Gå til innhold
Arkivverket

[#10737] Jenny Skjoldal f. Stenbro, Haugesund 1890 -1957 ?


Gjest Helga Kallevik
 Del

Recommended Posts

Gjest Helga Kallevik

Er det nokon som veit noko om denne dama. Ho står oppført i dødsannonsa til (Inger)Marie Stenbro, Haugesund i 1940, så eg lurer på om det kan vera dotter henner.(Sjå innlegg om Inger Marie Stenbro). Inger Marie var søster til mi oldemor, og eg etterlyser etterkommere av henne.Mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Helga Kallevik

Under dødsannonsa til Inger Marie, er Oskar og Ole oppført som busett i USA. Eg veit at Inger Marie fekk sonen Ole Martin f. 1883 med fyrste mannen Ola Eilifson Fjon. Han døde i 1884. Inger Marie vart gift opp att med Johan Larsen Stenbro i Haugesund (sjå inlegg 9899, Lenke )Eg reknar då med at Jenny og Oskar er barn frå 2. ekteskapet til Inger Marie.Ynskjer tips til korleis eg kan finne ut kor Oscar og Ole (Martin) budde i USA, og om dei ev. har etterkommere.Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Helga Kallevik

Hei!Har i tillegg funne desse opplysningane på Family search:Family Group Record Search Results | Download--------------------------------------------------------------------------------Husband Lars Andreas Skjoldal Pedigree Birth: 20 OCT 1889 Christening: Marriage: Death: 06 NOV 1979 Haugesund, Rogaland, Norway Burial: 18 APR 1980 Nordre Hauge Gravlund, Haugesund, Rogaland, Norway--------------------------------------------------------------------------------Wife Jenny Emilie Johannessen Pedigree Birth: About 01 JAN 1890 Steinbro, Tysvaer, Rogaland, Norway Christening: Marriage: Death: 15 AUG 1957 Haugesund, Rogaland, Norway Burial: 22 AUG 1957 Var Frelsers Gravlund, Haugesund, Rogaland, Norway--------------------------------------------------------------------------------Children--------------------------------------------------------------------------------1. Erna Skjoldal Pedigree Female Birth: 24 APR 1924 Christening: Death: 27 JUN 1981 Haugesund, Rogaland, Norway Burial: 02 JUL 1981 Var Frelsers Gravlund,Rossabo, Haugesund, Rogaland, Norway Reknar med at dette er same Jenny Emilie som står under dødsannonsa til oldemors søster Inger Marie stenbro (f. Reiersdatter Aasbu, Sveio).Har også funne ut at Jenny hadde tre barn i tillegg til Erna som er oppgitt her.Lurer på om nokon veit noko om dei to andre barna som står i dødsannonsa ole og Oscar USA.mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

Det er en Ole Stenbro som bodde på Rossabø i Haugesund ( Der Opel bygget ligger i dag) Han var gift med Edith. Tror de hadde en datter som var gift med Leif Harald Vangdal. Jeg husker godt huset der de bodde. Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Takk for informasjonen vedr. Ole Stenbro. Trur kanskje at denne Ole var etterslekt etter bror til Johan Larsen Stenbro.Den Ole (Marin)eg leitar etter event. slekt etter enda nok i USA. (Sjå inlegg 9899). Han var eldste sonen til Inger Marie Reiersdatter Aasbu, og frå hennar første ekteskap med Ola Eilivson Fjon. Ola døydde då sonen Ole Martin var 1 år.Inger Marie gifte seg så oppatt med Johan Larsen Stenbro i Haugesund (Står også i Sveio bøkene). I dødsannonsa hennar står det under Ole og Oscar, USA og Jenny. Så det kan sjå ut som Inger Marie i tillegg til Ola, hadde to barn med Johan Larsen Stenbro.Har lese i kyrkjebøkene frå Sveio her på nettet, og finn då at denne sonen vert kalla Ole Martin Olson Aasbu, og at han budde hjå besteforeldra og tanta si (mor's søster og mi oldemor)på Aasbu i Sveio då han var konfirmert 1897. Besteforeldra var døde i 1900, og i ft.1900 finn eg han busett her i Kallevik hjå tanta og onkelen (mine oldeforeldre). Dette var same tanta som budde ugift heime på Aasbu då Ole Martin var konfirmant.Trur difor ikkje at Ole Martin tok etternamnet til mora sin nye mann sidan han tydelegvis ikkje hadde gjort dette ved konfirmasjonen, og heller ikkje budde saman med mora.Eg veit også at Ole Martin reiste til USA, men finn han ikkje i emigrantprotokollane. Sidan det må vera denne Ole som er oppgitt i Inger Marie si dødsannonse, må nokon i slekta her i Norge (halvsøstera Jenny kanskje?) ha hatt kontakt med han.Det er altså opplysningar om denne Ole I USA eg eigentleg er på jakt etter, men håpa kanskje at nokon som kjenner til slekta hans her i Norge kunne ha ooplysninger. Denne Oscar veit eg heller ikkje noko om, men trur det må vera ein son frå Inger Marie sitt 2. ekteskap.Det som gjer det heile så merkeleg er at eg ikkje finn familien i ft. 1900. Trudde ei stund at alle var reist til USA, men sidan eg finn dei som døde og begr. i Haugesund er dette altså ikkje tilfelle. Manglar det noko i ft. 1900 frå Haugesund?mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Helga Kallevik

