Gå til innhold
Arkivverket

[#10914] Gesell Ernst Rollofs, f. i Amsterdam 1799, d. i Bergen 1835 - kvar vart ætti av?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ernst Rollofs, fødd i Amsterdam juni 1799, kom til Bergen i ung alder der han 24.4.1825 gifte seg med Bertha Johannesdotter (Friisholm), fødd i Bergen 4.5.1800, men med foreldre frå, og dels oppvaksi i, Hafslo (Luster) i Sogn. Ernst var gesell, og parfolket budde i Hennebysmuget i Bergen der Ernst døydde 26.2.1835. Kvar det sidan vart av Bertha, er førebels ei gåte! Dei fekk fire born, som eg har funne:* Adrianus Johan Ernstson Rollofs, fødd i Bergen 23.10.1825, ukjend lagnad!* Wibeche Randine Ernstsdotter Rollofs, fødd i Bergen 19.4.1828, døydde mellom 1872 og 1881, men ikkje funni i Bergen! Ho gifte seg i Bergen 9.5.1852 med bøkkarmeister Georg Christian Peterson Schlyder, fødd i Bergen 26.8.1826. Han døydde i Bergen 28.7.1903, vart som enkjemann attgift med ei Agatha Johannesdotter, fødd i Haus 1834. Eg kjenner til sju born etter han og Wibeche, mellom anna ein son Petter Schlyder, ein styrmann, som døydde i Hong Kong i 1903.* Elen Pauline Ernstsdotter Rollofs, fødd i Bergen 10.6.1830, gifte seg kring 1856, truleg i Haugesund, med sjømann Osmund Knutson Hagland, fødd i Torvestad (eller Skåre) 24.2.1822. Dette paret budde framleis i Haugesund i 1900, men dødsdatoane deira er ukjende. Eg kjenner til fire born etter dei.* Ernst Ernstson Rollofs, fødd i Bergen 13.10.1833, ukjend lagnad!Eg rekner det som sannsynleg at mori Bertha gifte seg att etter at Ernst Rollofs døydde, og kan hende flytte Adrianus og Ernst frå Bergen med mori. Kanskje hamna dei alle i Haugesund??Elles er eg oppteken av å finna ut meir om Ernst Rollofs! Ein skipper Andreas Christian Rollofs døydde i Bergen 21.11.1821, 56 år. Han kan ha vore ein ættling av Ernst!?Er det nokon som vore borti denne huslyden eller som kan hjelpa meg med å finna ut kvar det vart av Bertha og dei to sønene Adrianus og Ernst?Eg takkar hjarteleg på førehand for alle innspel!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torild Øye

Hei, Du nevner Andreas Christian Rollofs i ditt innlegg. Han er min 2x tippoldefar, og jeg vet følgende om han: Iflg. begravede i Bergen, var har født i Dorth i Holland i 1764/65. (har ikke klart å finne ut hvor i Holland Dorth er) Han ble gift med Cecilia Maria Elholm, og de fikk som jeg vet 5 barn, født fra 1789 - 1798.Ernst Rollofs har jo alder som passer til å være ett av hans barn, hvis ikke han hadde vært født i Amsterdam. Vet heller ikke hvor vanlig Rollofs-navnet er i Holland. Lykke til videre med letingen. Håper å få vite om det, hvis du finner en sammenheng mellom de to. Torild

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Bratland

Wibecke R. Roloff var gift Chr.Slyder som var fetter av en av mine forfedre. Hvor Wibecke døde vet jeg ikke , kanskje døde hun utenfor Norges grenser? I folketellingen 1865 var både Wibecke , Christian og barna deres registrert i Bergen . I folketellingen 1875 var bare to av sønnene deres registret , en som lærling i Bergen og en som urmakerlærling i Ålesund hos sin onkel .Resten av familien var ikke registret i denne tellingen . jeg tror de oppholdt seg uten for Norge . Det samme var tilfelle med Christian`s farfar , hans kone og deres barn under folketellingen i 1801 . Etter ca.et år dukket de oppigjen i Norge (Bergen). Finn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ingjerd van Bruggen

