Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Jan Oldervoll

[#10897] Stor trafikk

Recommended Posts

Gjest Jan Oldervoll

DA var på Vestlandsrevyen tidlegare i kveld. Då dobla trafikken seg. Så ser det som om me må ha vore på Norge i dag seinare. No har trafikken eksplodert; på 20 minuttar var det over 1000 maskiner som prøvte logga seg på. Det har servaren vår problem med; det går noko haltande for tida. Men han gjer så godt han kan. Så det kjem seg nok om ein time eller to.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Eg er lei for problema de hadde i går kveld. me hadde då tre gonger det normale som brukte Digitalarkivet, og det var heilt sikkert mange som ikkje kom inn i det heile. Også i dag er trafikken stor; det doble av det me er vane med.Me trur vel at me har fått ein god del nye brukarar og førebur oss på det. Det eg alt har gjort er å flytta debattforuma over på ein eigen maskin. Men gamle lenker vil framleis fungera, men då må nok i alle høve skriva inn namnet ditt ein gong til. I tillegg har me kjøpt nye musklar til servaren. Men det tek nok nokre dagar før dei er på plass. Eg er redd for at det kan bli litt server offline om kvelden i dagane framover. Me får sjå.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Innslaget i Vestlandsrevyen var svært bra! Det var dessutan artig å få sjå 'tenarane' våre slik dei verkeleg ser ut, både den firkanta boksen under bordet og den tobeinte som held orden på han. Men for eit middels trena husmorauge kunne det sjå ut som den under bordet kunne trenge å bli tørka støv av - ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Og eg som trudde eg hadde rydda så fint! Men eg innrømmer gjerne at eg aldri fekk utdelt noko husmorauga.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R.Sæther

Ryddinga var upåklageleg, men det var eit par luftespalter på 'den svarte boksen' som såg ut til å trenge ei avstøving, det var ikkje verre enn som så. No når vi er blitt så mange, kan vi ikkje risikere varmgang inni der, må vite.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Eg skal sjå etter i morgon, og gå nennsomt over med støvkluten. For varmgang er eg redd for, nett no. Den tidlegare rekorden vår for søk på ein dag var 180.000. Dette talet passerte me alt før klokka åtte. Om me ikkje vert kjørte i senk vil me nok koma opp i bortimot 240.000 søk i dag. Meir enn det klarer han vanskeleg, før me har fått på plass meir minne og to nye prosessorar eg tinga i dag.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore Turøy

Etter at debattforuma vart flytta til ein eigen maskin, fungerer ikkje menylina (Kjelder ordna etter:) frå desse sidene lengre. Det kjem berre fram ’Ukjent fil’. Det har vel med kommunikasjonen mellom dei to ’tenarane’ å gjera. Det er ikkje noko stort problem, men eg vil berre gjera merksam på det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest N B Macdonald

Men du kan klikke deg vidare frå 'Ukjent fil'-sida, sant?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Barbara Lose

Men dersom man klikker seg tilbake til Framsida, er feltet for Meldingane blank.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anette Skogseth Clausen

Det blanke meldingsfeltet skyldes et ett-tall som på mystisk vis har sneket seg inn i adressen til framsiden og som kun Oldervoll kan fjerne.Klikker du på lenken Meldingar i den grå menyen, får du meldingsteksten på plass.Oldervoll er tilbake i neste uke og da håper vi at lenketrøbbelet skal bli ordnet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.