Hei!Vedr. ft. 1900. Finn Jenny Emilie Stenbro konfirmert i Haugesund (scanna kyrkjebok) 02.10.1904. Her er bopel oppgitt til Grønhaug. Eg søkte vidare i ft. 1900 for Haugesund og gater som byrja på Grønhaug. Her fekk eg opp mange gatenr. men ingen pers. registrert busett her. Veit nokon om dette stemmer eller om her budde personar som ikkje er blitt registrert i ft. 1900?I så fall kan det jo vera at foreldra til Jenny Emilie, Inger Marie Reiersdatter og Johan Larsen Stenbro budde her i 1900.Ser også at Inger Marie av ein eller anna grunn har kalla seg Tjernagel ved dåpen til Jenny Emilie. Tjernagel var jo nabogard til Aasbu, kanskje har ho også budd der midlertidig mellom dei to ekteskapa. Kan Oscar også ha nytta Tjernagel som etternamn?mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

Du finner nok bare Grønhauggt. som begynner på Grønhaug og den ligger på det som før var en del av gården Grønhaug som lå i nordre del av Haugesund sentrum, fra sjøen og langt oppover. De øverste av lang gatene med nr. fra ca 175 og oppover hører/hørte til Grønhaug. Langgatene er Sørhauggt./ Skåregt./Breidablikkgt./Øvregt. og Flotmyrgt. I tillegg til dette var det spredt bebyggelse utenfor sentrum uten noe gatenr. Den delen av Grønhaug som lå i sentrum hørte til Haugesund, men lenger oppe lå Grønhaug under Skåre.Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Mariann Stokken

Hei Helga :-) Vonar du har det bra!I mitt søk etter ei 'gammal sak' (som eg ikkje finn ut av :-( fann eg noko som du kanskje har nytte av?som nr.67 i 1899 Krk.bok for Hgsd. (A6) har Inger Marie og Johan Larsen Stenbro fått Ragnhild, dette er gjerne ei som har døydd tidleg? (kan ikkje hugsa å ha 'høyrt' om henne før) og då er det gjerne ikkje så interessant.. Men no har du det iallfall :-)Venleg helsig Mariann.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei Mariann!Takk for respons. Eg har også funne denne Ragnhild i den scanna kyrkjeboka for Haugesund. Ho må nok ha døydd før foreldra sidan ho ikkje er nemd i dødsannonsa.(Ruth Bendiksen i Haugesund var foresten den som først fann denne Ragnhild før kyrkjeboka vart lagt ut her).I tillegg har eg funne ei datter til Anna Serine Larsen født 24.12. 1892. Trur det må vera henne eg finn som Anna Stenbro død 42 år i 1936. Truleg då ugift. Fann henne først som frk. Anna Stenbro fadder til eit av Jenny Emilie sine barn (Leonhard) i 1910, og tenkte det kunne vera enda eit barn av Inger Marie og Johan, så eg leita gjennom kyrkjebøkene og fann henne altså f. i 1892.Om Oskar har eg funne at han var f. 10.03.1887 (døpt 19.05.) då var Inger Marie enke etter 1. ektemann. Faren til Oskar var ein Ole Pedersen Solheim frå Hallingdal.Har prøvd litt å leita etter kor Oskar kunne ha havna i USA, men har til no ikkje hatt hellet med meg. Eg veit jo ikkje kva for etternamn han nytta. Kanskje Olson etter faren.. eller Solheim? Mora kalla seg Reiersdatter Tjernagel (Kjernagel) i følge kyrkjebøkene då barna vart døypte. Nokre stader er barna til Johan og Inger Marie kalla Larsen andre stader Stenbro. Eg veit heller ikkje om Oskar vaks opp hjå mora og stefaren sidan eg ikkje finn fam. i ft 1900. mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.