Gå til innhold
Arkivverket

[#11158] Kvar blei Marte Frantsdatter,frå Hjørundfj. og Peter / Andreas Paulsen vigde?


Gjest Solveig Bjørlykhaug Hånes
 Del

Recommended Posts

Gjest Solveig Bjørlykhaug Hånes

Kan nokon hjelpe meg med å finne ut kvar Marte Fransdatter,( f.1797 på Myrhol i Bondalen,Hjørundfjord)og Peter Andreas Paulsen /(evt. Andreas Paulsen)(Veit ikkje kvar han blei fødd. Han døde i 1835) blei vigde? Dei budde på Engeset, Grytastranda, tidlegare Borgund, no Haram kommune. (sjå fleire detaljer på nr.10383) Mvh Solveig Hånes

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Martin Aarskog

Ifølge bygdeboka for Hjørundfjord ble Marte Frantsdatter (1797-1882) gift 1) 1831 ? med Petter Andreas Paulson Engeset f 1798 i Urvikkråa, Borgund. Gift 2) 1836 med enkemann Lars Karl Torsson Krokset, født Skodjevaag (1804-1869). Siste ektskap finner du i Digitalarkivet som vigde i Borgund 11.7.1836 (nr 633). Lars Karl finn vi også under Britplassen i Skodjevåg, gift 1828 med Brit Torstensdtr. Villa fra Tresfjord ? f 1795.I Urvika/Kråa i Borgund bodde det i det aktuelle tidsrommet både en far og son med navn Pål (Soga om Borgund og Giske), men om noen av disse er far til Petter Andreas vet jeg ikke. Har ikke undersøkt dette i Digitalarkivet. Noe merkelig at Petter Andreas kalles Engeset hvis han er fra Urvika/Kråa i Borgund. Kan han ha vært bosatt i Engesetdalen i Skodje ? og gift der ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Solveig Bjørlykhaug Hånes

Tusen takk for hjelpa, Martin Aarskog! (bror til Åsmund?) Eg har leitt ein god del i Digitalarkivet tidlegare, men har ikkje klart å finne Petter/ Peter under døypte i Borgund. Men kanskje han har eit anna namn..? No veit eg i alle fall at han kom frå Urvikkråa, og ikkje er fødd i Rødsetbakken, slik det kan sjå ut som i bygdeboka frå Grytastranda ( Borgund og Giske). Engeset er ein gard her(fleire gardar).Dei kom hit og overtok garden, men kvar dei var før, veit vi ikkje, heller ikkje kvar dei møtte kvarandre. Så lurer eg på om Petter og Marte Fransdatter og han blei gifte i Hjørundfjord kyrkje, sto det noko om det?Kanskje dette er foreldra til Peter/ Petter? LenkeHer er tidlegare innlegg som gjeld det same, men med ein annan tittel/ og vinkel: Brukarforum/ Arkivforum innlegg nr 10383 Mvh Solveig Bjørlykhaug Hånes

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Martin Aarskog

Hei Solveig !Hjørundfjordboka gir ingen opplysninger om hvor Marte og Peter/Petter ble viet. Har lett etter de under vigde i Ørsta, men uten hell.Ja, jeg er bror til Åsmund. Jeg regner med at du er gift med Helge, i alle fall står det det i mitt slektsarkiv. Helge er jo min firmenning og 'nabo' fra gamle dager. Hils Helge.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Solveig Bjørlykhaug Hånes

Hei, Martin! Ja, eg er gift med Helge. Åsmund og Gunnfrid var her ein tur i haust. Døtrene våre er veninner og. Huskar Åsmund nemde at broren brukte å finne ut av ting i statsarkivet, kanskje vi snakka slekt? Skal helse frå Helge! Artig at du kunne hjelpe meg vidare! Eg bør vel undersøkje i kyrkjebøkene i Hjørundfjord, men eg har halde meg til Digitalarkivet den korte tida eg har studert slekta (byrja i sommar), og det begrensar seg til det som er innkome der.--------------- Faren til Peter Andreas var sannsynlegvis Powel Larssen Jakobs.frå Kaarsen. Ser ut som morfar til Peter Paulsen ( Peder Andersen f.ca. 1729) kom frå Flessie. Mora til Peter Paulsen Johanne, er fødd på Flessie i 1760. Mormora var frå Hafneschar( sikkert Hamneskare i Sula) Hadde vore artig å finne ut kvar Marte og Peter møttest. Kanskje det var på fabrikken i Langevåg? Trur fleire kom dit frå Hjørundfjorden. Kanskje dei sparde pengar til å kjøpe garden på Engeset..? Det er ein lun og fin plass på solsida, utan nordavind, og med svært lite skodde. Mvh Solveig

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.