Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest Lars E. Øyane

[#10867] Tina Hauge frå Haugabø, fødd 1861, utv. 1883 til Lisbon, ND - kven var ho?

Recommended Posts

Guest Lars E. Øyane

Andreas Olson frå Alsmo i Luster, i Amerika kjend som Albert Lewison (1854-1893), gifte seg kring 1890 med:Tina Hauge, som vert oppgjevi å vera fødd på Haugabø {Haugoba} i Noreg 25.10.1861. Namni til foreldri hennar er ikkje kjende; heller ikkje kjenner me til kva førenamnet Tina eventuelt kan vera ei avstutting for, men ho skal ha utvandra til Amerika i 1883.Som enkje etter Albert gifte Tina seg att med William McQuigg frå Winchester Springs, ON (1848-1932). Ho levde mestedelen av livet i Lisbon, Ransom Co., ND, men døydde som enkje på ein gamleheim i Moorhead, MN 31.7.1951.Er det nokon som kan hjelpa meg med opphavet til denne Tina Hauge i Noreg, so hadde det vore veldig kjekt!På førehand seier eg hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Helga Kallevik

Kan det vera Haugsbø i stadenfor Haugabø ? Ved å søkje på Haugsbø i ft. 1865 får eg opp mange namn, dei fleste frå Gaular kommune, men nokre også frå Stord og Fusa. 2 jenter f. 1861, men ingen 'Tine' (berre Oline og Eli).Mvh Helga Kallevik

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Berit Knudsen

Kan det være Tina Haugom 16 år med bopel Gjøvik som reiste fra Oslo 19/5 1885 til Chicago?Så har du i 1865 i Fåberg en Tina Simensdatter 10 år på gården Haugene. Ellers finnes det flere med navnet Tina.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Berit Knudsen

Beklager, men jeg ser at jeg bommet her. Glemte å sjekke alderen hennes. Du har 4 Tina f. 1861, og 4 Tine f. 1861 i 1865. Det er bare Tina i Fåberg som har gårdsnavn som inneholder Haug. Da er det jo ikke så mange som bør sjekkes, og siden du til og med har fødsel/dåpsdato skulle ikke det være uoverkommelig.Iflg. Fam.search er Tina på Fåberg f. 8/10 og dpt. 27/10. Nå er jo ikke alltid den kilden til å stole på. Og så var det 2 på Toten, men dpt. jan. og mars. Tina i Målselv og Vestby sto ikke i denne kilden.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane

Takk til Helga og Berit for interessante kommentarar og innlegg i denne saki.Eg har òg merka meg Tina Simonsdotter på Haugene i Fåberg, som har ein fødselsdato som ligg svært nær den eg er på leiting etter, men eg har so langt ikkje vore i stand til å finna ho att i emigrantlistene over Christiania. Men ho er ikkje heller å sjå i Noreg i 1900-teljingi, so...Elles veit eg av erfaring at Tina i Amerika ofte kjem fram som ei avstutting av eit lengre namn, som til dømes Bertina, Gjertina eller Martina. Eg vil likevel ta kontakt med Richard Fauskerud i Fåberg for å høyra kva han veit om Tina Simonsdotter Haugene...Nok ein gong takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Berit Knudsen

Har du sett den 'gjengen' Hauge som reiste fra Stavanger i 1883.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane

Eg takkar deg Berit for at du har gjort meg merksam på den Hauge-'gjengen' som utvandra til Stavanger i 1883; den einaste som kan høva, er denne personen:* Malena Hauge, fødd 1861.Nærare undersøkingar syner at ho heitte Malena Rasmusdotter og var fødd i Finnøy i 1861, dotter av Rasmus Halvorson og kona Malena Belestsdotter (mori utvandra òg i 1883). Rasmus og Malena var i 1865 gardbrukarar på Hauge i Nedstrand.Diverre har ikkje FamilySearch nokon fødselsdato til denne Malena Rasmusdotter, men kanskje er det nokon som har lokale kunnskapar og som eventuelt kan stadfesta identiteten hennar?Når det gjeld Tina Simonsdotter frå Haugene i Fåberg, har eg i dag motteke opplysningar om at ho vart gift i Fåberg 30.12.1881 med Christian Johannessen Stenseng, fødd i Ringsaker 1859. Men me har ingen opplysningar om lagnaden til dette parfolket, og dei kan jo godt ha utvandra til Amerika!? Kanskje var Tina gift tre gonger?Er det nokon som har opplysningar som kan kasta ljos over lagnaden til nokon av desse unge damene, Malena Rasmusdotter frå Finnøy/Nedstrand eller Tina Simonsdotter gift med Christian Johannesson Stenseng?Eg takkar hjarteleg for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.