Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest Tor Myklebust

[#10998] Enge i Romsdalen

Recommended Posts

Guest Tor Myklebust

I følge eit skifte halde i Nordalen i 1795 skal Sjur Hallkjellsen frå Skarbø på Stranda opphalde seg på garden Enge i Romsdalen. Men eg finn ingen spor etter han i 1801-tellinga. Veit nokon kvar det vart av han.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Geir Eide

Du nevner ikke noen alder på Sjur. Men i Grytten p.g MR finnes det ved ft. 1801 en Sivert Hachelsen 53 år på garden Stokke. Det kan ut fra folketellingen se ut som Stokke er en nabogard til Enge.Mvh. Geir Eide

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Ove Langlo

Etter alderen å døme og opplysningane i Stranda bygdebok III må vel dette passe? Namnet Sjur, som er det same som Sigurd, vart i tidlegare tider ofte ombytt med Sivert.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Arne Solli

I Stranda bygdebok III er Sjur Hallkjellsen Skarbø oppgitt til å vere fødd i 1748. Reknar med at kjelda er kyrkjeboka. Er kjeldene til fødselsår uavhengige skulle 1748 og 53 år i 1801 stemme 100%, så då kan dette vere rett Sjur om der ikkje finst andre kandidatar i Romsdal.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Per Nermo (nermo@online.no)

Gardsnamna Stokke og Enge finn ein óg i Valsøyfjord på Nordmøre, på kvar si sie av fjorden, rett nok.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Tor Myklebust

Takk for god hjelp!Namn og alder tyder på at dette er rett mann.Sjur Halkjellsen hadde ein son utanfor ekteskap med Kari Jonsdtr Gjerde i Norddal: Anders Sjursen født 1790. Eg har problem med å finne ut kvar Anders S. var i 1801. Einaste kandidat hittil er eit fader og moderløst barn i Norddal. Men no viser det seg altså at begge foreldra hans er i live. Ein Anders Sjursen får i 1816 eit barn med Brite Knudsdtr Isflå og dei giftar seg i 1818. Om han heiter det i 1816 at han er frå Enge i Romsdalen men har opphalde seg her (på indre Sunnmøre) i over 10 år.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Jon Samseth

Harkjeld-namnet er seldsynt i Romsdal. Eg kjenner litt til dei lokale tilhøva i indre Romsdal. Sjur Harkjeldson vart i 1802 gift på Valved i Innfjorden. Han hadde då mange barn utanom ekteskap. Valved ligg ikkje så langt frå garden Engen. I bygdebok for Voll står det at han levde 1736-1816. Han hadde truleg ein bror Rasmus som budde på garden Lien ein periode. Lien er nabogarden til Stokke. I tillegg var det truleg ein bror, Harkjeld, på Sylte i Valldal.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Tor Myklebust

Takk til Jon Samseth!I skiftet etter Halkjell Halkjellsen på Sylte i Valldal i 1795 heiter det at han hadde to halvbrør Sjur Halkjellsen Enge i Romsdalen og Rasmus Halkjellsen Stokke i Romsdalen.Anders Sjursen som kjem frå Enge til Indre Sunnmøre ein gong før 1806 døyr på Holmhalsen i Stordal i 1841 51 år gammal. Om han er den tidlegare nemde sonen til Sjur Halkjellsen Enge, må han ha bodd ei stund hos faren i Romsdal. Men han er ikkje hos han i 1801.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.