Gå til innhold
Arkivverket

[#11478] Ingeborg Johannesdtr. Mjåtveit, f.1867 Meland i Nord Hordland


Gjest Mariann Stokken
 Del

Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

Ovannemnde person gifta seg 1885 med Haldor Haldorsen(son til Haldor Jensen),f.på garden Robertstadnes 1863.Det som eg lurar på, er om same person gifta seg med Gitle O. Gjerde frå Voss, eingong etter 1900?Gitle O. Gjerde døydde i 1945, og enka heitte Ingeborg Gjerde f. Mjåtveit.Er det nokon som veit noko om desse???Mariann

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torleif Odland

Til Mariann.Dersom du søker slekt til Ingeborg Johannesdatter Mjaatveit, som ble gift på Rubbestadneset. Så har jeg omtrent hele hennes slekt. Skulle dette være av interesse, så får du bare sende nett-adressa di til odlando@online.no Mvh Torleif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torleif Odland

Til ditt opprinnelige spørsmål. Jeg har aldri hørt noe om at Ingeborg har giftet seg for andre gang på Voss. Haldor Haldorsen Rubbestad døde i allefall i 1915, men dette må vi nok med noe undersøkelse kunne finne ut av. Det er faktisk flere, i allefall en til med samme navn som er fødd på Mjaatveit omkring samtidig. Mvh Torleif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torleif Odland

Jeg har foretatt en undersøkelse om dette giftermålet til en eventuell Ingeborg Johannesdatter til Voss. Gamle folk(88år) sier at Ingeborg døde på Rubbestadneset som enke. Og som sagt er det en Ingeborg til som jeg selv har forvekslet, kansje hun kom til Voss. Bygdebok for Meland er under arbeid. Mvh Torleif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Hun er ikke å finne i bygdaboka i allefall. Der står det kun 'Haldor, f. 1863, g. Hagavik, Os.' Jeg ser ikke at verken han eller kona kom tilbake til Rubbestadneset.(B I, s. 147) Steinsbø ser ut til å ha fått det meste med seg når det gjelder de av fam. Haldorsen som bodde på Rubbestadneset.Kanskje du burde se hva som sies på Hagavik?mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Eg veit ingen ting om denne Ingeborg, forutan at eg har ein dødsennonse der det står at Gitle Olsen Gjerde(fødd på Voss 23.12.1859-død på Voss 1945), var gift med Ingeborg Gjerde f.Mjåtveit.Eg fann 'Vigde i Meland' her på Dig.ark. og der var det ei Ingeborg Johannesdtr. Mjåtveit, og sidan det kunne-i teotien-passa i alder med Gitle, så var det mogeleg at det var rette Ingeborg.Men det er jo slett ikkje sikkert at ho var frå Meland eingong.....Det hadde vore interessant å fått visst meir om denne dama, særleg no etter at fleire har engasjert seg!Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei Torleif, eg er uviss på kva for ei Ingeborg du spør om, men reknar med at det er ho som gifta seg med Gitle O Gjerde?Henne veit eg fint lite om, berre det som eg har skreve i forrige melding.Men dei må ha gifta seg etter 1900, for Gitle lever som ug. i Bergen i FT 1900.Dei vart ikkje gifte på Voss, iflg. ei som har registrert alle som gifta seg på Voss/bygdene rundt, ho har også leita etter dei blant gifte i Bergen...Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Merkeleg at det lagar slik at eg 'rotar' meg borti slike saker som det er vanskeleg å finna ut av!!!Eg har ringt til Meland kommune, og vart henvist til bygdebok forf. han fann ikkje noko, utanom at Gitle O Gjerde levde som ugift i FT. i Bergen 1912, så har han altså gifta seg etter 1912.Eg har ringt til Statsarkivet, dei fann skiftepapira, men det hjalp ikkje mykje, der stod berre det same som står i dødsannonsa, at ho heitte Ingeborg Gjerde f. Mjåtveit....Så det er vel ikkje så mange andre måtar å finna ut av dette på?? Eller er det nokon som har ein god ide? Hadde eg berre funne dei som gifte, men kvar..Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Torleif Odland

