Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest Lars E. Øyane

[#11282] Georg Fr. Carlsen og Johanna Olsd. Fedt (Solvorn) 1860 til Transvaal, Sør-Afrika

Recommended Posts

Guest Lars E. Øyane

Georg Fredrik Carlsen, fødd i Aker (Christiania) 20.2.1834, mursvein, gifte seg i Bergen 18.3.1860 med enkja Johanna Olsdotter Solvorn, fødd i Hafslo (Luster) i Sogn 22.6.1832, jordmor.Dette paret utvandra i 1860 til Sør-Afrika der dei busette seg hjå misjonær Schreuder i Komati ved Lake Chrissee i Transvaal. Eg reknar med at Johanna virka som jordmor ved misjonen!I samband med eit arveoppgjør i Sogn i 1882 skreiv Georg Carlsen eit brev til skifteretten der det mellom anna går fram at Johanna døydde i barselseng kring 1873 og at han sjølv i 1877 gifte seg att med dotteri til ein engelsk prest. Johanna let etter seg sju born, eitt frå første ekteskapet i Hafslo med Sjur Jensson Solvorn og seks born med Georg Carlsen:* Anna Sophie (Solvorn), fødd i Hafslo (Luster) 28.5.1856, gifte seg før 1882 med ein sakførar Stevens og budde då i Pretoria, Sør-Afrika.* Magdalena Carlson, fødd i Transvaal kring 1862* Margaret Carlson, tvilling, fødd i Transvaal kring 1865, var sjuk(leg?) i 1882* Louise Carlson, tvilling, fødd i Transvaal kring 1865* Emelia Carlson, fødd i Transvaal kring 1868* Hannah Carlson, fødd i Transvaal kring 1870* Fritjof Carlson, fødd i Transvaal kring 1873, var i 1882 på skule i Natal, Sør-AfrikaDette er noko 'tunne' opplysningar å servera i ei bygdebok, og eg lurer difor på om det finst nokon her i Digitalarkivet sitt Debattforum som kan hjelpa meg vidare med utfyllande opplysningar, eventuelt visa til nyttige kjelder? Finst det til dømes noko slag biografiar frå misjonær Schreuder sitt virke ved Lake Chrissee i Transvaal og som fortel om 'staben' hans??Eg takkar på førehand hjarteleg for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Harald Jarl Runde

Kan eg få E-mail adressa di så kan eg hjelpe deg eit stykke på veg. Har vore borti desse folka i samband med studiane mine om sunnmørsk utvandring til Sør-Afrika og Madagaskar. Eg må få litt tid å omrøme meg så skal du du få henvisningar til alle dei kjeldene eg har -.Helsingharun@online.no

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.