hennar, har eg no derimot òg funne huslyden i 1900 folketeljingi for Shasta Co., CA; der er Aaslina rett nok kalla Elena (frå før har me sett ho nemnd Lena i 1920 - båe er vanlege amerikanske 'stuttformer'), men i 1900 står det at ho er fødd i mars 1847 og at ho utvandra i 1849!Det er soleis ikkje heilt samsvar mellom dødsattesten og folketeljingi, men store avviket er det jo ikkje, so eg vil helst tru at Aaselena Simonsdotter, om ho utvandra i 1857, må vera ei onnor...!?So eg fryktar at leitingi lyt halda fram...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald Storaker

LDS IGI har denne kandidaten:ASELINE SIVERTSEN Birth: 16 MAR 1847 Christening: 28 MAR 1847 Stord, Hordaland, Norway Father: SJUR ABSALONSEN Mother: UDNA OLSDTUDNA OLSDT. Spouse: SJUR ABSALONSEN Marriage: 27 DEC 1846 Stord, Hordaland, Norway Husband Age at Marriage: 21 Wife Age at Marriage: 22Siur Absalonsen Christening: 22 MAR 1820 Stord, Hordaland, Father: Absalon Olsen Mother: Walborg ErichsdrPå Stord er det ein gard som heiter Førland.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg Harald for eit interessant innlegg. Diverre har ikkje mormonarane teke med gardsnamn, men eg finn att huslyden til Sjur Absalonson i Primrose township, Dane Co., WI i 1860. Dotteri Aseline er 13 år og bur framleis heime. Huslyden må ha utvandra i 1850 eller 1851. So no står det berre att å sjå om dei kan ha tilknytting til garden Førland på Stord...!?Nok ein gong hjarteleg takk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

So har eg endeleg fått ei stadfesting av namnet til Aseline og foreldri: Dei kom frå garden Valen på Stord og tok sidan ættenamnet Wallen i Wisconsin. Og Wallen kan jo godt ha vore ''tolka'' som Folan når en fann vegen heilt til California...So, eg reknar gåta som løyst! Takk so mykje til dei som hjelpte til og særleg til Harald!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.