En gammel sak, jeg har alltid trodd at jeg har hatt full oversikt over alt om Mjåtveit i Meland, men en vet jo aldri. Jeg har aldri klart å finne denne Ingeborg som gifter seg Gjerde på Voss. Bygdeboken for Meland nevner heller ingenting om henne.Jeg oppfatter bygdeboken dit hen, at Ingeborg Johannesdtr. døde på Rubbestadneset i 1915. Skulle du ha funnet andre opplysninger om henne,er jeg takksam for svar.Mvh.Torleif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Mariann: Har du lese denne boka, der eg hugsar at mange frå Haldorsen-familien vart rekna opp:http://www.bomlo.folkebibl.no/cgi-bin/websokNo avdøde Sam Svendsen laga i 1995 eit oversyn over Haldorsenslekta, truleg i samband med eit stort slektstemne eg hugsar dei hadde. Han lista visstnok opp heile etterslekta til Jens (må vera farfar til Haldor som drog til Hagavik), så eg antar det må være opptil fleire tusen namn. Eg har dessverre ikkje sett dette hefte. Gifte enka etter Haldor seg oppatt, ville det nok stå der.Så vidt eg veit, bur etterkommarane etter Haldor fortsatt på Hagavik. Eg meinar dei hadde eit industrifirma, som framleis eksisterer; men eg trur det er overtatt av eit stort konsern.Her bur ca. 5 spreke Haldorsen-pensjonistar (den eldste er 85 år og son av Haldor som laga den første skipsmotoren i 1903)på Rubbestadneset i dag. Dei ville kanskje kunna svara på dine spørsmål.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torleif Odland

Da skal vi vell muligens klare å lokalisere henne på Mjåtveit, fødselsåret var meget viktigt.Mvh.Torleif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

I Os-soga frå 1932 finn eg under Askvik at Haldor Haldorsen først kom til Hagavik i 1915 og bygde motorfabrikk der året etter. Tidlegare hadde han arbeidd i Bergen i mange år, både som snekkar, sagmeistar og motorbåtførar. Dei siste åra før 1915 budde han i heimbygda Rubbestadneset og arbeidde på motorfabrikken til slektningane.Han var gift med Ingeborg Johannesdtr Mjåtveit frå Meland (1866-1915). Såleis stemmer det nok at Ingeborg døydde på Rubbestadneset. Ho Ingeborg på Voss kan vel vera ein yngre slektning eller ei som kom frå same garden.Haldor gifta seg forøvrig oppatt i 1921 med Gunda Tellefsen f. 1890 frå Fjære ved Grimstad.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjarte Breistein

Hei Mariann. I Melandboken (bind.2,s.562)står: Ingeborg Maria f.1876,gift med Gitle Gjerde fra Voss,død 1961,bosatt på Voss.Foreldrene hennes var: Mikkel Persson f.1835 på Mjåtveit,d.1917 på Mjåtveit.Gift 1875 med Ingeborg Kristiansdtr.f.1856 på Grasdal i Meland,død 1890 på Mjåtveit.Hviss du vil ha navn på barna så kan du få det også.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei. Eg har i nokre dagar vore utan datamaskin, og har difor ikkje sett at dette gamle innlegget har blitt henta fram...Eg må berre beklaga at eg ikkje skreiv inn og fortalde at saka var løyst.Det som Bjarte Breistein har funne er det eg fann ut og. Men det som var merkeleg var at det vart ikkje funne noko vigsel, hverken på Voss eller Bergen, der dei sannsynlegvis møtte kvarandre...Dette søket var noko eg heldt på med for ei amerikansk dame, og eg har ingen kontakt lenger, og eg trur heller ikkje det har noko meir interesse for henne. Gitle var far(barnet var f.utanf. ektesk.) til ei av hennar formødre, og ekteskapet med Ingeborg var barnlaust.Takkar iallfall for respons!!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Eg minnast akkurat no at det var eg som gav desse opplysningane(det som Bjarte B. hadde funne) til bygdebokforfattaren, avdi han ikkje hadde noko om henne då eg var i kontakt med han.Eg fekk god hjelp av ei hyggeleg dame på Voss til å finna dette ut etterpå. Eg hadde forresten eit eige tema om Gitle Gjerde.Dette vart litt skryt, men kvifor ikkje gå litt imot Jantelova :-) :-)Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.