Gå til innhold
Arkivverket

[#10875] Hermund(-man) Pedersen og Hans Nilsen - brør frå Sogn til Nordland - lagnad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

To halvbrør frå Hafslo prestegjeld (Luster) i Sogn var mellom dei mange sogningane som fann vegen til Nordland kring midten av 1800-talet:* Hermund 'Herman' Pedersen, fødd i Hafslo 2.5.1836, fekk i 1862 flytteattest til Vesterålen. Han er ikkje å sjå nokon stad i folketeljingi 1865, men i 1875 dukkar han opp som 'tenestegut' på Loppens Handelsstad i Loppa, Finnmark, ugift. Eg finn han ikkje i 1900. Kvar vart han av?* Hans Nilssen, fødd i Hafslo 9.10.1842, flytte i 1862 med halvbroren til Vesterålen og kan vera identisk med ein Hans Nilssen, fødd i Sogn 1844, som i 1865 tente på Mykland i Øksnes(?). Eg finn han ikkje att korkje i 1875 eller 1900, men emigrantlistene frå Trondheim for 1872 syner denne huslyden som utvandra til Amerika frå Alta, Finnmark:Hans Nilssen, 30 år, grubearbeidarGustava Nilssen, 25 år, koneAnton Nilssen, 3 år, son(namnlaus) Nilssen, 1 år, son/dotterDenne mannen ser ikkje ut til å vera frå Alta (jamfør folketeljingi 1865), so kanskje er det sogningen som her utvandra til Amerika? Kan vigsli til Hans og Gustava finnast nokon stad??Kan nokon hjelpa meg med fleire opplysningar om desse halvbrørne?Eg takkar hjarteleg på førehand for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Via fødselsregisteret i Minnehaha Co., SD har eg oppdaga at Gustava Nilsen er identisk med Gustava Karoline Nordstrøm, som var f. i Alta 1846, men som i 1865 tente på Jupvik i Talvik.So finn eg òg at det i Talvik 1865 var ein tenestedreng Hans Nilssen, f. 1842 i Talvik, busett på Simavik øvre i Talvik.Men framleis kan eg ikkje finna noki vigsle mellom Hans og Gustava korkje i Alta eller i Talvik, so me kan vel ikkje enno seia noko sikkert om kva for ein Hans Nilsson som var gift med Gustava Nordstrøm...?Er det nokon som kan idra med noko meir?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Folketeljingi frå 1900 for Dell Rapids, Minnehaha Co., SD syner (diverre) at Hans Nelson var fødd i mai i 1844, so dette er nok definitivt ikkje den Hans Nilssen som eg leiter etter. Kan henda er årstalet unøyaktig, men årstidi for fødsli kan me som regel stola på i dei amerikanske teljingane.So er det altso 'back to square #1'!Eg har òg vore inne på kyrkjebøkene som er utlagde for Loppa på Digitalarkivet, men finn ikkje nemnd nokon Hermund/Herman Pedersen.Alle tips er velkomne!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Halvor Aaby

I 1865 bor det en Herman Larsen på Holmsnes i Hadsel. Han er 30 år (f 1836) og gift med Jorgine Henriksdatter, 36 år. Disse folka er født i Dale prestegjeld. Kan dette være Dale i Luster?Hilsen Halvor

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Takk til Halvor for nytt innlegg under dette tema.Eg er vel kjend med Herman Larsson på Holmnes i Hadsel. Denne Herman eller Hermund, som han heitte i Sogn, var fødd i Luster og budde visstnok i Hadsel fram til 1866. Då flytte han attende til Luster, men i 1867 tok med seg kona og dei to gutane deira til Madison, WI der han døydde i 1871.Det er ikkje nokon skyldskap mellom Hermund Larsson og dei to halvbrørne som flytte nordover om lag på same tid; diverre!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

I kveld kan eg finna fram att notati mine frå innlegg #1 under dette tema: Det syner seg at Hans Nilsson, fødd i Hafslo som son av Nils Nilsson, gifte seg i Vardø 18.10.1868 med Gustava Karoline Andersdotter (Nordstrøm), fødd i Kåfjord, Alta kring 1846 som dotter av ein Anders Petterson. Hans var ''musketer'' på Vardøhus, og to søner er fødde i Vardø:* Anton Nikolai, fødd 14.12.1868* Karl Johan, fødd 23.12.1870Men då oppstår eit nytt problem:Kan nokon hjelpa meg identifisera Gustava Karoline Andersdotter (Nordstrøm) og foreldri hennar?Elles er eg framleis på leiting etter halvbror hans Hans: Herman Pedersen, som i 1875 var busett på Loppa...!?Eg takkar so mykje på førehand for alle nye tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Huslyden til Hans Nilsson er so å seia komplettert, frå Amerika, men broren Hermund, eller:Herman Pedersen, fødd i Hafslo 2.5.1836,er framleis eit stort mysterium! Han budde 1875 i Loppa i Finnmark, men er ikkje avliden der mellom 1875 og 1900; i alle fall finn ikkje eg han i kyrkjebøkene på nettet! Og ikkje heller finn eg han i FT1900. Kvar kan no han ha gjort av seg??Er det von om å finna han att?Eg takkar igjen so mykje for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Du Grethe, du Grethe! Eg lyt nesten seia som ein viss bokfigur for mange år sidan sa det, ''Nei, dra på Lopphavet!'' For det er verl nettopp det Herman Pedersen må ha gjort...Eg trur du har funne rett mann, men eg ser atb han var GIFT, so då spørst det om ein kan spora opp huslyden hans? Hmm, dette vert ein spennande kveld!PS: Sjøtun ligg i Solvorn, der Herman var fødd og oppvaksen!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Ser du at det ble anmeldt til skifteretten? Mulig du bør kontakte statsarkivet i Tromsø for flere opplysninger...Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Jau, eg har òg vore inne på den tanken, Grethe, men innan eg kjem so langt, her er i alle fall vigsli hans i Hammerfest i 1880: LenkeBarn fekk dei i alle fall ikkje, men kanskje er det litt å finna ut om kona?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg ser at Pauline ved vigsli i 1880 er oppgjevi fødd i Hammerfest i 1836 som dotter av ein Peder Eliasson. Men nokon slik fødsel finst ikkje i Hammerfest skal me tru databasen for fødde i Hammerfest!So ser eg i FT1900 for Hammerferst følgjande:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Pauline Pedersen Sjøtun hm e Strikning Offentlig understøttelse 1817 Lesje sogn~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Og FamilySearch leier meg til denne fødsli i Steigen 24.6.1832: LenkeDenne ''gjørtler'' Peder Eliasson var frå Gudbrandsdalen, og ved nærare ettersyn ser me at dette var ein ''reisande'' huslyd. Peder Eliasson og Anna Sophie Pedersdotter har i alle fall desse borni:* Anna Pauline Fredrikke 1832 i Steigen* Lars 1833 i Ørlandet* Anne Marie 1836 i Nesset* Fredrik 1840 i Kjelvik* Elias 1841 i TromsøPauline er ikkje avlidi i Hammerfest bysokn so langt fram som kyrkjebøkene der går (1916).Men kanskje kan det vera lurt å starta eit eige tema med denne omreisande ætti; ein eller annan sit kanskje med kunnskap om dei?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.