Hei!Dorth er kanskje det som idag kalles Kring van Dorth og ligger i gemeente Gorssel i Gelderland. I 1831 var Dorth et av de stedene som ble lagt under en annen kommune (kommunesammenslåing), og dette skulle da være Gorssel.Gelderland (fylket) ligger øst i Holland, og grenser mot Tyskland. Mulig dette kan være stedet...Hilsen Ingjerd :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg trur at tidi no kan vera komi til å blåsa litt støv av denne saki og gjera ho til ein ''påskenøtt''. Eg er framleis heilt utan spor etter Bertha Rollofs og sønene hennar og vonar at kanskje nye brukarar kan hjelpa meg vidare?Hjarteleg takk for alle nyttige tips og opplysningar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...
Gjest Finn Bratland

Wibecke Randine Rollofs og George Chr.Schlyder hadde tilsammen 8 barn . Den yngste sønnen Alfred Lauritz Christian reiste til USA i 1888.I 1911 giftet han seg i Annandale NSW Australia og bodde i Australia til han dødde i 1953.Etterkommerne hans i Australia opplyser at Wibecke Rollofs døde 24 mars 1976 men hvor vet de ikke.Finn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Finn for nytt spennande innlegg om denne ætti! Eg reknar med dødsåret til Wibecke skal vera 1876 (og ikkje 1976).Elles er det framleis eit uløyst mysterium kvar det vart av dei to brørne, Adrian og Ernst Rollofs, og alle tips om dette er framleis hjarteleg velkomne! Finn me ein eller båe, finn me kanskje òg lagnaden til mor deira?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil i kveld svært gjerne få ta opp att dei delane av dette problemet, som framleis står uløyste:* Bertha (Johannesdotter) Rollofs, fødd i Bergen 4.5.1800, sat i 1835 att som enkje etter Ernst Rollofs, men ser ut til å vera fari frå Bergen noko seinare, for noko dødsfall har so langt ikkje vore mogeleg å finna for ho der i byen.* Adrianus Johan (Ernstson) Rollofs, eldste sonen til Bertha, fødd i Bergen 23.10.1825, har heilt ukjend lagnad.* Ernst (Ernstson) Rollofs, yngste sonen til Bertha, fødd i Bergen 13.10.1833, har likeins heilt ukjend lagnad.Dotteri Wibeche Rollofs (1828-1876) gifte seg med Georg Christian Schlyder og budde stort sett i Bergen (sjølv om dødsstaden hennar aldri har vore funnen).Dotteri Elen Pauline Rollofs (f. 1830) gifte seg med Osmund Hagland i Haugesund, og for å fanga merksemdi til dei som har lokal kunnskap i det området, tek eg opp saki som eige tema.Eg er soleis svært interessert i fleire detaljar om denne huslyden, særleg då om lagnadane til Bertha og dei to sønene hennar, og vonar på nye innspel.Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bjørn for nytt innlegg!Eg har aldri høyrt gjete nokon springar med dette namnet; derimot hadde me springaren Mensen Ernst eller Mons Monsson frå Øyri i Fresvik (1795-1843), som døydde i Egypt. Elles var det òg ein svensk revykonge som heitte Ernst Rolf...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 8 måneder senere...
Gjest Finn Bratland

Hei ! Jeg fant Andrianus Johan komf.18 april 1841 i DK og Wibecke komf. 14 april 1844 i DKMen de to andre kan jeg ikke finne komf. i Bergen.Finn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Finn Bratland

Det er kansje litt seint å komme med nye opplysninger.Wibecke Randine Rollof døde 24 mars 1876 i Kristiansand S Gravlagt 1 april 1876 i Kristiansand.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Finn for spennande innlegg! Nei, det er aldri for seint å komma med gode opplysningar, og med dødsfallet til Wenche, er biografien hennar heilt komplett for mitt føremål!Hadde me berre visst kvar det vart av dei to brørne hennar, Adrianus Johan og Ernst jr...? Er dei kanskje reist ut som sjømenn?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.